Equinor får halde fram å bygge ut havvindanlegget Empire Wind utanfor New York inntil vidare.
Det har ein amerikansk domstol torsdag kveld slått fast.
Like før jul fekk Equinor ein ny stoppordre frå Trump-administrasjonen, som meinte vindturbinane trua nasjonal sikkerheit ved å stå i vegen for det amerikanske forsvaret sine radarar.
Avgjerda er eit såkalla mellombels tiltak, som betyr at Equinor får fortsette å bygge fram til stoppordren skal opp til behandling i retten. Altså kan det framleis bety at Equinor ikkje får bygge prosjektet ferdig.
Vindmølleparken er allereie 60 prosent ferdigstilt, og skal forsyne 500.000 husstandar i New York med straum. Den skal etter planen stå klar neste år.
Det danske vindkraftselskapet Ørested fekk måndag denne veka same avgjerd, som gjer at også dei får halde fram å bygge ut Revolution Wind utanfor Rhode Island.











English (US)