Fire palestinarar i same familie blei laurdag skotne og drepne av israelske styrkar på den okkuperte Vestbreidda sundag, melder nyheitsbyrået AFP.
Foreldre og to gutar på fem og sju år sat i bilen sin i byen Tammun nord på Vestbreidda då israelske soldatar opna eld, ifølge det palestinske helsedepartementet.
To barn drepne
Ifølge det palestinske helsedepartementet blei faren skoten i hovudet, brystet og venstre arm, medan dei andre vart skotne i hovudet, skriv Times of Israel.
To barn i familien blei skadde av splintar, men overlevde, ifølge BBC.
Kartet viser byen Tammun der den palestinske familien blei drepne av israelske styrkar. Israel seier dei skal undersøke hendinga.
Dei overlevande barna er åtte og 11 år, skriv avisa.
– Sonen min tok med kona og barna for å kjøpe klede til Eid. Seinare fekk eg vite at dei blei drepne, seier bestemora ti til Associated Press.
Bestemora seier familien var sivile og ikkje bar våpen eller deltok i kamp mot israelske styrkar.
Sundag viser bilete frå gravferda familiemedlemmer som sørger over dei døde.
Dei to overlevande barna deltek i gravferda, den eine med synlege skadar på det eine auge.
Israel seier dei skal undersøke hendinga
Det israelske militæret (IDF) seier at soldatar opna eld etter at ein bil køyrde mot styrkane under ein operasjon.
– Ein bil akselererte mot styrkane, som oppfatta ein straks trussel mot tryggleiken sin og svara med skyting, heiter det i ei felles fråsegn frå militæret og politiet.
Militæret opplyser at fire palestinarar i bilen blei drepne, og at hendinga no blir undersøkt.
Ein sørgande ber kroppen til eit barn under gravferda til ein palestinsk familie i Tammun.
Foto: Mohamad Torokman / REUTERS,NTBDen palestinske Raude Halvmåne seier redningsmannskap fann dei fire døde i bilen.
Ifølge organisasjonen blei ambulansepersonell fyrst hindra av israelske styrkar i å nå fram til dei skadde i bilen og beordra dei bort frå området, melder BBC.
Økt vald på Vestbreidda etter 7. oktober
Minst 1045 palestinarar drepne på Vestbreidda sidan oktober 2023 av israelske soldatar eller busetjarar, ifølge palestinske helsetal.
Ifølge israelske seier på si side at 45 israelarar, både soldatar og sivile, er drepne i palestinske angrep eller under israelske aksjonar i same periode.
Israelske soldatar går føre rivninga av eit palestinsk hus i Dura på den israelskokkuperte Vestbreidda 14. mars 2026. Ifølge Israel skulle dei rive huset til ein terrorist.
Foto: Mussa Qawasma / REUTERS,NTBDet bur rundt 3 millionar palestinarar på den okkuperte Vestbreidda.
Samstundes bur over 500.000 israelarar i busetingar i området.
Desse busetingane blir rekna som ulovlege etter folkeretten.
FN åtvarar om utviklinga på Vestbreidda
Valden på Vestbreidda har frå før av auka kraftig sidan angrepet frå Hamas på Israel 7. oktober 2023 og den etterfølgande krigen i Gaza.
Store delar av Vestbreidda har vore under strenge reiserestriksjonar på kor folk kan reise sidan krigen mellom USA, Israel og Iran braut ut 28. februar, ifølge FN.
I ein FN-rapport blir det peikt på systematisk ulovleg maktbruk frå israelske styrkar på Vestbreidda, med omfattande vilkårlege arrestasjonar og mishandling av palestinarar i fangenskap, og riving av palestinske heimar.
Tidlegare i år fordømte utanriksministrane frå 20 land, mellom anna Noreg, nye israelske avgjerder som utvidar Israels kontroll over den okkuperte Vestbreidda.
Interessert i meir utanriks? Lytt til denne podkasten:
Publisert 15.03.2026, kl. 15.30














English (US)