«Med kuken som terapeutisk verktøy»

2 weeks ago 7



Gjennom heile kunstnar­skapet sitt har svenske Anna Odell vore opptatt av skeive makt­forhold.

Ofte har ho krinsa om eigne vonde opplevingar både som pasient i psykiatrien, men også som mobbe­offer på skolen.

Når Odell nå er aktuell med ei omfattande utstilling på Trondheim Kunst­museum, så tar ho igjen med seg sitt publikum bakover i tid.

Sentralt i denne utstillinga som famnar både skulpturar, installasjonar og filmar, står filmen «Rekonstruktion Psyket.»

Der prøver ho å attskape eit bilde av kva som skjedde rundt eit opphald ho hadde på psykiatrisk sjukehus for nesten 30 år sidan.

Fra utstillingen «Rekonstruktion Psyket» av Anna Odell ved Trondheim Kunstmuseum

UTLEVERANDE: Med filmen bevegar Anna Odell seg inn i eit etisk krevjande farvatn mellom fiksjon og fakta. Her utleverer ho ikkje berre seg sjølv, men også fleire andre. Ikkje minst grublar eg på kva sonen hennar synest om å få opphavshistoria si formidla på denne måten.

Foto: Lili Zaneta

På sporet av den tapte tid

Anna Odell er ein både omdiskutert og kritikar­rost kunstnar og filmregissør.

Eg er spent når eg set meg ned i den mørke museums­salen, for å sjå hennar nye timelange tokanals film.

I forteljinga si vev ho her saman iscenesette og dokumentariske element.

Her blir vi fortalde ein sterk og ganske skakande historie.

Under sjukehus­opphaldet blei den 21-årige psykotiske pasienten trekt inn i ein erotisk relasjon med ein av dei mannlege pleiarane på sjukehuset, noko som førte til at ho blei gravid.

Stillbilde fra Anna Odells film "Rekonstruktion Psyket"

EINSAMT: Eg tenker at bilda av dei einsame korridorane viser den avsondra og innestengde kjensla av å vere innlagd, ikkje berre som fange i eit tvangsvedtak, men også som fange i eit fortvilt sinn.

Foto: TKM

I filmen blir dette sjokkerande faktumet formidla blant anna gjennom intervju med tidlegare pleiarar og legar ved sjukehuset, og blant dei mannen sjølv, som altså blei far til dei første barna til kunstnaren.

At ingen melde forholdet, og at nesten all journal­føring stansa idet situasjonen blei kjent, er også skakande detaljar som kjem fram.

Odell beskriv likevel det heile som ei velsigning.

Barnet blei redninga hennar, og ein veg inn i noko mykje betre.

Anna Odell

OPPSTYR: I 2009 rekonstruerte Odell den dramatiske innlegginga i 1995. Ho spelte psykotisk og lèt som om ho ville kaste seg ut frå Liljeholmsbron i sentrum av Stockholm. Først etter at ho var både tvangsinnlagd i belteseng og medisinert, fortalde ho at det heile var ein del av eksamensprosjektet hennar på Konstfack. Noko som resulterte i ein stor debatt, og ei rettssak der ho blei dømt til ei klekkeleg bot.

Foto: Scanpix / SCANPIX SWEDEN

Med kuken som terapeutisk verktøy

Intervjuet av den mannlege pleiaren er blant dei meir oppsikts­vekkande delane av filmen.

Vi ser Odell som lyttar merksamt, mens han i intervjuet beskriv rolla si som ein sjølv­utslettande hjelpar.

Han snakkar om tarot­symbol og underlege draumar og trekker ganske oppsikts­vekkande parallellar til både Odin og Jesus i beskrivinga si av dette offeret som han kjente seg kalla til å gjere!

Stillbilde fra Anna Odells film "Rekonstruktion Psyket"

I filmen ser vi ofte Odell sitt ansikt mens ho lyttar til stemmer over telefon. Ho intervjuar mange som var innom institusjonen mens ho var innlagd. Ansiktet hennar viser sårbarheit og frykt mens dei beskriv opplevingane sine. Det er spesielt å sjå henne lytte til den mannlege pleiaren ho fekk barn med. Sjølv om ho blir lei seg når han seier det ikkje var kjærleik, veit ho nok at dette blir ein spektakulær del av filmen.

