Mor vart utsett for vald på institusjon: – Vondt å tenke på at ho kunne ha vore i live no

4 hours ago 1



– Mor var redd. Berre ho høyrde stemma hennar eller såg henne, søkte ho seg vekk.

Christer Stenerud-Aadland synest det er vondt å tenke på den siste tida mora Grethe hadde.

Slik han og søstera Ida Adele Aadland Matre opplevde, det hadde ein bebuar peikt seg ut mora som eit lett offer.

Måtte sjølv gripe inn

Det som det i alle fall ikkje er tvil om er at Grethe gong på gong vart usett frå åtak frå kvinna, ein medbebuar på institusjonen i Loddefjord i Bergen.

I behandlingssenteret Frida Fasmers Minne sin eigen journal står det om slag, spytting og om at ho vert dytta i bakken.

Christer fortel om at han sjølv måtte gripe inn i valdshendingar mot mora.

Han er særs kritisk til korleis behandlingssenteret handterte situasjonen.

– Dei sa dei skulle sette inn ekstra bemanning. Men det såg vi ikkje noko til.

I oktober i fjor fekk mora Grethe eit brot i lårhalsen etter å ha blitt skubba over ende.

Nokre veker seinare døde ho.

Familien er sikre på at mora vart sterkt svekka av skadane, og at det medverka til at ho berre vart 72 år gamal.

Bilde av kvinne i minnebok.

Grethe vart 72 år gamal.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Eldreomsorga er ikkje budd

Kvar fjerde bebuar på ein sjukeheim eller eit behandlingssenter har opplevd aggresjonshendingar frå medbebuarar. Det viser ny forsking frå Sjukehuset Innlandet.

– Dei fleste hendingar er verbale, men det er og ein god del hendingar med fysisk aggresjon, seier Bjørn Lichtwarck, er overlege og forskar ved AFS Forskningssenter.

Lichtwarck meiner dette er ein veksande utfordring i eldreomsorga fordi stadig fleire bebuarar på sjukeheimane har demens.

Han meiner institusjonane ikkje er budde til å ta seg av bebuarar som utviser aggresjon.

– Dette handlar om politisk vilje. Vilje til å bygge ut eldreomsorga i takt med behovet, og å rekruttere nok kvalifisert personell, seier Lichtwarck.

Eldreforskaren peiker mellom anna på at det er behov for fleire forsterka demensavdelingar, der ein betre kan passe på at bebuarar ikkje skader kvarandre.

Forskar

Bjørn Lichtwarck er forskar og overlege på Sjukehuset Innlandet på Hamar.

Foto: Knut Erik Røsrud / NRK

Manglar forsterka plassar

– Det er trygt å vere pasient på Frida Fasmers. Det seier einingsleiar Linda Pettersen.

Ho kan ikkje uttale seg om denne konkrete saka, då den no er til behandling hjå statsforvaltaren. Men på generelt grunnlag seier ho at aggressive pasientar er særs krevjande å ta vare på.

– Desse pasientane skulle hatt eit høgare omsorgsnivå enn det som Frida Fasmer eigentleg kan tilby, forklarer Pettersen.

Men det er ein mangel på desse plassane i Bergen. Difor vert dei ofte lenge her hos oss.

Behandlingssenteret er tenkt å berre ha pasientar på korte opphald, før dei får faste sjukeheimsplassar eller vert sende heim.

Einingsleiaren seier dette set dei tilsette i ein vanskeleg situasjon, då dei ikkje kan bruke unødig tvang mot pasientane.

– Dei tilsette står i ein emosjonell og etisk skvis mellom pasientar og pårørande. Vi skal ta vare på både den som har utfordrande åtferd, og dei som vert utsette for den.

Bestyrer på sykehjem/behandlingssenter

Linda Pettersen seier behandlingssenteret får stadig større utfordringar med pasientar med tunge pleiebehov.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

– Men er det akseptabelt at pasientar lever i frykt etter gjentekne åtak over tid?

– Nei, det er mogeleg å hindre det. Som regel ved å flytte den aggressive pasienten til ein annan avdeling.

Pettersen seier institusjonen brukte kring 800.000 tusen kroner på ekstra tiltak for å kunne handtere krevjande pasientar i 2025.

Bitre etterlatne

Heime i Bergen vest, ikkje langt frå behandlingssenteret, blar søskena Christer og Ida Adele gjennom minneboka om mora Grethe.

Det er mange gode minner. Men mot slutten av livet hennar er opplevingane vonde.

Dei meiner at Frida Fasmers svikta på fleire måtar. Både behandlinga mora fekk og dialogen med dei pårørande var mangelfull, meiner dei.

Søskenpar i 30-årene

Christer Stenerud-Aadland og syster Ida Adele Aadland Matre trur mora kunne ha levd framleis om ho ikkje hadde blitt innlagd på behandlingssenteret Frida Fasmers Minne i Bergen.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Det mora vart utsett for vart meld til politiet og statsforvaltaren.

Mora hadde fått Alzheimers, men opplevde ei kraftig forverring av tilstanden det halve året ho var bebuar på sjukeheimen i Loddefjord. Både fysisk og mentalt.

– Om vi hadde visst at det skulle bli på denne måten ... då hadde eg heller hatt henne her heime og gjort omsorgsjobben sjølv. Då hadde mamma kanskje framleis vore i live, seier Christer Stenerud-Aadland.

Inngangsparti på sykehjem

Behandlingssenteret Frida Fasmers Minne i Loddefjord har 66 korttidsplassar.

Foto: Oddgeir Berland Øystese / NRK

Publisert 31.03.2026, kl. 22.51

Read Entire Article