Meiner dette avslører Arsenal sitt Ødegaard-problem: – Eit veldig godt bilde

2 weeks ago 9



Arsenal er i ferd med å sakke akterut i tittelkampen i Premier League.

Dei tre siste ligakampane har enda med to tap og éin uavgjort, og etter ti rundar er det nå sju poeng opp til ligaleiar Liverpool.

– Fekk ting til å fungere

Tidlegare Arsenal-helt Martin Keown er kritisk til det gamleklubben leverer om dagen.

Etter tapet mot Newcastle i helga går Keown ut og meiner det er heilt openbert at Arsenal saknar playmakeren sin.

– Akkurat nå er Ødegaard nøkkelen. Han fekk ting til å fungere, til å tikke. Utan han på laget klarar dei ikkje finne dei «lommene», seier Keown til TNT Sports.

– Ødegaard er nøkkelspelaren for Arsenal. Alt snakk har vore om midtstopparane, men han er spelaren dei saknar, seier ekspertkollega og tidlegare Liverpool-spelar Stephen Warnock.

Sidan starten av Premier League førre sesong er statistikken med og utan Ødegaard slåande:

NRK-ekspert Kristoffer Løkberg meiner tala taler sitt tydelege språk:

– Det bekreftar berre det inntrykket ein allereie har hatt om kor viktig Ødegaard er for Arsenal, seier Løkberg.

– Det mest imponerande

Martin Ødegaard har ikkje vore på banen for Arsenal på over to månader, mot Brighton 31. august.

– Det mest imponerande med Martin Ødegaard er jo faktisk hans påverknadskraft på laget. Dei individuelle kvalitetane hans er jo synleg for alle, men måten hans kvalitetar, både offensivt og defensivt, gjer alle rundt han betre, gjer han til ein av dei beste fotballspelarane i verda, meiner Løkberg.

Nordmannen skada ankelen da han trakka stygt over i Noregs nasjonsligamøte med Austerrike på Ullevaal stadion for halvannan månad sidan.

CBS Sport-korrespondent James Benge sa det tørt på X etter tapet mot Newcastle i helga, der Arsenal sleit med å finne rytmen offensivt:

«Vis meg at du saknar Martin Ødegaard utan å seie at du saknar Martin Ødegaard».

X

Foto: Skjermdump X 03.11.2024

– Det er eit veldig godt bilde på at dei saknar ein som slår dei avgjerande pasningane inn der kampane blir avgjorde, meiner Løkberg om grafen frå Opta, som altså viser Arsenals pasningar i andre omgang mot Newcastle.

Også undervegs i tapet mot Newcastle blei fråværet til nordmannen eit tema. Det var lett å sjå at raudtrøyene sakna Ødegaards kreativitet og ballsikkerheit.

Og som grafen over viser: Det blir fort altfor mykje på tvers og bakover i banen utan Ødegaard å lene seg på.

CBS-korrespondenten har eit poeng. Førre sesong var Ødegaard den spelaren i Europas sju best rangerte ligaer som fekk slått flest talet på vellykka pasningar inn i sekstenmeteren til motstandaren.

– Det er det eg ønsker å gjere. Eg ønsker å skape ting, spele framover og sette opp situasjonar inne i boks. Det har vore spelet mitt heile livet, så det er kult å sjå at ein er oppe der, sjølv på det øvste nivået, sa Ødegaard sjølv til NRK om tala.

Nå er dei eigenskapane mangelvare på eit stadig meir tafatt Arsenal-lag.

– Dette Arsenal-laget fungerer ikkje på same måte utan Martin Ødegaard. Nordmannen er så sakna, sa Viaplays Kasper Wikestad.

– Ja, vi saknar Ødegaard

Sjølv om det er lenge igjen av sesongen, har alarmklokkene begynt å ringe på Emirates. Supporterane saknar sårt at laget tar det siste steget og løftar Premier League-pokalen etter 38 kampar.

Tidlegare Arsenal-storskårar Ian Wright er bekymra.

– Ja, vi saknar Ødegaard, hovudmannen vår når det gjeld å skape sjansar. Men at vi ikkje klarer å finne ei løysing på det ... seier han oppgitt.

– Viss eg skal vere heilt ærleg, er det manageren som må tenke ordentleg gjennom kva som skjer med denne troppen akkurat nå, med gutane og resultata, legg han til.

Keown: – Gode nyheiter for Arsenal

Arsenals neste kamp blir allereie spelt på onsdag, når Inter ventar på bortebane i Mesterligaen.

Den tidlegare storspelaren Keown røper at han har fått signal om at nordmannen snart er tilbake.

– Eg blir fortald at han er tilbake på onsdag, og det er gode nyheiter for Arsenal, seier han.

Manager Mikel Arteta fekk i helga spørsmål om Ødegaard kan rekke Inter-kampen. Han har tidlegare fortalt at Ødegaard har trena på gras i nokre veker allereie.

– Nå er han der at han skal begynne å trene litt med resten. La oss sjå om smertene ikkje er for ille og om han fysisk er i stand til å konkurrere. Med arbeidet han har lagt ned, ville eg bli overraska viss han ikkje er klar når han er tilbake i full trening med oss, sa Arteta.

Premier League - Arsenal v Brighton & Hove Albion

VENTAR: Martin Ødegaard har ikkje spelt fotball sidan han blei skadd for Noreg i midten av september.

Foto: Dylan Martinez / Reuters

Ødegaard: – Har lagt ned mykje arbeid

Noregs landslagskaptein har ikkje gjort nokre intervju under skadeperioden, men skreiv nyleg i Arsenals kampprogram at ankelskaden av og til byr på utfordringar.

– Nokre dagar kjenner du deg veldig bra, mens ein andre dagar opplever ein reaksjon. Eg kjenner meg likevel betre, og det kjennest ut som eg nærmar meg (eit comeback). Eg har lagt ned mykje arbeid på gymmen. Nyleg bevega eg meg på ein «antigravitasjons»-tredemølle, som bidrar til å ta bort vekta. Det var ei god kjensle å kunne springe igjen, skreiv Ødegaard i slutten av oktober.

Det står også att å sjå om Ødegaard blir klar til dei kommande landskampane som avsluttar nasjonsligaspelet for Noreg sin del. Slovenia og Kasakhstan er Noregs motstandarar 14. og 17. november.

Publisert 05.11.2024, kl. 05.35

Read Entire Article