Martins Plaza

2 hours ago 2



14. mars 1990 vart Noregs høgaste hus, Europas høgaste hotell nord for Paris, med sine 117 meter ruvande langt opp i skyene, offisielt opna.

Oslo Plaza var vendt mot Mekka (tomta var eigentleg regulert for ein moské) og tilbydde glamour og femstjerners luksus som Noreg aldri hadde sett maken til.

Vi snakkar marmor og glas, grandiose lysekroner, dyr samtidskunst, innandørs fyrverkeri og utvendig panoramaheis.

Opning av Oslo Plaza

LUKSUS: Det går an å spekulere på om TV 2-såpeserien «Hotel Cæsar» let seg inspirere av Oslo Plazas raudkledde portierar med svarte hattar. Dei første åra hadde hotellet også eigen VIP-resepsjon i toppen av hotellet for dei aller rikaste gjestane.

Foto: Bjerke, Knut / NTB

Forventningane stod naturlegvis i taket da familien Beyer-Olsen frå Rakkestad i Østfold skulle sjekke inn, berre nokre få dagar etter opning.

Soria Moria slott

Far Per Beyer-Olsen bad om to spesifikke rom, langt opp i etasjane. Da resepsjonisten spurde om han hadde jobba på hotellet, sidan han visste at akkurat dei to romma hadde dør mellom seg, svarte ni år gamle Martin:

Jepp. Han har faktisk vore med å bygge Plaza!

Og guten snakka sant. Per Beyer-Olsen var ein av entreprenørane som bygde Plaza. No gjekk han rundt som ein konge i høghuset og viste fram familiens stoltheit til arvingane.

Familien Beyer-Olsen i 1987

FAMILIEN BEYER-OLSEN: Martin, far Per, mor Grethe-Lill og bror Christoffer. – Eg var ni, broderen var seks. Mor og far insisterte på at vi skulle vere igjen på rommet aleine medan dei gjekk opp i skybaren. Dette måtte vere veldig bra, tenkte eg, ein draumestad for vaksne, sidan dei var villige til å sette igjen ungane sine på rommet.

I Redersuiten har dei nokre veldig fine dørhandtak. Det er dei same handtaka som vi har heime, sa Per til sønene.

Wow, det var tilfeldig, sa Martin.

Neppe, sa Per.

35 år seinare har Martin Beyer-Olsen omvisinga framleis friskt i minne.

Eg hadde aldri sett noko så stort i heile mitt liv, mimrar Martin.

Vi har lurt oss ut på ut på Noregs høgaste kjøkkenbalkong, bak skybaren i 34. etasje. Langt der nede ser vi «Barcode». I norsk målestokk er desse husa høge (altfor høge, meiner mange), men samanlikna med Plaza blir dei som små dokkehus å rekne.

Martin Beyer-Olsen på kjøkkenbalkongen i 34. etasje på Oslo Plaza.

SKYSKRAPAR: Oslo Plaza blir framleis rekna for å vere Noregs høgaste hus. Det finst likevel fleire høgare byggverk, til dømes Nexanstårna i Halden, Tryvannstårnet i Oslo og Tyholttårnet i Trondheim.

Foto: Nima Taheri / NRK

Oslo Plaza er eit av dei tydelegaste spora frå «jappetida» i Noreg. Denne perioden på 1980-talet var prega av latterleg sterk økonomisk vekst og optimisme. Kanskje mest optimisme.

Byggeprosjekta kom på rekke og rad. Hovudstaden skulle bli ein storby av amerikansk kaliber, og Oslo berre «boom», Aker Brygge, «boom», Oslo City, «boom», Oslo Spektrum og «boom boom boom» – Oslo Plaza.

– Oslo Plaza er det mest futuristiske og kapitalistiske vi har, meiner Martin.

Da det stod ferdig i 1990, var det likevel ikkje alle som delte Beyer-Olsens ville begeistring for Noregs nye fyrtårn.

Oslo Arkitektforening var lite imponert og skildra bygget som utruleg konvensjonelt og lite spennande. Byhistorikar Erik Melvold kalla hotellet for «det mest redselsfulle bygget vest for Uralfjella». Forfattar Jan Erik Vold ville rive Plaza med det same.

Men det var også positivitet å spore.

Folklorist Anne Eriksen samanlikna Oslo Plaza med Soria Moria Slott frå folkeeventyret. Her frå essayet «Oslo Plaza – massekultur og eventyrslott» i Samtiden:

«I solskinn blinker og stråler alle de 117 metrene, det er virkelig et glassberg, et trollslott av krystall – en eventyrbygning.»

Oslo Plaza

SORIA MORIA: «Plaza er en magisk verden. Det ligger ikke egentlig på Vaterland, men i eventyret», skreiv folklorist Anne Eriksen i 1990.

Foto: Jonas Been Henriksen / NTB

Dessverre har alle eventyr sin slutt. For Plazas del var historia i ferd med å ende nesten før ho hadde begynt.

