Mystisk voksfunn i sjøen i Bamble

2 hours ago 4



Det var folk som var i området onsdag som melde frå til kommunen om funnet.

Jan-Olaf Kristoffersen

Jan-Olaf Kristoffersen i IUA.

Foto: Nils Skumsvoll

– Vi veit foreløpig ikkje kva slags voks dette er snakk om, men vi har tatt prøver, seier spesialrådgivar i interkommunalt utval mot akuttforureining i Telemark, Jan-Olaf Kristoffersen.

Utsleppet er observert ved Hydrostranda og Ivarsand i Bamble. Det er også sett fleire kilometer ned til Valle. Kommunen har vore ute med drone for å sjekke kor stort område utsleppet strekker seg, utan å bli klokare.

– Sannsynlegvis kjem voksen frå ein båt som har vaska tankane, seier Kristoffersen, men seier samtidig at det er litt gjetting sidan dei ikkje veit kven som står bak.

Foreløpig er vaksen observert frå Hydrostranda og ned til Valle i Bamble.

Ute med fly

Onsdag ettermiddag var Kystverket ute med fly over Bamblekysten for å undersøke om dei kunne finne meir ut om omfanget av utsleppet.

– Flyet observerte eit kvitt stoff, men flyforholda var ikkje dei beste. Dette kvite stoffet kan lett forvekslast med skum som samlast i vikar og buktar.

Det seier seniorrådgivar i Kystverket, Ingrid Johanne Lauvrak. Truleg skal Kystverket opp med fly over Bamblekysten på fredag, for da ser vêret betre ut.

– Vi veit foreløpig ikkje om dette stoffet er skadeleg for dyrelivet i området, men vi samarbeider tett med kommunen for å undersøke så fort som mogleg, seier Lauvrak.

Kommunen skriv på nettsidene sine at dei oppfordrar folk til å ikkje gå og trakke rundt i områda som er ramma.

Bilde fra Bamble-kysten tatt fra flyet til Kystverket.

Her er Kystverkets fly på vengene over Bamblekysten onsdag ettermiddag.

Foto: Kystverket

Frykteleg trist

Vi møter oppsynsmann Steinar Hansen ved Hydrostranda. Han viser oss klasar av kvite vokskuler som ligg tett i tett.

Steinar Hansen er oppsynsmann på Hydrostranda i Bamble. Han står ved stranden med et hvitt hus og fjell i bakgrunnen.

Steinar Hansen er oppsynsmann ved Hydrostranda i Bamble.

Foto: Fredrik Hansen / NRK

– Dette er eit frykteleg trist syn, og det går ut over miljøet.

Han peikar, og fortel at området ved Hydrostranda er på rundt 1250 mål.

– Stoffet ser ut som isopor, men det er noko voks i det. Det ligg på båtane, brygga og langs badestrendene i området. Det blir eit omfattande oppryddingsarbeid, seier Hansen.

Han seier dei no berre må vente til myndigheitene har undersøkt stoffet nærare, før jobben med å rydde opp kan starte.

Skal rydde opp

Ordførar i Bamble, Jon Pieter Flølo seier kommunen skal gå i gang med oppryddingsarbeidet så fort som mogleg. Statsforvaltaren i Vestfold og Telemark er også informert om saka.

Jon Pieter Flølo

Jon Pieter Flølo er ordførar i Bamble kommune.

Foto: Anne Lognvik

– Det er vårt ansvar å rydde opp, og det kjem vi til å sette i gang omgåande.

Ordføraren oppfordrar hyttefolk og andre til å halde seg unna dei ramma områda.

– Vi veit ikkje heilt kva dette er, det er på veg inn til analysar, så vi ber folk om å ikkje røre dette, seier Flølo.

Hei

Takk for at du les. Har du tips eller innspel til denne saka eller andre ting vi bør skrive om? Send meg gjerne ein e-post!

Publisert 10.10.2024, kl. 14.49 Oppdatert 10.10.2024, kl. 14.54

Read Entire Article