Det er lang ventetid på augebehandling i Noreg. Nye tal viser at det i gjennomsnitt kan ta om lag 100 dagar å få behandling i spesialisthelsetenesta.
På same tid melder fleire augelegar om ventetid på over eitt år, avhengig av alvorsgrad.
Fekk skuggar i synsfeltet
For Marianne Skulstad frå Bergen fekk ventetida konsekvensar.
Tilbake i 2017 vart ho grunna høgt trykk i auga tilvist til Bergen Øyelegesenter av optikar, og fekk lenge god og rask oppfølging.
– Så begynte det å bli sjeldnare, men eg fekk beskjed om at eg var i gode hender, seier ho.
Skulstad hadde siste kontroll i juni 2023, og fortel at ho gjekk i heile 2024 og venta på å bli kalla inn, men at ho aldri høyrde noko.
– Så ringde eg i november, for då hadde eg begynt å få litt skuggar i synsfeltet. Eg var altfor tolmodig, vedgår ho.
Skulstad har fortalt Bergen Øyelegesenter om hennar oppleving.
Foto: NRK / Andreas VatnePå telefon med Bergen Øyelegesenter fekk ho beskjed om at dei hadde så lang kø at dei ikkje kunne ta ho inn utan ei tilvising om at det hasta.
– To veker seinare fekk eg time hjå optikaren, og der viste det seg at eg hadde 41 i trykk. Då vart eg sendt rett til Haukeland universitetssjukehus, som brukte tre-fire timar på å få ned trykket, seier Skulstad.
– Veka etter fekk eg vite at eg hadde fått skader på synsnerven.
– Folk mistar synet i ventekø
Hans Torvald Haugo er fagsjef og generalsekretær i Norges Optikerforbund. Han seier historia til Skulstad ikkje er uvanleg:
– Det er dessverre stadig vekk nye historier om folk som har fått redusert syn medan dei ventar på å få behandling.
Haugo meiner tilstanden har blitt verre dei siste åra:
– Ventelistene i Noreg har vore aukande i ganske lang tid, så det er ikkje overraskande at vi er i denne situasjonen no.
Han meiner samarbeid er løysinga:
– Avstanden mellom dei ulike aktørane i helsetenesta er for stor. Vi må utnytte den lokale kapasiteten der folk bur. Så må vi bruke internett til å sende informasjon fram og tilbake, slik at til dømes ein optikar og ein augelege kan samarbeide.
Hans Torvald Haugo er tydeleg på at konsekvensane kan vere store dersom ein ikkje gjer noko med augehelsesystemet slik vi kjenner det i dag.
Foto: Norges OptikerforbundPå lengre sikt ønskjer Haugo ei oppgradering av kunnskapen til optikarar:
– Då kan dei få tilgang til meir avansert behandling og avlaste augelegar med meir kompliserte oppfølgingsløp.
Han er tydeleg på kvifor dette er viktig:
– Konsekvensen er at vi kjem til å sprenge heile det tradisjonelle augehelsesystemet slik vi kjenner det no.
Ønskjer god og effektiv bruk av alt helsepersonell
Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) vedgår at ventetidene på enkelte område er altfor lange:
– Men vi har løyvd fleire milliardar kroner til sjukehusa. Innanfor augefeltet held no fleire sjukehus ope på kveldane og i helgene for å behandle fleire, pasientar vert overført til avtalespesialistar og det er inngått avtalar med private aktørar.
Statssekretær Karl Kristian Bekeng (Ap) er positiv til meir samarbeid mellom profesjonane, og meiner optikarar er ein viktig del av augehelsetenesta.
Foto: Frode Meskau / NRKBekeng seier at i 2025 skal Ventetidsløftet få ventetidene tilbake på nivået det var før koronapandemien. Han er positiv til meir samarbeid:
– Vårt mål er god og effektiv bruk av alt helsepersonell. Dette inneber samarbeid og oppgåvedeling mellom offentlege og private tilbydarar og oppgåvedeling mellom helsepersonell.
Tilbake hjå Marianne Skulstad har opplevinga gitt konsekvensar også utover den fysiske skada:
– Det er mellom anna angsten for at eg plutseleg skal få høgt trykk igjen, og få dårlegare syn.
Skulstad håpar at køane minkar framover, men er ikkje særleg optimistisk.
Foto: NRK / Andreas VatneHo har forståing for at det er ein pressa sektor:
– Eg synest synd i dei. Dei verkar overarbeidde.
Skulstad håpar at hennar historie kan vere ei påminning for andre:
– Vi må passe på vår eiga helse - skrike høgt og ikkje gi oss. Systemet er så pressa at vi kan risikere å bli skada i kø.
Publisert 13.03.2025, kl. 22.20