Utbrent, nedstemt og deprimert

Etter dag kjem natt, etter sol kjem regn, etter fest kjem bakrus, og etter jappetid kjem bankkrise.

Den hovudlause pengebruken i Noreg kunne sjølvsagt ikkje fortsette. Nedgangstidene begynte allereie mot slutten av 1980-talet. Bankane gjekk konkurs, arbeidsløysa auka, bustadprisane stupte og folk flest hadde på ingen måte råd til å flotte seg med femstjerners hotell i hovudstaden.

Reknestykket gjekk ikkje opp. Hotellet hadde over 500 tilsette og berre gjestar nok til å fylle 30 prosent av romma.

Oslo Plaza i soloppgang

EIT DRISTIG PROSJEKT: På starten av 1990-talet var Oslo ingen spesielt populær turistby; dei eksisterande hotella sleit med å fylle romma sine, så kom Plaza like godt med 676 nye, dritdyre hotellrom.

Foto: Cornelius Poppe / NTB

I 1995 var det slutt. Etter fleire år med underskot gjekk Reso Hotels, den svenske hotellkjeda som drifta Plaza, konkurs.

Plaza-entreprenør Per Beyer-Olsen fekk det også tøft på 1990-talet. Han gjekk frå eit liv i sus og dus til at ingen lenger ville bygge hus.

Eg hugsar at det kom to indarar og kjøpte lastebilen til pappa. Han måtte selje unna store produksjonsmidlar. Det var ikkje meir jobb igjen i Noreg, seier Martin.

Komikaren skildrar bankkrisa som ei tung tid for familien. Faren vart utbrent, nedstemt, ja – han gjekk så langt som å seie at han var deprimert.

Det var veldig smertefullt å sjå han lide. Det var noko som sette seg i meg, noko eg sjølv håpte å få sleppe.

Martin Beyer-Olsen på Oslo Plaza

KLART DET ER TOUGH: Oslo Plaza vart det siste store byggeprosjektet i Noreg for faren til Martin Beyer-Olsen.

Foto: Nima Taheri / NRK

Etter bankkrisa klarte familien å stable eit liv på beina igjen. Per Beyer-Olsen reiste til Sverige og etter kvart til Polen for å jobbe. Den økonomiske situasjonen vart aldri den same, men familien klarte seg.

Vi gjekk frå å reise på eksklusive Paris-turar til campingferiar i Danmark. Så vil eg seie at det også var fantastiske feriar, er Martin rask med å føye til.

Oslo Plaza klarte også å stable eit slags liv på beina igjen. Hotellet vart kjøpt opp av Wenaasgruppen, og drifta vidare av den amerikanske hotellkjeda Radisson Hotel Group.

Dei nye eigarane tona ned luksusen. Hotellet fekk færre tilsette, billegare rom, fleire gjestar og gjekk ned frå fem til fire stjerner.

Plaza har likevel klart å halde på noko av den overjordiske auraen frå glansdagane, mykje på grunn av det som finst i dei øvste etasjane i glashuset.

Eg drit jo eigentleg i kva som i botnen. Det er toppen som er viktig! Slik er det med alle skyskraparar, seier Martin.

Verdas største stjerner

Hotelldirektør Tarje Hellebust tar oss med inn på Kongesuiten i 32. etasje. Prisen på 105.000 kroner natta gjer suiten på 350 kvadratmeter til eit av Noregs dyraste hotellrom.

Like innanfor døra finn vi «skryteveggen» med nokre av dei celebre gjestane som har overnatta i suiten.

Skrytevegg i Kongesuiten på Oslo Plaza

VIP: I tillegg til mykje sus og dus er nok tryggleiken også ein grunn til at mange kjendisar vel Kongesuiten på Noregsbesøk. Suiten har eigen heis og eige soverom for livvakter.

Foto: Nima Taheri / NRK

Bill Clinton, Tom Cruise, Rolling Stones, Kylie Minogue, Catherine Zeta-Jones ... (Vladimir Putin hang på veggen før, men vart tatt ned.)

Og her har Paul McCartney og Elton John dundra laus på flygelet, seier Tarje Hellebust og viser oss inn i stova.

Hotelldirektør Tarje Hellebust i Kongesuiten på Oslo Plaza

NOREGS DYRASTE: Oslo Plaza pussa nyleg opp Kongesuiten for 22 millionar kroner. Ifølge hotelldirektør Tarje Hellebust treng dei berre å leige ut suiten ein gong i månaden for at investeringa skal løne seg.

Foto: Nima Taheri / NRK

Her har hotelldirektøren vore med på litt av kvart, frå nachspiel med Will Smith, Snoop Dogg og Wyclef Sean ...

Dei gutane kan feste, altså! seier Tarje utan å gå vidare inn på detaljar.

... til å drikke te med countrystjerna Willie Nelson.

Han inviterte meg opp da han budde her med familien sin. Så sat han i sofaen med kassegitaren og fortalde historier.

Under jappetida trudde mange at Plaza berre var starten på det som skulle bli ein ekte storby. Men etter bankkrisa var den overordna haldninga til høghus ei heilt anna.

