Meiner kommunane druknar i regelkaos: – Må gå i oss sjølve

2 weeks ago 18



– Vi er nøydde til å rydde opp i mylderet av lovar, pålegg, forskrifter og krav som Stortinget gjennom mange år har pålagt norske kommunar, seier leiar i kommunalkomiteen Lene Vågslid til NRK.

I tospann med leiar i finanskomiteen, Tuva Moflag, inviterer ho resten av Stortinget til «tverrpolitisk sjølvransaking».

– Vi må gå i oss sjølve, seier ho.

Lene Vågslid og Tuva Moflag.

REGELKAOS: Ap-toppane Lene Vågslid og Tuva Moflag vil rydde opp i skogen av reglar og pålegg i kommunane.

Foto: Mats Rønning / NRK

– Kva har Ap gjort som de ikkje burde ha gjort?

– Ap, har som ein del andre parti, vore med på velmeinande vedtak i Stortinget. Intensjonane har vore gode, men det har det blitt for massivt for Kommune-Noreg, seier ho.

  • Dei to Ap-toppane tar nå initiativ til eit møte med KS over nyttår, der også dei andre partia på Stortinget blir inviterte.
  • I tillegg til dei at det blir oppretta ein omstillingskommisjon for kommunane neste periode.

Sist veke vedtok «Bergensalliansen», som består av 17 kommunar rundt Bergen, at det bør etablerast eit nasjonalt prosjekt for å «forenkle og avbyråkratisere» styringsdialogen mellom staten og kommunane.

Initiativet på Stortinget får elles brei støtte frå ordførarar som NRK har vore i kontakt med:

  • Tonje Såkvitne, ordførar på Voss

    Tonje Ljones Såkvitne (Sp), ordførar i Voss herad

    Eg er veldig glad at det er kome opp ein debatt for at kommunane bør myndiggjerast i større grad. Kommunane treng at staten finansierer lovpålagt tenester og reduserer den statlege detaljstyringa.

  • Ordførar i Solund, Gunn Åmdal Mongstad (Sp).

    NRK

    Gunn Åmdal Mongstad (Sp), ordførar i Solund

    Dette er veldig bra! Små kommunar har på same måte som store same krav og ønske om å trygge innbyggjarane og levere tenester med kvalitet. I arbeidet vidare bør ein skilje mellom det som skal vere absolutte krav til tenestene, og vurdere å ta bort detaljerte krav som kan løysast på ulike måtar. Kommunane må ha rom for «skreddarsaum». Då blir gjerne resultatet best.

  • . Arnar Kvernevik

    Arnar Kvernevik (Ap), ordførar i Gloppen

    Mitt innspel til kommunalkomiteen er at dette ryddearbeidet bør handle om meir enn å redusere krav. Det bør og handle om fleksibilitet og lokal tilpassing. Kommunane bør få større fridom til å prioritere og tilpasse oppgåvene til sine spesifikke behov og ressursar. Ettersom det er store variasjonar i kommunestørrelse og økonomiske forhold, vil ein meir fleksibel tilnærming vere mest berekraftig.

  • ordførar Bjørnafjorden

    Terje Søviknes (Frp), ordførar i Bjørnafjorden

    Meir pengar løyser ikkje alt framover. Oppgåvene må også løysast på nye måtar, og kommunane må få handlingsrom til å organisere, utvikle og produsere tenestene slik dei ønsker. Ein start vil vere å redusere statleg detaljstyring gjennom å fjerne bemanningsnormer og å avgrense statleg rapportering og tilsyn.

  • Morten Helland KrF

    Tale Hauso

    Morten Helland (KrF), ordførar i Bømlo

    Dette er eit svært kjærkomme signal. Over fleire år er det lagt på mange krav og forventningar til kommunane frå statleg hald. Isolert sett kan pålegga vera små. Difor vert det argumentert med at kommunane vert finansiert gjennom rammetilskota. Men i sum blir dette milliardar i auka kostnadar gjennom nokre år. Så er ikkje pengar hovudutfordringa. Det er å ha hender nok til å utføre tenestene.

  • Jenny Følling

    ODDMUND HAUGEN

    Jenny Følling (Sp), ordførar Sunnfjord

    Eg helsar initiativet velkome. Det er på tide og heilt i tråd med det kommunane lenge har påpeika. Summen av alle gode og velmeinande lover, regler, rettleiarar og bemanningsnormer kneblar lokaldemokratiet. Det innskrenkar kommunane sin handlefridom, fordyrar drifta og gjer det vanskeleg med lokale tilpassingar. Eg syns det er eit godt initiativ, og det er på tide å gi innhald i tillitsreforma.