Foto: TKM

Det er utvilsamt ei sterk historie som blir formidla.

Det er nesten så eg ikkje trur mine eigne øyre når eg sit og høyrer han seie at for han var det ikkje kjærleik, det handla ikkje om hans eigne kjensler eller begjær, han bestemte seg for å gjere dette offeret for å redde ei sjuk, ung kvinne (!).

Eg trur neppe han vil finne mange fagfellar som vil støtte han i at å bruke kuken som verktøy, er ei veldig god terapeutisk løysing.

Reint film­kunstnarisk ville nok verket vunne ganske mykje på ei strengare redigering. Eg er heilt sikker på at ho kunne klart å formidle substansen i denne sterke forteljinga langt meir intenst og fortetta på halve tida.

Anna Odell sammen med sin advokat Claes Borgström under rettssaken mot kunststudenten i 2009.

I RETTEN: Anna Odell saman med sin advokat Claes Borgström under rettssaka i 2009.

Foto: NTB

Makt­balansen mellom barn og vaksen

Anna Odell har i mange verk krinsa om sårbarheit. I utstillinga ikler ho seg ein ganske anna rolle i makt­balansen i eitt av verka.

Ho har skapt vatterte skulpturar av seg sjølv og sin yngste son, og dessutan ein fotoserie der dei begge agerer i forhold til dei livaktige dokkene.

Her tematiserer ho den skremmande store makta foreldre har over barna sine.

Barna er som leirar i dei vaksne sine hender.

Fra utstillingen «Rekonstruktion Psyket» av Anna Odell ved Trondheim Kunstmuseum

Det at figuren er lappa saman av ulike stoff gir den store dokka eit hudlaust, men også herda preg som viser til den sårbarheita og styrke som vonde erfaringar gir.

Foto: Lili Zaneta

Foreldra formgir personleg­dommen deira og framsynings­verda.

Det er sterkt korleis ho har referert til sin eigen kropp som eit lapp­verk av ulike tekstil, som eit bilde på alle dei såra og arra ho sjølv har med seg frå eit langt og krevjande liv.

Mens kroppen til den unge sonen er heil og foreløpig utan skrammer.

Ein lengt etter å høyre til

I det siste rommet i utstillinga blir «Havari­kommisjonen» (2013) vist.

Eit verk der handlings­forløpet i forkant av sjukehus­innlegginga blir folda ut.

I ein film­projeksjon på veggen har Odell ein samtale med seg sjølv om smerta og fortvilinga knytt til mobbinga som ho var gjenstand for i oppveksten.

Fra utstillingen «Rekonstruktion Psyket» av Anna Odell ved Trondheim Kunstmuseum

I ein anna film har Anna Odell ein samtale med seg sjølv framfor eit bord med stolar omkring. Møblane er nøyet limte og tapetsert saman etter å ha vore knuste i små bitar. Som i så mange av verka sine prøver Odell her å lappe saman, reparere og lækje noko som har gått sund.

Foto: Lili Zaneta

I tillegg til filmen består prosjektet av eit bord med stolar rundt.

Møblane er grundig lappa og limte saman etter å ha vore smadra i små bitar.

Kanskje er det eit bilde på den evige impulsen vår til å ville reparere det som har gått sund inni oss.

Etter nokre timar i Anna Odell sitt intense, sjølv­granskande univers, er det ei sterk forløysande kjensle å komme ut i den friske haust­lufta.

Sjølv om Odell i kunsten sin går i dei same sjølv­biografiske sirklane igjen og igjen, klarer ho med utgangs­punkt i sitt eige liv å formidle noko allment om makt og sårbarheit, og om lengten etter å høyre til i eit fellesskap.

Publisert 04.11.2024, kl. 11.54

Read Entire Article