Meiner planen blir bevis for folkemord i Gaza

1 day ago 6



– Eg var ikkje overraska over at planen om å okkupere Gaza blei godkjend. I hovudsak fordi styresmaktene har sagt gjentatte gongar at dei vil gjere det.

Det seier den israelske analytikaren Ori Goldberg til NRK.

Denne veka blei statsminister Benjamin Netanyahus plan om å okkupere Gaza by, godkjend av sikkerheitskabinettet. Like før sa Netanyahu at målet på sikt er å okkupere heile Gazastripa.

Planen inneber at tilnærma ein million palestinarar i nord må flykte til leirar lenger sør, før militæret skal omleire Gaza by og gjennomføre det dei kallar ein bakkeoperasjon der.

  • Ein mann med lite hår og skjegg, blå skjorte på seg, øyreringar og AirPods i øyrene.

    Ori Goldberg

    Israelsk politisk analytikar og tidlegare universitetsprofessor

– Dette er første gong den israelske regjeringa offisielt har godkjent planar som utgjer ei lang liste av krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta. Dette er eit offisielt dokument, seier han.

Viss og når det blir halde rettssaker mot Israels leiarar for krigen, vil denne planen vere eit bevis for folkemord, meiner Goldberg.

– Israelske tenestepersonar har heile tida sagt at ein ikkje kan skulde Israel for folkemord fordi det ikkje finst nokon systematisk plan. Vel, dette er ein systematisk plan for folkemord.

Goldberg har sidan starten av krigen møtt motstand i Israel for å ha vore kritisk til landets framgang i Gaza. Han har uttrykt at regjeringa sin strategi driv landet i ei meir radikal og konfliktdriven retning.

NRK har forsøkt å få den israelske ambassaden og Netanyahus kontor i tale, utan hell.

Bit for bit

Målet med planen er offisielt å reinske Gaza by for Hamas. Verken Netanyahu eller sikkerheitskabinettet bruker ordet «okkupasjon».

I staden snakkar dei om å «ta kontroll over» Gaza by, på midlertidig basis.

Historikar Marte Heian-Engdal meiner vi må passe oss for å tolke Netanyahu sine enkeltutsegn utan å sette dei i samanheng.

  • Ei kvinne i rød jakke med armane i kors ser rett inn i kamera.

    Marte Heian-Engdal

    Historikar og Midtausten-vitar, tidlegare adm. dir. for NOREF Senter for internasjonal konfliktløysing

– Etter ein så lang krig, kan vi ikkje tru på han når han seier det berre er snakk om Nord-Gaza, og berre for ein periode. Vi må bruke alt vi har av empiri, seier ho.

Ho viser til korleis Israel i starten av krigen sa dei måtte gå inn i Nord-Gaza og difor fordreiv palestinarar frå nord til sør, før dei like etter gjekk inn i Sør-Gaza og fordreiv palestinarane derifrå igjen.

– Viss dei no går inn i nord og utraderer det heilt, kvifor skal vi tru på at dei denne gongen held seg unna dei andre delane? Til slutt er det ingen plass å dra, seier Heian-Engdal.

to gutter som står i en ruinhaug

Gaza by fredag 8. august.

Foto: Mahmoud Issa / Reuters / NTB

– Israel har vist at om ein deler ting opp i mindre bitar, får ein det lettare som ein vil, legg ho til.

FNs kontor for menneskerettar har tidlegare sagt at Israel øydelegg områda dei evakuerer i så stor grad at dei blir umoglege å vende tilbake til, og at evakueringsordrane difor i praksis er fordrivingsordrar.

Også på Vestbreidda blir palestinarane fordrivne, landsby for landsby:

Intern splid

Planen som blei godkjent i sikkerheitskabinettet denne veka, har blitt fordømt av land i vest, aust, nord og sør.

Også innanfrå i Israel er motstanden stor.

Den israelske avisa Haaretz skriv om splid i etterretningsleiinga, og kritikk både frå medlemmar av sikkerheitskabinettet sjølv og frå sjefen for generalstaben.

Ordskiftet fokuserer elles på det innanrikspolitiske aspektet, ifølge Goldberg.

Benjamin Netanyahu i dress og slips

Israels statsminister Benjamin Netanyahu.

Foto: Ronen Zvulun / Reuters / NTB

– Veldig få kallar det krigsbrotsverk, men heller ein siger for ytre høgre. Men jo meir dei framstiller dette som ein intern maktkamp, jo mindre snakkar dei om folkemordet, seier han.

Han trur dei fleste israelarar støttar rasjonalet bak det han kallar folkemordspolitikken, fordi dei ikkje trur det finst noko anna løysing.

– Dei trur at øydelegginga av Gaza, og palestinarane som vel å bli der, betyr øydelegginga av Hamas. Difor tviler eg på at denne motstanden blir omsett til motstand mot å gjennomføre planen militært, seier Goldberg.

Interessert i utanriksstoff? Høyr redaksjonens ferskaste radiosending:

Publisert 09.08.2025, kl. 15.44

Read Entire Article