Barne- og ungdomsavdelinga ved Helse Førde behandlar barn med alt frå kreft til nevrologiske sjukdommar, hjernehinnebetennelse, epilepsi og hovudskadar.
Sjukdommar som fører til lange sjukehusopphald. Ikkje berre for det sjuke barnet, men for heile familien.
Men då det nye sjukehuset i Førde vart opna i august i år hadde alle sengepostane fått nytt pårøranderom, unnateke barneavdelinga.
– Det er veldig merkeleg at dei ikkje har tenkt på den biten, seier Mika Mattson.
Det siste året har Mika, sambuaren, og barna Minea (3) og Maiken (1) vore meir enn tre månader på ulike sjukehus.
Maiken fekk kort tid etter fødsel ein alvorleg type spedbarnsepilepsi som gjer at ho får hyppige, ukontrollerte spasmar.
I tillegg til sjukehuset i Førde har turen gått til Rikshospitalet i Oslo, Haukeland i Bergen og Spesialsjukehuset for epilepsi i Bærum – for utgreiing og oppfølging.
Alle har pårøranderom eller opphaldsrom på avdelinga.
Å ha tilgang til eit pårøranderom, i kort avstand, er avgjerande når ein er lenge borte, meiner Mika.
– Det er så viktig for å kunne hente seg inn igjen. Ta ein kaffi eller snakke med andre. Berre det å kome seg ut av pasientrommet litt. Det er også eit bra rom å ha når ein får tøffe beskjedar frå lege eller sjukepleiar.
Førre jul måtte familien vere på sjukehuset i Førde.
Får kritikk
Få veker etter opninga får sjukehusleiinga i Førde kritikk for romløysinga ved det nye sjukehuset, og manglande tilbod til foreldre til barn med alvorlege sjukdommar.
Pasientombodet skriv i eit brev til sjukehusleiinga at dei er gjort kjende med at barneavdelinga ikkje skal ha eige pårøranderom, og at «rommet som kunne vere aktuelt for dette, skal nyttast til pauserom for dei tilsette på Kvinneklinikken».
– Dette er familiar som har det veldig tøft i utgangspunktet. Vi snakkar særleg om barn som er alvorleg sjuke, og som har behov for å vere ved avdelinga lenge, seier pasient- og brukarombod i Vestland, Ingrid Aanderud Sælen.
Ho ser likskap mellom denne saka og TV-aksjonen for 2024. Der går pengane til familiehus for barn med alvorleg sjukdom, som skal sikre at familiar kan leve mest mogleg «normale» liv, i ein ekstraordinær situasjon.
– Som pårørande til eit barn er ein ofte til stades på sjukehuset døgnet rundt. Då treng dei ein stad kor dei kan ta imot besøk eller snakke med andre i same situasjon i ro og fred, utan at dei må oppsøke kantina.
Behovet til foreldra er også heimla i lov, under «forskrift om barns opphald i helseinstitusjon»:
«Det er ofte ei stor belastning for foreldre å ha barn innlagt i institusjon og å vere hos dei under opphaldet. Difor er det viktig at foreldra har tilgang på eit opphaldsrom kor dei kan vere litt aleine, kvile ut osv.»
Etablerte andre stadar
Ved andre avdelingar på det nye sjukehuset i Førde har pårøranderom blitt etablerte. Det gjeld mellom anna på medisinsk sengepost, ortopedisk og geriatrisk sengepost, kreft og kirurgi – og nevrologi og rehabilitering.
Men altså ikkje på den nye Kvinneklinikken, som består av føde-, barsel- og barneavdeling.
Det finst heller ingen kantiner i det nye bygget. For å kome til hovudkantina må pasientar over til det gamle bygget, som i tillegg ligg i ei anna etasje.
Tidlegare, i det gamle sjukehusbygget, hadde pårørande tilgang til eit ganske stort pårøranderom. Dette rommet blir i dag nytta som møterom.
Ulike helseføretak har ulik tilnærming til om det skal byggast pårøranderom i samband med nye byggeprosjekt.
- Ved nye Hammerfest sjukehus er det til dømes ikkje lagt opp til eige pårøranderom ved barne- og ungdomseininga, får NRK opplyst.
- Ved det nye, planlagde Sjukehuset Normøre og Romsdal kjem det til å kome pårøranderom på avdelinga.
- Også ved det nye sjukehuset i Stavanger er det lagt opp til opphaldsrom/spiserom på barneavdelinga.
- I Drammen er det også planlagd nytt sjukehus. Her er det lagt opp til opphaldsrom med tekjøkken og sofa i tilknyting til avdelinga som pårørande også har tilgang til.
Haugesund sjukehus har ikkje eige pårøranderom på avdelinga i dag, men det er planlagt eige rom i den nye barneavdelinga som er planlagt ferdig i 2026.
NRK stilte helseminister Jan Christian Vestre (Ap) spørsmål om det er uproblematisk at enkelte nye sjukehus har pårøranderom, medan andre ikkje har det. Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) svarte:
– Dei nye sjukehusa som blir planlagde og bygde må forhalde seg til forskrifta om borns opphald i institusjon, og vårt inntrykk er at prosjekta i langt større grad tek omsyn til born og foreldra sine behov enn det dei gamle bygga la opp til.
– Bygd for lite
Føretakstillitsvald Lena Thorsnes i Norsk Sykepleierforbund seier dette har blitt ei viktig sak for tilsette ved barneavdelinga i Førde.
Ho fortel at allereie kort tid etter opninga har fleire foreldre spurt om det finst ei stove eller opphaldsrom kor dei kan sitte.
– Slik som det er no nyttar dei kantina, elles held dei til på rommet gjennom dagane.
Ho har samstundes forståing for at tilsette på Kvinneklinikken helst vil ha dei romma dei har behov for i nærleiken, for å spare tid og ressursar.
– Spørsmålet vi stiller oss er om vi har bygd for lite.
Forsvarar tilbodet
Leiinga ved sjukehuset seier tilbodet til pasientane ved alle avdelingane no er blitt betre, ettersom det er lagt opp til einsengsrom med seng for pårørande.
I svarbrevet til Pasient- og brukerombudet blir det vist til at «spørsmålet om pårøranderom var oppe til diskusjon fleire gongar.»
Administrerande direktør i Helse Førde, Arve Varden, skriv at barneavdelinga er slått saman med Kvinneklinikken sin nye sengepost som gjer at det har vore «naudsynt med prioriteringsvurderingar».
– Så då er det sjølve samanslåinga som gjer at det blir plassmangel?
– Ja, det kan du på ein måte seie i forhold til at vi har vore heilt opne på at når vi flytta inn i bygget, så skulle vi ta ned sengetalet ved Førde sentralsjukehus, seier Varden til NRK.
Han viser til at heile flytteprosessen skal evaluerast fram mot jul, og at dette kan vere ei sak dei må sjå nærare på.
Årsaka til at det var plass til pårøranderom på dei andre avdelingane var at dei vart planlagde på ein annan måte, under eit anna prosjekt.
– Det var i dette prosjektet ikkje same grad av kompleksitet i prioritering av areal, og i desse etasjane fekk vi heldigvis til å prioritere pasient- og pårørandestove, skriv Varden.
Pasientombodet er ikkje nøgd med svaret.
– Ein har prioritert at dei tilsette ved Kvinneklinikken skal få eit pauserom. Det har gått på kostnad av pårøranderommet til barneavdelinga. Det er vanskeleg å forstå.
Publisert 03.11.2024, kl. 17.27