Melde frå om valdtekt nær 30 år etter – no er mannen frikjend

1 month ago 28



Medan fagdommaren meinte det ikkje var tvil om at det hadde funne stad ein grov valdtekt den natta, meinte dei to meddommarane at det var tvil om kva som eigentleg hadde skjedd.

Usikkerheitsmomenta var for mange og for store til at det var forsvarleg å sjå vekk ifrå dei, meinte fleirtalet.

Dermed vart mannen i 50-åra frikjend for valdtekt.

– Eg er sjokkert, og sjølvsagd veldig overraska over denne dommen. Eg vil sjølvsagt at den skal ankast, skriv den fornærma kvinna til NRK.

Melde mannen etter nær 30 år

Den fornærma kvinna har tidlegare fortald NRK at mannen truga ho på livet og valdtok ho ei vinternatt i 1995.

Ho har tidlegare fortald NRK om at mannen, som då var ein ven av ho, held ein kniv mot hovudet hennar og slo ho gjentatte gonger.

Då ho kort tid etter hendinga gjekk til politiet, torde ho ikkje oppgje namnet på mannen, har ho forklart.

Men då mannen nær 30 år seinare byrja å sende meldingar til ho, gjekk ho til politiet igjen.

Dei oppmoda ho om å melde hendinga, noko ho gjorde.

I januar 2024 tok statsadvokaten ut tiltale mot mannen, som no er frikjend.

– Eg vart svikta av politiet i 1995, og kjenner meg svikta på nytt i 2024.

Hordaland tingrett Bergen

Mannen vart frikjend i Hordaland tingrett. No har påtalemakta to veker på seg til å avgjere om dei vil anke saka.

Foto: Simon Skjelvik Brandseth / NRK

Letta over frikjenninga

Den no frikjende mannen har i retten forklart at han vart lamslått då han vart konfrontert med skuldinga, og meinte den ikkje har rot i verkelegheita.

Mannens forsvarar, Erik Johan Mjelde, seier mannen no er letta over dommen.

– Me har ikkje gått gjennom dommen i detalj, men umiddelbart er han sjølvsagt enormt letta og glad, etter å ha hatt denne saka hengande over seg i lang tid. Han håpar han kan legge dette marerittet bak seg.

Påtalemakta har no to veker på å avgjere om dei ønskjer å anke saka.

Det har ikkje lukkast NRK å få ein kommentar frå statsadvokat Kristine Hennebrøden.

Advokat Erik Johan Mjelde

Mannen er letta over dommen, seier forsvarar Erik Johan Mjelde.

Foto: Synne Lykkebø Hafsaas / NRK

Publisert 05.09.2024, kl. 21.16 Oppdatert 05.09.2024, kl. 21.20

Read Entire Article