Middelhavs­varme på veg – her kan det bli opp mot 30 grader

1 month ago 20



Frå torsdag blir store delar av Sør-Noreg liggande i eit høgtrykk, med varm luft sørfrå.

– Det vil gi temperaturar over 25 grader mange stader, og kanskje høgare. Det kan bli rekord, seier statsmeteorolog Eldbjørg Moxnes.

Det blir varmast på Austlandet og dei sørlege delane av Vestlandet, særleg Rogaland og delar av gamle Hordaland.

Den høgaste temperaturen som er målt i Noreg i september, er 28,6 grader. Rekorden blei sett i Drammen i 2021.

Frå nedbørsrekordar til strålande sol og varme

Kontrastane er dermed store frå august til september, og kjem nok godt med for mange.

Førre månad var våt fleire stader i Sør-Noreg, og spesielt på Vestlandet. Fleire nedbørsrekordar stod for fall.

I Bergen kom det 473,4 millimeter nedbør i august. Den førre rekorden var 399,6 millimeter.

Nedbørsrekordar i august 2024

Illustrasjonen viser stasjonar med nye nedbørsrekordar i august. Gamal rekord står på høgre sida.

Illustrasjon: Meteorologisk institutt

Finvêret som kjem til Sør-Noreg torsdag, held seg ut veka. Og det kan vera verdt å nyta det.

– Frå neste veke blir det nok litt meir nedbør og kaldare, ifølgje statsmetorologen.

– Så det er ikkje grunn for å forventa ein ekstra god september, for dei som opplevde august som trasig?

– Det er nok litt for tidleg å seia noko om det. Det er i alle fall ein uvanleg varm start på september.

Publisert 03.09.2024, kl. 09.45 Oppdatert 03.09.2024, kl. 09.57

Read Entire Article