Får «robotkrefter» på jobb: Sparer kroppen for seks tonn tunge løft

3 hours ago 1



Hjelpepleiar Wenke Dalseng har løfta tungt i over 40 år.

Men no er ho med og testar det som kan bli framtida i Helse-Noreg. Ho tar på seg ei motorisert drakt for å få hjelp til dei tunge løfta.

– I går brukte eg ho i 2 timar og 18 minutt, stod det på loggen. Og då hadde eg 6051 kilo som eg blei avlasta, fortel hjelpepleiaren.

ansatt viser Ekso-skjelett

Wenke Dalseng viser på ein kollega korleis ho løftar med eksoskjelettet.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

Sjukehuset Østfold er det første i Norden som testar teknologien. Målet er å førebygge belastningsskadar og redusere sjukefråværet.

Og det kan komme godt med.

Muskel- og skjelettplager – som ofte kjem av ugunstige stillingar, tunge løft og gjentakande rørsler – er nemleg den hyppigaste årsaka til sjukefråvær i Noreg.

Tal frå NAV viser at desse lidingane stod for nesten 33 prosent av alle sjukefråværsdagar i 2025.

Wenke Dalseng tester eksoskjelettHjelpepleier tester eksoskjelett

Eksoskjelettet lettar situasjonen for både pasientar og tilsette.

Heidi Gomnæs / NRK

– Vi blir kalla Robocop

Den åtte kilo tunge drakta ser unekteleg noko pussig ut, og enkelte pasientar kommenterer også eksoskjelettet.

– Dei lurer på om eg skal til månen – og det skjønner eg. Vi blir kalla Robocop.

– Men dei forstår at det er ei stor belastning å flytte på ein pasient gong på gong. Men med denne her blir det ein lettare situasjon for begge partar, seier ein lattermild hjelpepleiar.

Anniken Norum, prosjektleder ekso-skjelett

Prosjektleiar Anniken Norum fortel at eksoskjelettet hjelper pleiarane masse.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

Den motoriserte drakta bruker kunstig intelligens og avlastar brukaren med opptil 36 kilo per løft, slik at maskina tar den tyngste støyten.

– Det er kunstig intelligens inni maskina, så alle får delt ut sin eigen PIN-kode. Når ein loggar seg på, så vil maskina kjenne igjen den personen som har ho på seg og det rørslemønsteret personen har, for å gi mest mogleg hjelp, forklarer prosjektleiar Anniken Norum.

I tillegg fungerer maskina som ein rettleiar for kroppen:

– Den analyserer korleis du har brukt han i forhold til om du løftar rett, om du har vridd eller belasta på feil måte.

Hjelpepleier med eksoskjelett

Tunge pasientløft og ugunstige arbeidsstillingar kostar dyrt for helsepersonell.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

– Eg har ikkje vondt

Prosjektleiar Anniken Norum er svært fornøgd med pilotprosjektet, men understrekar at det krev litt innsats å endre vanar.

– Dei som har brukt det mykje og har fått det inn i kvardagen, ser kjempehjelp i det.

– Ulempa er at det er noko nytt som skal inn i ein kvardagsrutine. Du må investere litt tid i starten for å bli godt kjent med utstyret, slik at du kan kle det på deg kjapt nok til at du ønsker å bruke det kvar dag, fortel avdelingsleiaren.

Om det slår inn på sjukefråværet, er det for tidleg å seie noko om, ifølge sjukehuset. Men hjelpepleiaren som ivrig testar det ut, er ikkje i tvil for eigen del.

hjelpepelier tester ekso-skjelett

Målet er å skåne ryggane til pleiarane, og sørgje for at dei kan stå lenger i ein fysisk krevjande jobb.

Foto: Heidi Gomnæs / NRK

– Eg har ikkje vondt! Og eg trur dette er med på å styrke meg.

Snart fyller ho 60 år. Det fortalde ho nyleg til ein pasient som lét seg imponere av eksoskjelettet. Han meinte ho no kunne jobbe til ho blir 100 år.

Hjelpepleiaren er uansett ikkje i tvil om at teknologien fungerer.

– Så lenge eg ikkje får nokon belastningsskadar er det kanskje sant.

Publisert 25.05.2026, kl. 22.08

Read Entire Article