Oslo var ein by som ikkje skulle skrape sky.

Plazas høgde på 117 meter vart sett som anbefalt maksgrense for kor høgt det var lov å bygge i hovudstaden. (I 2023 vart grensa justert opp til 125 meter, men enn så lenge er hotellet framleis høgast.)

I popkulturen har glashotellet ofte vore åstad for mørke hendingar:

I kinosuksessen «Skjelvet» rasar Plaza saman etter eit kraftig jordskjelv. I TV-serien «Skam» overnattar Isak og Even på ei av suitane medan Even er manisk.

For Martin har glashotellet alltid vore ei kjelde til lys og varme.

Gjennom studietida var hotellet komikarens faste «icebreaker» i samtale med nye vennar: «Ja, pappa har faktisk bygd Oslo Plaza.»

– Kvar gong eg ser Plaza, blir eg fylt med gode minne og følelsar.

Plaza var eventyret i Martin Beyer-Olsens liv, ein stad der alt kunne skje og draumar bli verkelegheit.

Jo da, det meste av livet går føre seg nede på den støvete bakken, men midt i byen finst det ein glasheis som kan ta deg med opp til skyene.

I 2023 skulle også Martin oppleve eit av livets største høgdepunkt – akkurat her.

Kollapsen på Plaza

Martin tar oss med til Redersuiten i 31. etasje.

Denne er mykje billegare enn Kongesuiten i etasjen over (kostar «berre» 35.000 kr natta). For Martin var dette likevel eit solid innhogg i privatøkonomien da han sjekka inn her, laurdag 7. oktober 2023.

Men så var dette heller ingen vanleg dag i komikarens liv.

Martin Beyer-Olsen i Redersuiten på Oslo Plaza

REDERSUITEN: Med sine 100 kvadratmeter er Redersuiten den nest største suiten på Plaza. Han har eigen badstue og fleire maritime detaljar.

Foto: Nima Taheri / NRK

Nokre månadar i førevegen hadde Martin opplevd noko han håpte å få sleppe. I likskap med faren hadde også han møtt veggen og det med eit smell. På eit stand-up-show i Bergen sa det bråstopp, og beskjeden frå legen og psykologen var klar:

Sjukemelding. All jobb må vekk. Frykta svei i brystet: Kva om dette aldri skulle gå over?

Martin Beyer-Olsen på Oslo Plaza

FRYKT: – Hadde eg blitt min eigen far? Eg hugsa korleis vi lista oss rundt ein sofa i barndomen med eitt stykk blytung pappa liggande i mørket. Det eg heile livet hadde frykta, hadde plutseleg innhenta meg, seier Martin.

Foto: Nima Taheri / NRK

På mange måtar kom smellen på verst tenkelege tidspunkt. Han måtte avlyse ein nesten utseld turné og ein ny TV-serie på NRK. I tillegg var kjærasten gravid, og han skulle halde sitt største show så langt i karrieren, saman med makkeren Lars Berrum framfor 8000 tilskodarar i Oslo Spektrum.

Sakte, men sikkert kom Martin seg til hektene igjen. Da Spektrum-showet nærma seg, var han enda ikkje heilt friskmeld, men han tok likevel sjansen på å køyre på.

Uansett korleis showet skulle kome til å gå, var i alle fall ein ting klart: Dagen skulle feirast med pomp og prakt i nabobygget Oslo Plaza.

Heile familien var der, pappa også. Eg hadde leigd ein lounge til oss. Tida var inne for å stoppe opp og feire min største topp så langt i karrieren.

Martin Beyer-Olsen på Redersuiten på Oslo Plaza

SUKSESS: Oslo Spektrum er måleininga for suksess i Noreg. Viss du fyller Spektrum, kan ingen lenger seie at du ikkje fekk det til, meiner Martin.

Foto: Nima Taheri / NRK

Oslo Plaza er stammen i familietreet Beyer-Olsen: I 1990 tok Per med familien til Plaza for å vise fram si store stoltheit. 33 år seinare gjorde sonen nøyaktig det same.

Denne dagen var ein stor «hommage» til far, seier Martin.

Og showet i Spektrum? Det gjekk strålande. Martin kollapsa ikkje ... før etter showet, på Redersuiten i 32. etasje på Oslo Plaza.

Eg vakna med kleda på, berre ein halvtime før utsjekk, og hadde jo ikkje fått noka oppleving av å bu på suite!

Så kva gjorde Martin dei siste minutta før utsjekk for å lage eit minne av sitt påkosta opphald på suite?

Dette:

Høyr Martin Beyer-Olsen snakke meir om livet og Oslo Plaza i «Sommer i P2»:

Hei!

Har du nokre tankar om denne saka eller tips til andre historier vi burde sjå på? Eg blir veldig glad for alle innspel! Om du vil lese meir om unike bygg i Oslo, kan du lese desse sakene om Villa Stenersen og St. Hallvard kirke

Publisert 05.09.2025, kl. 19.26

Read Entire Article