Molde vann 4-1 over Vålerenga: – Heilt fantastisk

1 day ago 3



Eirik Hestad scora allereie etter 12 minutt i kampen mot Vålerenga søndag kveld.

Like før pause var det Magnus Wolff Eikrem som sto for neste mål, før Jalal Abdullai var klar til å legge på like etterpå.

Rett før kampslutt scora Halldor Stenevik det fjerde og siste målet. Då hadde Vålerenga berre kvittert med eitt mål: Brice Ambina i 36. minutt.

– Heilt fantastisk! Vi viser kor gode vi er i dag på vår beste, seier Moldes Oskar Spiten-Nysæter.

mann og fotball

Oskar Spiten-Nysæter blei kåra til den beste spelaren på bana, av TV2 søndag kveld.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

– Eg føler vi spelar betre generelt. Vi jobbar hardt og vinn duellar, legg han til.

Spiten-Nysæter blei kåra til banens beste av TV 2.

– Vålerenga blei kontra i senk. Vålerenga hadde aldri nokon sluttspurt å komme med, lufta gjekk heilt ut av dei, melder TV 2-ekspert Yaw Amankwah.

Molde og Vålerenga ligg på 7. og 8. plass, og det skil dei berre eitt poeng.

pyro

Feiring med pyro i Molde under kampen søndag.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Ingen enkel sesong

Molde FK har ikkje hatt nokon enkel sesong, og nyleg måtte MFK-trenar Per Mathias Høgmo forlate klubben.

Før kveldens kamp hadde MFK ni sigrar etter 23 kampar. 11 av kampane har endt med tap.

Molde hadde berre tre poeng ned til kvalifiseringsplassen før kveldens oppgjer etter at både HamKam og Bryne vann. Etter sigeren klatra dei opp til 30 poeng og 8. plass og er berre poenget bak Vålerenga på plassen over.

Inga overrasking

Molde fekk ein tidlig smell då midtstoppar Birk Risa måtte ut med skade etter ni minutters spel og blei erstatta av Casper Øyvann, men det stansa dei ikkje i jakta på mål.

Det var inga overrasking at Molde skulle vinne. Dei har vunne dei seks siste kampane mot Vålerenga, og dei klarte det denne gangen også under sin midlertidige trenar Magne Hoseth.

– Det er litt annleis, men eg har vore gjennom det med Stabæk før, seier Oskar Spiten Nysæter om trenarspørsmålet.

mann

Magne Hoseth er midlertidig trenar for Molde FK etter at Per Mathias Høgmo nyleg måtte gå av.

Foto: Svein Ove Ekornesvåg / NTB

Publisert 28.09.2025, kl. 21.13 Oppdatert 28.09.2025, kl. 21.54

Read Entire Article