Nancy Pelosi: «Legitimt» å stille spørsmål til Joe Biden sin helsetilstand

2 days ago 7



– Eg trur det er legitimt å seie: «er dette ei episode eller er det eit helseproblem?», seier Pelosi tysdag til MSNBC.

– Begge kandidatar skuldar oss å bli testa på sin mentale klarleik og si helse, dersom det er ønska. Begge to.

Programleiaren spurde henne om Biden (81) si framferd under presidentdebatten, som har ført til bekymring i Det demokratiske partiet.

Under debatten snubla han fleire gongar over orda sine, mista tråden til nokre argument, og verka å blande saman forskjellige tema.

U.S. President Joe Biden receives a briefing from federal officials on extreme weather at the D.C. Emergency Operations Center in Washington

– Eg veit at eg ikkje er ein ung mann, seier Biden sjølv, men insisterer på at han kan utføre jobben.

Foto: Elizabeth Frantz / Reuters

Pelosi seier ho ikkje har snakka med presidenten sidan debatten, men har høyrt «blanda» tilbakemeldingar om han vil vere i stand til å fortsette.

Nokre er bekymra for kva som vil skje med nominasjonsprosessen dersom han får gjere det, seier ho.

– Andre seier: «Joe er vår mann. Vi elskar han. Vi stolar på han. Han har ein visjon, kunnskap, dømmekraft, integritet». Den andre fyren har ingen av delane.

– Det kjem til å vere opp til Joe Biden kva han synest, seier ho, og er tydeleg om at ho stolar på hans dømmekraft.

Kongressrepresentant ber Biden trekke seg

Det har kome krav frå fleire hald om at Biden trer til side i presidentvalkampen.

Men tysdag er Lloyd Doggett den første politikaren i Det demokratiske partiet til å offentleg be han om å gjere det, melder AFP.

– I motsetnad til Trump, har President Biden sin første prioritet alltid vore landet vårt og ikkje seg sjølv, skriv kongressrepresentanten for Texas i eit utsegn.

Congress Biden

Lloyd Doggett sit i Representanthuset for Texas, og er demokrat.

Foto: Lauren Victoria Burke / AP

Likevel håpar han Biden tek det «vonde og vanskelege valet», og ber han «med respekt» om å trekke seg.

– Eg veit at eg ikkje er ein ung mann, seier Biden sjølv, men insisterer på at han kan utføre jobben.

Fleire andre demokratar har føreslått at Biden-kampanjen bør vurdere ein annan kandidat enn Biden.

– Han må vere ærleg med seg sjølv, sa Mike Quigley til CNN tidlegare tysdag.

Capitol Riot Democrats Danger

Quigley representerer Illinois for demokratane i Representanthuset.

Foto: Alex Brandon / AP

– Det er hans val. Eg vil berre at han skal merke seg kor stor innverknad det har, ikkje berre på hans valkamp, men alle dei andre valkampane i november.

Biden-kampanjen har ikkje enno svart på Reuters sin førespurnad om kommentar.

Prøvar å forsikre støttespelarar

«Pust med nasen» er rådet til Chris Korge, leiar av kampanjen sin nasjonale finanskomité, til partiet sine donorar.

Han sat på telefonen til partiet sine donorar i over ein time på måndag, skriv New York Times, som også deltok digitalt.

New York Times ber på lederplass Joe Biden trekke seg fra neste seg fra presidentvalgkampen.

New York Times bad også i sin leiarartikkel om at president Joe Biden viker for ein annan kandidat.

Foto: Faksimile

Avisa, som sjølv har bede Biden om å gå av i sin leiarartikkel, melder at finanskomitéen er i panikk etter debatten.

Biden skal halde eit møte med guvernørane i partiet på onsdag, for å forsikre dei om at han er i sterk fysisk og psykisk helse, seier Det kvite huset.

I februar kom den årlege helserapporten frå Biden sin eigen lege. Der stod det at han framleis var eigna til teneste.

Publisert 02.07.2024, kl. 19.31 Oppdatert 02.07.2024, kl. 19.55

Read Entire Article