Høg­spenning mellom Hizbollah og Israel

2 days ago 16



Spenninga på grensa mellom Israel og Libanon aukar. I ni månadar har israelske styrkar og den libanesiske militsen Hizbollah angripe kvarandre dagleg.

I dag sa Hizbollah sjølv at dei sende over 200 rakettar mot militære mål nord i Israel og på den syriske Golanhøgda, som Israel okkuperer. Det er eit av dei største angrepa hittil.

– Vi sende 200 missil og 20 dronar mot Israel, sa ein talsperson for Hizbollah til Al Jazeera.

Angrepet var eit svar på tapet av den høgtståande offiseren Muhammad Nimah Nasser, kjent som Hajj Abu Nimah. Han vart drepen i eit israelsk luftangrep sør i Libanon onsdag ettermiddag.

APTOPIX Lebanon Israel Palestinians

Gravferd for Muhammad Nimah Nasser i dag. Hezbollah-krigarar ber kista med offiseren, som vart drepen i eit israelsk luftangrep som trefte bilen hans i går.

Foto: Bilal Hussein / AP

Israelsk militære meinte at Nasser kontrollerte Aziz-eininga, den delen av Hizbollah som sende rakettar frå sørvest i Libanon. Dei skulda han også for å ha stått bak fleire terrorangrep.

Hizbollah sende 100 rakettar mot israelske militære mål same kveld.

Fryktar regional krig

Hizbollah er blant regionens sterkaste kampstyrkar når det gjeld våpen og ressursar, ifølge anslag frå Center for Strategic and International Studies.

Då krigen mellom Israel og Hamas braut ut på Gazastripa i oktober i fjor, markerte det samstundes slutten på ein 17 år lang relativt fredfull periode på grensa mellom Israel og Libanon.

Dei to partane var i full krig i fire dagar sommaren 2006. Krigen braut ut etter at Hizbollah gjekk over grensa, kidnappa to IDF-soldatar og tok dei med inn i Libanon. Krigen sende fleire hundre tusen libanesarar og israelarar på flukt.

Røyksky etter israelske bombeangrep i den libanesiske byen Dayra i dag.

Røyksky etter israelske bombeangrep i den libanesiske byen Dayra i dag.

Foto: KAWNAT HAJU / AFP

Sidan har det vore relativt roleg mellom dei to styrkane, men konflikten blussa opp igjen då krigen i Gaza starta. Hizbollah støttar Hamas.

Om det utviklar seg til ein krig, kan det kan få katastrofale følger, og kan trekke inn Iran og andre allierte grupper, åtvarar FN.

Arabiske, europeiske og amerikanske meklarar pressar no på for å unngå at grensekonflikten spreier seg til ein regional krig.

I dag vart fire personar i byen Haifa nord i Israel, arresterte av israelsk politi då dei deltok i demonstrasjon imot krig. Det var sjette gong israelsk politi bryt opp ein antikrigsdemonstrasjon i byen, og dei brukte vald då dei gjorde det, skriv den israelske avisa Haaretz.

Hizbollah seier sjølv at dei kan og vil kjempe imot Israel heilt til ein våpenkvileavtale er på plass.

Det kan sjå litt lysare no enn det har gjort dei siste månadane, etter at Israel i dag vedtok å sende ein delegasjon til forhandlingar med Hamas, som onsdag la fram eit nytt forslag til våpenkvile:

Brann på begge sider av grensa

Eit synleg teikn på at konflikten mellom Hizbollah og israelske styrker har blussa opp igjen, er skogbrannane som rasar på begge sider av grensa.

Dei daglege angrepa i begge retningar har sett fyr på skogar og åkrar. Torsdag kveld er minst 40 brannsløkkingsgrupper og ti brannfly på plass ved Golanhøgda for å sløkke flammane som spreidde seg etter dagens angrep frå Hizbollah.

Israel Palestinians Lebanon

Brannmenn jobbar for å sløkke flammane nord i Israel og i israelskokkuperte område i dag.

Foto: Gil Eliyahu / AP

I Israel provoserer bileta av flammane i nord. Regjeringas høgreekstreme sikkerheitsminister Itamar Ben-Gvir erklærte i juni at «det er på tide at heile Libanon brenn».

Og sjølv om fleirtalet av israelarar ønsker seg ei internasjonal, diplomatisk løysing på spenninga i nord, er dei også overtydde om at ein krig er uunngåeleg, viser fleire studiar frå det israelske instituttet for sikkerheitsforsking.

Fleire hundre tusen fordrivne

Berre til no har israelske angrep drive nesten 100.000 menneske frå heimane sine nær grensa i Sør-Libanon, skriv CNN. På israelsk side har rundt 53.000 menneske vorte evakuerte frå nordområda.

Reuters rapporterer om drap på rundt 80 sivile libanesarar som følge av israelske angrep.

IDF seier at dei har tatt livet av rundt 300 Hizbollah-krigarar. Dei seier også at ti sivile israelarar og 18 soldatar har vorte drepne på grensa.

Publisert 04.07.2024, kl. 21.47

Read Entire Article