Måndag 22. september startar rettssaka som kan ende i eit milliardoppgjer.
Totalt 68 vitne og minst 17.000 dokumentsider skal Oslo tingrett gå gjennom på ti veker.
På eine sida står konsulentselskapet Multiconsult. På den andre Sotra Link Construction ANS, som bygger Sotrasambandet mellom Øygarden og Bergen.
Saka gjeld usemje rundt prosjekteringsarbeid Multiconsult har gjort på alle delar av på det nye Sotrasambandet, utanom sjølve Sotrabrua.
BT omtala saka først.
Sotrasambandet vest for Bergen er den største enkeltkontrakten Statens vegvesen har signert nokosinne.
Foto: Statens Vegvesen/Sotra LinkKrev pengar for utført arbeid
For å ta det frå starten.
I 2020 vart Multiconsult hyra inn av Sotra Link Construction. Dei skulle hjelpe til med å vinne konkurransen om å bygge 9,4 kilometer med ny riksveg på Sotrasambandet.
Oppdraget gjekk ut på å kvalitetssikre konkurransegrunnlaget, optimalisere løysingar, gjere mengdeberekningar og gje råd rundt alt frå vegkonstruksjon, grunnarbeid, handtering av vass og avlaup, overvatn, trafikkavvikling med meir, ifølgje Sotra Link.
I mai 2022 fekk Sotra Link oppdraget av Statens vegvesen. Dei samarbeidde vidare med Multiconsult.
Men i juni 2023 ville ikkje selskapet betale for ein faktura frå Multiconsult.
Multiconsult saksøkte då oppdragsgivaren for totalt 172,9 millionar kroner pluss renter. Årsakene er:
- Ubetalte fakturaer.
- Avbestilt arbeid som blir sett ut til andre i staden.
– Vi opplever at Sotra Link opererer med ein kultur og ein del forhold som vi ikkje er vant med frå norske aktørar. Dette vil komme fram i retten, seier Gaute Christensen, kommunikasjonsleiar i Multiconsult, til NRK.
Ei ny bru mellom Drotningsvik og Litle-Sotra er ein hovuddel i det enorme anleggsprosjektet. Konflikten gjeld ikkje bruarbeid, men andre delar av prosjektet.
Foto: Oskar Rennedal / NRKMotkrav nær milliarden
Men Sotra Link er usamd i krava, og kom med eit gigantsøksmål som motsvar. Det ligg no på totalt 957,6 millionar kroner.
– Det er på grunn av element vi meiner at vi ikkje har fått det vi har betalt for, seier viseprosjektleiar Oskar Leirgulen i Sotra Link Construction ANS til NRK.
Oskar Leirgulen i Sotra Link.
Foto: Sotra LinkDette er ankepunkta i motsøksmålet frå Sotra Link, ifølgje sakspapira:
- Multiconsult skal ha gjort ein for dårleg jobb i fleire delar av prosjekteringa.
- Til dømes skal mengdeberekningar av alt frå kantstein til vass og avlaup vere «grov aktlause», og ha ført til økonomiske tap.
- Multiconsult skal ha gått vesentleg over timebudsjettet. Sotra Link vil ha tilbake pengar for nesten 68.000 timar utover det som er budsjettert.
Avviser krav og påstandar
Leirgulen avviser at dei skal ha avbestilt noko arbeid frå motparten.
– Vi har hatt andre leverandørar inne for å sluttføre delar av prosjektet, men det har ikkje vore ei bestilling vi har tatt ut frå Multiconsult, seier Leirgulen.
Vidare er han usamd i at Sotra Link har ein annan kultur enn norske selskap.
– Vi er eit konsortium som består av selskap frå fleire land, men vi støttar oss på norske selskap også, seier Leirgulen.
– Oppkonstruert krav
Multiconsult avviser dei store krava frå oppdragsgjevaren.
Gaute Christensen er pressekontakt i Multiconsult.
Foto: Multiconsult– Kravet er heilt uforståeleg og oppkonstruert for å unndra seg betalingsplikta vi meiner dei har over for oss, seier Christensen.
Multiconsult meiner dei har følgd krav, prosedyrar og krav sett av Sotra Link.
Vidare peikar dei på at ein tilsett i Sotra Link «i betydeleg grad endra metodar, krav og prosedyrar (...) etter at han tiltrådte prosjektet i september 2022». Det meiner dei at Sotra Link sjølv må bere konsekvensane av.
Multiconsult meiner også at dokumentasjonen tilseier at Sotra Link ikkje har lidd noko tap.
– Vi gjer framleis arbeid for prosjektet, men no krev vi førehandsbetalt på arbeidet, seier Christensen.
Byggekontrakten har ein verdi på 19,8 milliardar kroner, og blei signert i mai 2022. Prosjektet skal opna for trafikk i 2027.
Foto: Oskar Rennedal / NRKVil helst unngå rettssak
Begge partane seier dei helst ville ha funne ei løysing utanfor rettssystemet.
– Slik situasjonen er no, ser vi fram til å legge fram argument og bevis for retten og få avslutta ei keisam sak, seier Christensen.
Leirgulen i Sotra Link meiner det er uheldig at det no går mot ein rettssak.
– Vi har vore innstilt på å kunne gå i forhandlingar med Multiconsult frå starten av, og betale ein rimeleg sum i samsvar med det som er levert og den framdrifta som er gitt, men vi har ikkje komme nokon veg med dei utspela, seier viseprosjektleiaren.
Frå 2027 blir det to bruer mellom Bergen og Øygarden.
Foto: Sotra LinkPåverkar ikkje framdrifta
Statens vegvesen er byggherre for Sotrasambandet, men blandar seg ikkje inn i konflikten med Multiconsult.
– Vi er ikkje part i denne rettssaka. Det som er vårt ansvar, er når Sotra Link Construction vel å byte ut Multiconsult med ein annan prosjektør, skal det skje på ein spesiell måte for at vi skal godkjenne det. Det har dei gjort slik dei skal, seier Lene Sælen Rivenes, Statens vegvesens prosjektleiar for Sotrasambandet til NRK.
Lene Sælen Rivenes i Statens vegvesen.
Foto: Statens vegvesenHo kjenner ikkje til at konflikten har påverka framdrift eller kostnad for Sotrasambandet.
– Vi ligg føre på nokre område, litt bak på nokre område, men målet er framleis 1. juni 2027 for riksvegen.
Publisert 22.09.2025, kl. 05.33