  • Judith Kvåle

    Stad kommune

    Judith Kvåle (Ap), ordførar i Stad

    Dei seinare åra har kravet til kompetanse innanfor planarbeid auka betrakteleg, som fører til at kommunane må kjøpe tenester frå kommersielle aktørar, då ein kvar kommune ikkje kan ha spisskompetanse på t.d. ålegras eller ferskvassmusling. Kjøp av slike konsulenttenester gjer at kommunane får driftsutgifter på eit nivå som ikkje er hensiktsmessig i forhold til størrelsen på mange kommunar.

  • Audun Mo

    Audun Mo (Ap), ordførar i Lærdal

    Eg er glad for at rikspolitikarane tek tak i dette. Eg trur dette er eit heilt nødvendig initiativ, og ei gladmelding for kommunane.

  • Vik-ordførar Roy Egil Stadheim.

    Roy Egil Stadheim (Ap), ordførar i Vik

    Dette er eit godt initiativ. Ingen kommunar leverer på alle lovkrava i dag, og det blir verre med dårlegare økonomi. I tillegg er det krevjande å rekruttera fagfolk. Staten møter ikkje dette med å tilpasse krava – tvert om. Kontroll og tilsyn aukar. På same tid aukar forventningar frå innbyggjarar og næringsliv. Slik kjem kommunane i skvis.

  • Yngve Fosse, ordførar i Askøy kommune for Høgre.

    Oddgeir Øystese

    Yngve Fosse (H), ordførar i Askøy

    Det er jo flott at sentrale politikarar kjem til den erkjenninga at noko må gjerast, men eg er ganske usikker på om dei klarer å komme nokon veg. Det har og vert gode intensjonar om dette tidlegare. Eg ønsker dette velkommen og er ganske klar på at noko må gjerast. Det er mykje å ta av!

Ikkje tvang

KS har i haust slått alarm om krise og 15 milliardar kroner i minus i kommunesektoren.

Fredag la regjeringa 5 milliardar kroner på bordet, men problemet er ikkje pengemangel aleine.

KS meiner utfordringa stikk djupare og peikar på store avvik mellom krav og forventningar frå staten og den økonomiske verkelegheita.

Mange kommunar opplever at det er for mange lovkrav, seier Vågslid, som også sit programkomitéen til Arbeidarpartiet.

– Hovudproblemet er kanskje at vi ikkje har ei samla oversikt over krava kommunane er pålagde, seier Moflag.

4NHEnkC9JUE

KS meiner lærarnorma er eitt eksempel på styringskrav Stortinget har pålagt kommunane.

Foto: NTB

Vågslid seier Ap ikkje vil sette rammar for kva som kan diskuterast, med eitt unntak: Kommunestruktur og tvangssamanslåing.

– Det er eit lite kreativt spor. Vi vil gi kommunane meir fridom og mindre tvang.

– Strålande initiativ

KS-leiar Gunn-Marit Helgesen trur forslaget kan gi betre tenester og større handlingsrom i kommunane.

– Eg trur det er viktig å få til eit tverrpolitisk forlik, fordi dette er krevjande. Vi har veldig mykje detaljerte lovkrav, forskrifter og rettleiingar.

Helgesen peikar på lærarnorma som eit konkret eksempel på statlege styringskrav. Norma set krav til kor mange tilsette som skal vere i klasserommet til kvar tid.

9YCb4xF_Bp8

KOMMUNETOPPAR: Kommunal- og distriktsminister Erling Sande og KS-leiar Gunn-Marit Helgesen.

Foto: NTB

Ho peikar også på krav til kompetanse

– Dei er så detaljerte at ein kanskje ikkje får tak i personell med rett kompetanse. Da blir kommunen til ein lovbrytar, og gir kanskje dårlegare tenester enn om dei hadde større handlingsrom.

Verken Moflag eller Vågslid vil gi konkrete eksempel på det dei meiner er unødvendige lovkrav. Årsaka er at dei fryktar det kan føre til at samtalane sporar av eller bryt saman før dei har starta.

Mudassar Kapur (H)

KOMMUNEPOLITISK TALSPERSON: Mudassar Kapur i Høgre.

Foto: William Jobling / NRK

Kommunalpolitisk talsperson for Høgre, Mudassar Kapur er positiv til forslaget frå Ap-toppane, men påpeikar at kommunane må bli involverte.

– Vi er med på alle prosessar som forenklar og desentraliserer avgjerder, seier han.

Publisert 04.11.2024, kl. 16.01

Read Entire Article