Minst 82 personar er daude etter ei gruveulukke nord i Kina. I tillegg er fleire personar sperra inne i gruva.
Det skriv det statleg nyheitsbyrået Xinhua.
Det var ein gasseksplosjon som førte til ulukka, som skjedde fredag kveld.
Det er mykje koldrift i Shanxi-regionen nord i Kina.
Over 200 arbeidarar har hittil vorte henta ut i live, men fleire er framleis sperra inne. Redningsmannskapar jobbar for å henta ut dei som framleis er fanga under bakken.
Kinas president Xi Jinping har kravd at alle tilgjengelege ressursar skal settast inn for å henta ut dei som er sakna. Han krev også ei full etterforsking av ulukka, skriv nyheitsbyrået Xinhua.
Interessert i det som skjer i verda? Høyr utanriksredaksjonens podkast:
Publisert 23.05.2026, kl. 07.57 Oppdatert 23.05.2026, kl. 07.59









English (US)