Mia (19) mot kunstløpsensasjon – kan bryte norsk OL-barriere

1 week ago 14



– Det kunne nesten ikkje gått betre. Eg er veldig fornøgd med poengfangsten, og det er min beste poengsum nokosinne. Det gir mykje motivasjon, seier Gomez sjølv til NRK.

Den 19 år gamle kunstløparen konkurrerer om å bli topp fem under OL-kvalifiseringa i Beijing. Ho står med 59,30 poeng, noko som er berre 0,07 poeng bak den viktige femteplassen. Dermed ligg ho på ein sjetteplass før friløpet laurdag – éi plassering unna.

Greier ho det, er ho klar for dei olympiske leikane i Italia neste år.

– Det er ein draum eg har hatt sidan eg har hatt sidan eg var liten. Det hadde vore heilt fantastisk. Eg prøver å ikkje legge press på meg sjølv, men eg har alltid hatt lyst til å nå OL, seier ho.

Eit perfekt løp

Gomez imponerte med personleg rekord i kortprogrammet fredag. Det bringar eit OL-håp hos tidlegare kunstløpar Camilla Gjersem.

– Ho hadde eit perfekt løp i mine auge, så bra som ho kunne gå. Det er imponerande at ho fekk til det med tanke på presset som følger med i ei OL-kvalifisering, seier Gjersem.

Gomez er einig i at ho var på sitt aller beste i løpet.

Hovudet var ordentleg på plass, og alle hoppa sett. Eg klarte å halde fokus gjennom heile løpet, og det er noko av det beste eg har gjort, seier 19-åringen.

Gjersem er som nemnt sjølv tidlegare kunstløpar og deltok i «Mesternes mester» førre sesong. Nå sit ho som visepresident i Norges Skøyteforbund.

– Det er veldig tett mellom utøvarane, men ho har posisjonert seg godt og er med i kampen laurdag.

Friløpet startar laurdag ettermiddag norsk tid, og er den øvinga Gomez har levert best resultat i denne sesongen.

Nå handlar det om å førebu seg best mogleg, fortel ho.

– Eg skal prøve å fokusere på meg og kva eg kan kontrollere og gjere. Eg skal ut og gjere det beste friløpet eg kan gjere. Eg veit kva eg har gjort på trening og kor høgt potensialet er, seier Gomez.

Camilla Gjersem, portrett i Mesternes mester-trøye

IMPONERT: Tidlegare kunstløpar Camilla Gjersem hyllar 19 år gamle Mia Risa Gomez.

Foto: Alice Asplund

– Ekstremt imponerande

Gjersem rosar kva 19-åringen har fått til.

– Det er ikkje anna enn ekstremt imponerande, seier ho og fortset:

Leverer ho som ho gjer på trening så håpar eg og trur eg det skal halde. Eg kryssar fingrane for at ho tar med seg same mentalitet og ro inn i friløpet.

19-åringen oppnådde si største bragd under EM tidlegare i år.

161,71 poeng totalt heldt til ein tolvteplass – det beste norske resultatet i EM sidan Sonja Henie var aktiv for snart 90 år sidan.

en mann som står på en skinne

IKON: Sonja Henie blir av mange rekna som det største ikonet innan kunstløp i Noreg.

Foto: NTB / NTB

Gomez innrømmer at det ligg eit visst press på skuldrene hennar før OL.

– Eg veit det er litt press, sidan eg er den einaste frå Noreg som kan klare det nå. Samtidig trur eg ikkje forventningane er høge, fordi mange veit kor tøft det er å klare det. Men eg har sjølvsagt lyst til å få det til for Noreg, seier ho.

Tolv år sidan sist

Førre gong ein norsk kunstløpar deltok i OL var i Sotsji i 2014. Det var Anne Line Gjersem som klarte bragda. Ho er elles tvillingsøstera til Camilla Gjersem. Anne Line var også første norske kunstløpar under dei olympiske leikane på femti år.

Nå kan ein ny norsk utøvar delta i den gjævaste meisterskapen, dersom Gomez klarer å kvalifisere seg denne helga. Dette er også siste moglegheit.

en person på skøyter

OL-HÅP: Mia Risa Gomez kan nå OL dersom ho klatrar éin plass på resultatlista i Beijing.

Foto: WANG ZHAO / AFP / NTB

– Kunstløp er ein stor internasjonal idrett og det er vanskeleg å nå igjennom. Det viser berre at ho er utøvar på høgt nivå og er imponerande kva ho får til, seier Camilla Gjersem.

– Eg veit at ho har kvalitetane for å lykkast. Eg håpar det går og at vi får sjå henne i Cortina.

Samboeren i sjokk etter finaletapet 00:57

Publisert 20.09.2025, kl. 11.14 Oppdatert 20.09.2025, kl. 11.43

Read Entire Article