Mista bustaden i brann: – Du blir ein ball i eit system som blir kasta att og fram

1 week ago 9



Vi er veldig usikre på om vi vakna av brannalarmen eller lukta. Eg hugsar at eg hosta, og at det var masse røyk inne på soverommet, seier Cathrine Selvaag.

Men det gjekk nokre sekund, og så hoppa vi begge ut av senga på likt, held ho fram.

3. mai i fjor vakna familien på fire til at huset deira på Finnøy i Rogaland stod i brann.

Brannen hadde starta i garasjen. Inngangspartiet var overtent, og familien måtte komme seg ut.

– Vi møtte Theodor, vår minste, i gangen. Då sa han: Vi må vekke Torleif, altså eldstebror, som var i naborommet. Så gjekk vi inn og henta han, legg ektemannen Frode Selvaag til.

Hell i uhell var at familien hadde gjennomført ei brannøving i forkant.

Når vi går gjennom den natta viser det seg at vi har vore ute på under 60 sekund. Så det har vore ein tryggleik i å ha den øvinga, seier Cathrine.

Boligbrann Finnøy

Slik såg huset ut etter brannen i fjor.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Alle kom uskadd frå brannen, men bustaden var likevel totalskadd, og familien stod no på bar bakke.

– Det siste eg sa til Cathrine før me la oss den kvelden var at eg håpar det ikkje blir noko krøll med forsikringsselskapet, seier Frode.

I konflikt med forsikringsselskapet i over eit år

Det er no over eit år sidan den dramatiske natta i mai. Familien søv dårlegare. Lyden av regn på hustaket kan høyrest ut som gnistar. Dei har blitt vare på lys og lukt.

Huset som brann ned er enda ikkje bygd opp att. I over eit år har dei stått i ei konflikt med forsikringsselskapet sitt.

Frode Selvaag

Frode Selvaag viser fram skadane frå brannen.

Foto: Ole Andreas Bø / NRK

Frode og Cathrine Selvaag meiner nemleg summen dei har fått tildelt frå forsikringsselskapet er alt for låg til å bygge opp at huset sitt slik det var, trass i at det er dette dei har krav på.

Forsikringsselskapet er ueinige. Les heile svaret nedst.

Årsaka handlar hovudsakeleg om ein ting: Skjønn. Ei lite kjent, men svært vanleg ordning, som blir brukt av dei fleste forsikringsselskap i store skadesaker.

Familien seier det er stor skilnad mellom oppgjeret dei har fått tildelt, og prisen på ny bustad. Av omsyn til familien sine ønsker, blir ikkje summen delt i denne saka.

Eit spørsmål om skjønn

Når ein skal bygge opp ein bustad etter brann kan forsikringsselskapet anten velje å dekke kostnadane for ein ny bustad løpande, eller så kan dei nytte skjønn til å fastsette kor mykje ein skal få i erstatning.

Viss forsikringsselskapet eller kunden ønsker at summen skal fastsettast ved skjønn, er det denne ordninga som blir nytta.

Ved skjønn utnemner kunden og forsikringsselskapet kvar sin takstmann. Dei to skal saman komme fram kor mykje det vil koste å bygge opp at bustaden igjen.

Når skjønnet er fastsett, er det ikkje mogleg å få innsyn i korleis takstmennene har kome fram til akkurat den summen.

Det er heller ikkje mogleg å klage viss du er ueinig i summen du får tildelt.

Har problematiske trekk

Magne Strandberg, professor ved Universitetet i Bergen, seier at skjønnsordninga har ein del problematiske trekk, som det har vore liten eller ingen debatt om.

– På eit overordna plan er problemet at ordninga blir brukt til å avgjere store krav, gjerne på fleire millionar kroner, etter ein temmeleg enkel og lite transparent prosess, seier Strandberg.

magne strandberg

Magne Strandberg er professor ved Universitetet i Bergen.

