Det var klokka 14.14 at politiet fekk melding frå AMK om at ein person var omkommen i samband med trefelling.
Mannen i 60-åra var tilsett i eit firma som driv med skogsdrift.
Han og to kollegaer var på jobb i eit skogsområde i Eidfjord kommune i Vestland då ulukka skjedde. Kollegaene var ikkje vitne til sjølve hendinga, ifølgje politiet.
– Lege og ambulanse kom til staden og erklærte mannen død. Politiet blei varsla i etterkant, seier operasjonsleiar Morten Rebnord i Vest politidistrikt til NRK.
Varslar Arbeidstilsynet
– Dette er tragisk, seier Eidfjord-ordførar Timo Knoch til NRK.
Han fortel at kommunen har informert det psykososiale kriseteamet som kan hjelpe til i samband med ulukka.
Dei pårørande er varsla om dødsulukka.
Politiet opplyser at mannen vil bli obdusert. Han var norsk statsborgar og busett i Voss herad.
– Arbeidstilsynet vil bli varsla, sidan dette er ei arbeidsulukke, seier Rebnord.
Publisert 26.09.2025, kl. 20.40 Oppdatert 26.09.2025, kl. 20.53