Mattilsynet: Her blir sjølvdaud laks sortert som menneskemat

4 days ago 5



– Dette er alvorlege brot, seier avdelingsleiar Geir Arne Ystmark i Mattilsynet.

Livlaus laks låg på botnen av Mowi sitt oppdrettsanlegg for to veker sidan.

Verdas største oppdrettsselskap hadde problem med fisken utanfor Endal i Nordfjord.

Ein såkalla bløggebåt hadde blitt hyra inn for å avlive fisk ved anlegget.

Den var i full sving då Mattilsynet kom på umeldt inspeksjon 10. september.

Mattilsynet såg at nesten all fisken som vart pumpa om bord, var utan livsteikn.

Likevel vart fisken sortert som mat til menneske – rett framfor auga på inspektørane.

Mattilsynet gjorde hastevedtak med forbod mot slakting og omsetning.

– Sjølvdauda fisk skal ikkje inn i matkjeda. Dette handlar om risiko og bakterievekst på fisken, seier Ystmark.

Kom på umeldt kontroll

Denne månaden har Mattilsynet reist på umeldt aksjon langs norskekysten. Målet var mellom anna å inspisere slaktebåtar som avlivar fisk på merdekanten.

En gruppe fisk i et akvarium

I Austrheim vart restar av kadaver pumpa om bord i slaktebåten.

Foto: Mattilsynet

På to av fire båtar fant Mattilsynet alvorlege brot på regelverket, dette var ved:

  • Mowi sitt anlegg Endal Vest i Bremanger i Nordfjord.
  • Kobbevik og Furuholmen sitt anlegg Øksneset i Austrheim i Nordhordland.

Hos Mowi reagerte Mattilsynet sine inspektørar umiddelbart.

Geir Arne Ystmark

Geir Arne Ystmark i Mattilsynet.

«Slik fisk reknar Mattilsynet som død. I beste fall observerte vi ørlite teikn til liv på sju-åtte fisk», skriv dei i hastevedtaket.

Mattilsynet sine inspektørar følgde med på sortering av 59 fisk. Berre tre fiskar vart kasta vekk.

– Tilsynet vårt på disse båtane viser at det ikkje var gode nok rutinar eller opplæring, seier Ystmark i Mattilsynet.

Mattilsynet: Mowi har ansvar

Mowi legg skulda på selskapet som eig bløggebåten.

Les svaret frå bløggebåt-selskapet lenger nede i saka.

– Vi ser svært alvorleg på funna. Det er totalt uakseptabelt om sjølvdauda fisk ikkje har blitt sortert ut, skriv kommunikasjonsdirektør i Mowi, Ola Helge Hjetland til NRK.

en bro over en vannmasse

Det var her ved Mowi sitt anlegg at Mattilsynet slo til.

Foto: Odin Otnes Austring / NRK

Mowi skriv at dei har stansa bruken av fartøyet og leverandøren inntil vidare.

Men ifølge Mattilsynet har Mowi sjølv eit stort ansvar i saka. Dei skal fjerne død fisk før slaktebåten kjem.

Bileta til Mattilsynet viser mengder av livlaus fisk i botnen av merd på anlegget. Mowi seier på si side at anlegget var tømt for dødfisk før «operasjonen».

Kan ikkje det forventast at Mowi har full kontroll på alle sider av produksjonen sin?

– Mowi forventar at våre leverandørar opererer i samsvar med gjeldande reglar, skriv Hjetland.

– Det er samstundes vårt ansvar å kontrollere at reglane blir ivaretekne, i dette tilfellet burde vi openbert ha følgt betre opp, legg han til.

På eiga heimeside reklamerer Mowi med «kvalitet i alle ledd» og «full intern kontroll».

Sjå lengre svar frå aktørane nede i saka.

Ola Helge Hjetland

Ola Helge Hjetland i Mowi.

Foto: Lidvard Sandven

Erkjenner feil

Ronny Larsen er dagleg leiar i Sjøprodukt. Dette er selskapet som driv den aktuelle bløggebåten, «Sølvfisken».

Han er einig i at det vart gjort feil då Mattilsynet var på tilsyn.

Ingen av desse fiskane vart omsett til humant konsum, skriv Larsen.

Fisken vart «destruert i samråd med Mattilsynet», påpeikar han.

Praksisen til mannskapet om bord var å sjekke om fisken blødde etter bedøving. Dette er ein «indikasjon på at hjartepumpa framleis fungerer» ifølge Larsen.

Mattilsynet har påpeikt at det må vere fleire kriterium til stades, og her er vi einige, seier han.

Et skilt på en vei

Anlegget ligg i Bremanger kommune i Nordfjord.

Foto: Odin Otnes Austring / NRK

Mattilsynet blir ikkje betrygga

Alle dei involverte selskapa seier at sjølvdauda fisk uansett blir sortert ut på slakteriet, og at det ikkje blir til menneskemat.

NRK har spurt korleis det er mogleg å finne igjen ein sjølvdød fisk inne på eit slakteri.

Kvalitetskontrollen blir gjennomført ved visuell inspeksjon av utblødning, gjelle-farge, augar, skinnfarge og konsistens/spenst i fisken, ifølge Mowi.

Mattilsynet meiner dette ikkje er tryggande:

– Det er vanskeleg å skilje mellom fisk som var levande ved slakting, og fisk som allereie var død.

Restar av kadaver

Også i Austevoll erkjenner den daglege leiaren for Kobbevik og Furuholmen Oppdrett, Ingebrigt Landa, at det var gjort feil under tilsynet.

Landa er oppført som dagleg leiar både for oppdrettsselskapet og Thermo Service AS, som driv bløggebåten «Hordabas».

Ikkje mykje av den livlause fisken vart sortert bort. I tillegg reagerer Mattilsynet på at kadaverrestar vart pumpa om bord frå merden.

Landa seier at opplæringa har vore for dårleg.

Dette tar reiarlaget sjølvkritikk på, seier han.

Begge slaktebåtane har no fått tilbake løyva for å slakte og omsetje fisk.

Men Mattilsynet har gitt «føringar om ikkje pumpe fisk frå botn av merd, der det blir samling av dødfisk. I tillegg er det gitt føringar for å sikre betre kontroll og sortering.»

Få tilsyn av slaktebåtar

Også for to år sidan fortalde NRK om sjuk og sjølvdau laks på veg til forbrukarane.

Konsekvensen var bransjeretningslinjer for å unngå fleire tilfelle. Tilsynet i år viste at reglane framleis blir brotne, meiner Mattilsynet.

Fisk

I Øksneset la Mattilsynet merke til at vatnet frå merden lukta unormalt og var grumsete.

Foto: Mattilsynet

Dei seier det er utfordrande å følgje med.

Inspeksjonane i september var fyrste gang sidan 2023 dei kontrollerte slakting på merdekanten. I fjor var Mattilsynet også på tokt, men fann ingen slaktebåtar i aksjon.

– Det er utfordrande for Mattilsynet å følge med på slakting om bord på slaktebåtar. Vi veit ofte ikkje når og kor båtane slaktar, eller kor fisken blir levert. I tillegg flyttar båtane seg heile tida. Målet er å finne ei løysing som gjer det mogleg å følge fisken frå slakting til levering på land, seier Ystmark i Mattilsynet.

Hei!

Takk for at du leste saka. Har du tips eller innspel til denne eller andre saker om oppdrett? Ta gjerne kontakt på e-post eller Signal +47 95258167

Publisert 25.09.2025, kl. 09.36

Read Entire Article