Foto: Universitetet i Bergen

Han seier også at det kan vere eit problem at krava til grunngjevinga i slike saker ofte er uklare samanlikna med det som ofte blir kravd i andre juridiske avgjerder.

Men det mest openberre problemet med ordninga er at partane på førehand må binde seg til å akseptere resultatet, seier han.

– Det er ingen overordna organ ein part kan klage til. Ein kan gå til domstolen viss ein er misfornøgd med skjønnet, men domstolane kan berre prøve om skjønnet er gyldig, held han fram.

Med andre ord: Det er berre mogleg å klage viss det er nokre formelle feil, ikkje om du meiner du har fått ei for låg verdsetting.

Forsikringsselskapet kjenner seg ikkje igjen

Familien involverte etter kvart ein advokat for å finne ut kva dei kunne gjere.

Finnøy 16.07

I juni i år kom familien endeleg i gang med riving.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Vi følte ikkje vi blei høyrt. Vi tenkte at her er det ting som ikkje stemmer, vi er nøydd til å sjekke det opp juridisk. Kan det verkeleg stemme? Kan det verkeleg vere sånn?, seier Frode Selvaag.

Advokaten gav familien bistand, men han fekk likevel ikkje gjort noko med summen dei hadde fått tildelt, som dei framleis meiner er alt for låg.

Forsikringsselskapet Fremtind seier dei ikkje kjenner seg igjen i dette.

– Vi forstår godt at dette har vore ei svært krevjande tid, og vi har prøvd å hjelpe kunden med å gi rettleiing og oppfølging. Det er leitt å høyre at det likevel har vore belastande, seier Daniel Kjelby, som er kommunikasjonsrådgivar for forsikringsselskapet.

en mann i blå skjorte

Daniel Kjelby er kommunikasjonsrådgivar i forsikringsselskapet Fremtind.

Foto: Fremtind

– Vi har gått fleire rundar med skjønnsmennene for å kvalitetssikre at summen er korrekt. Vi kjenner oss derfor ikkje igjen i at summen er for låg.

Kjelby seier at dei meiner usemja stammar frå eit kostnadsoverslag som Selvaag henta inn frå ein leverandør tidleg i prosessen.

– Skjønnsmennene har vurdert utkasta mot kvarandre, og stadfesta at skjønnet er korrekt. Skjønnssummen har også blitt justert etter fleire rundar med innspel frå partane etter dette, skriv han.

– Framleis kan eg kjenne på den bitterheita

Lenge har det nedbrende huset har stått som eit opent sår i gata dei budde i. Familien er oppgitte over prosessen, som dei seier har tatt både tid og krefter.

– Som lekmann stiller du ekstremt dårleg. For dette er jo ikkje noko du normalt sett har noko trening i eller kan noko om, seier Frode Selvaag.

To personer står foran kameraet

– Vi har valt at vi må sjå vidare, seier familien.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Viss det er noko i denne prosessen som har tatt livskvalitet, så er det dette. Det er ganske konkret at huset ditt har brent. Det som har skjedd, klarer du å forhalde deg til.

Men det at du blir ein ball i et system som blir kasta att og fram. Det er ganske tøft å stå i, held han fram.

Men familien har vald å sjå framover. Eit år etter brannen har dei endeleg kome i gang med rivinga av huset.

Dei seier huset ikkje vil ha same standard som det dei hadde, men utsikta til fjorden er den same. Den gler dei seg til å komme heim til.

– Framleis kan eg kjenne på den bitterheita og frustrasjonen rundt forsikringsoppgjeret, seier Frode. Han held fram:

Finnøy 16.07

Alt skal vekk før ein kan starte med å bygge det nye huset.

Foto: Berit Helle Jonsbråten / NRK

Men skal vi fokusere på det? Eller skal vi sjå vidare? Vi har valt at vi må sjå vidare. Men det er klart at du kan fortsette nedi der, og det er øydeleggjande for livskvaliteten.

Publisert 20.09.2025, kl. 20.13

Read Entire Article