Nylege bilete av bygget og satelittbilete frå 2023 viser at bygget var tydeleg merka med logoen til Raude Halvmåne sett både frå bakkenivå og lufta.
– Angrepet var brutalt og overraskande, seier Raed Al-Nams, talsperson for organisasjonen i Gaza, til NRK.
Det første angrepet trefte overetasjen, deretter første etasje.
Angrepet var målretta mot hovudkvarteret til Røde Halvmåne, seier organisasjonen sjølv.
Foto: Palestinsk Røde Halvmåne (PRCS)Den 51 år gamle hjelpearbeidaren Omar Mansour Islim blei drepen i angrepa. Han etterlet seg sju barn.
Foto: Palestinsk Røde Halvmåne (PRCS)Dette er ikkje det første angrepet på Raude Månes hovudkvarter i Khan Younis.
Foto: Palestinsk Røde Halvmåne (PRCS)
– Medan staben vår evakuerte folk og inspiserte skadane, blei bygget angripe igjen, først andre etasje og deretter første etasje, seier Nebal Farsakh, som også jobbar i organisasjonen.
Ho fortel at dei ikkje fekk noka åtvaring frå Den israelske hæren (IDF) og heller ikkje noka forklaring i etterkant.
– Bygget har fått store skader, men vi skal halde fram med arbeidet vårt så godt vi kan, seier Al-Nams.
Bygget har fått store skader, men vi skal halde fram med arbeidet vårt så godt vi kan, seier Al-Nams, talsperson for Raude Halvmåne i Gaza.
PALESTINSK RAUDE HALVMÅNE (PRCS)NRK har bedt IDF svare på spørsmål om angrepet. Dei seier at dei undersøker saka.
– Ikkje berre ein kollega
Den 51 år gamle sikkerheitsvakta Omar Mansour Islim blei drepen i angrepa. Han etterlet seg sju barn.
– Omar var ikkje berre ein kollega, men ein bror for oss alle. Han var dedikert i oppdraget sitt, sjølv i dei vanskelegaste stundene, seier Al-Nams.
Omar Mansour Islim blei drepen på jobb.
Foto: DEN PALESTINSKE RØDEHALVMÅNE (PRCS)I tillegg blei to andre tilsette skadde, samt ein som kom til for å hjelpe.
29 drepne på jobb
Dette er ikkje det første angrepet på Raude Månes hovudkvarter i Khan Younis.
Bygget ligg like ved Amal-sjukehuset, som også har vore under angrep tidlegare.
51 av Farsakh sine kollegaar i Raude Halvmåne har blitt drepne sidan krigen starta, 29 av dei medan dei jobba, fortel ho.
I mars blei åtte ambulansearbeidarar drepne av IDF då dei prøvde å nå fram til offer for eit israelsk angrep i Rafah. Totalt 15 helsearbeidarar blei funne i ei massegrav etter angrepet.
IDF har sagt at hendinga var ein operasjonell feil.
Helsearbeidarane køyrde i tydeleg merka ambulansar med blålys.
På grunn av dei høge dødstala over kort tid dei siste 22 månadane, har FN omtalt Gaza som verdas farlegaste plass for hjelpearbeidarar.
– Dette er eit klart brot på folkeretten, som skal beskytte våre arbeidarar. Vi held det internasjonale samfunnet ansvarleg for at dette får halde fram, seier Farsakh.
Publisert 03.08.2025, kl. 14.08 Oppdatert 03.08.2025, kl. 14.48