Nabo etter ny hyttebrann på Sulafjellet: – Heilt vanvittig, kva skal eg seie?

5 days ago 10



Trond Fiskerstrand har hytte berre 300-400 meter unna hytta som no er nedbrend. Han er fortvilt.

– Heilt vanvittig, eg veit nesten ikkje kva eg skal seie. Eg er heilt oppgitt, det må vere nokon som har lyst til å bli tatt, seier han.

I fjor fekk han og kona installert overvakingskamera nettopp som følgje av brann i fleire hytter.

For det er ikkje første brannen på Sulafjellet, like utanfor Ålesund.

Dei siste åra har det vore brann i fire hytter og anneks.

Dette har utløyst ein rykteflaum, frykt for nye brannar og stadige nyheitsoppslag i lokal- og rikspresse.

TV2-programmet Åsted Norge har hatt Sulabrannane som tema fleire gonger.

Skilt som viser at politiet videoovervakar området

Det er fleire hyttenaboar som no har installert overvakingskamera.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Såg flammar på fjellet

Den første meldinga om brannen kom inn til naudetatane rundt 02.40 natt til tysdag. Fleire personar såg då flammar oppe på fjellet.

Klokka 04.30 melde politiet at hytta var nedbrent.

Arild Reite, operasjonsleiar i Møre og Romsdal politidistrikt, seier det er for tidleg å seie kva som har skjedd.

– I og med dette var ei ubebudd hytte utan straum og sånne ting, så er jo sjølvsagt ein av hypotesane at det kan vere påsett. Men vi veit ikkje noko om det, seier han.

Brann i hytte på Sulafjellet

Hytta ligg ikkje så langt unna ei av dei andre hyttene som har brunne på Sulafjellet.

Foto: Frederik Winness Ringnes / NRK

Ikkje den første brannen

Politiet har sett dei tidlegare brannane i samanheng og mistenkt at dei var påsett.

Desse sakene blei i fjor lagt vekk på grunn av manglande bevis og gjerningsperson. Men politiet har heile tida sagt at saka kan bli tatt opp igjen, skulle det dukke opp nye spor.

Om også denne brannen kan knytast opp imot dei tidlegare brannane, er for tidleg å seie.

– Vi har ei forhistorie her med mange brannar på Sulafjellet dei siste åra. Det har vore ei etterforsking i samband med dei andre brannane. Etterforskarane vil sjå på om det kan vere ein samanheng, seier Reite.

Blir etterforska utover dagen

Hytta skal ha vore eldre og ubebudd. Brannen skal ikkje ha spreidd seg til terrenget.

Operasjonsleiaren seier vidare at saka blir etterforska utover dagen.

– Vi har vore oppe på fjellet og gjort nokre undersøkingar. Og så blir det etter kvart grundigare undersøkingar med kriminalteknikarar, seier Reite.

Politiet har også vore i område med hund og drone.

– Vi held også på å søke om vi kan sjå folk i terrenget. Per no har vi ingen brannårsak og ingen mistenkte. Det vil bli jobba vidare med saka.

Brann i hytte på Sulafjellet

Foto: Janne Brit Aasen / NRK

Publisert 28.04.2026, kl. 05.00 Oppdatert 28.04.2026, kl. 08.36

Read Entire Article