Man kan ikkje omtale den andre som ein fiende og likevel vere vener.

1 month ago 22



Fevennen har et intervju med den eigenoppnemnde venen av Israel, utanriksminister Espen Barth Eide. Alle andre veit at man kan ikkje omtale den andre som ein fiende og likevel vere vener.

Foto: Jacob J. Buchard

Espen Barth Eide forsvarer igjen tostatsløysninga. Spørsmålet vert. Kva type stat skal den palestinske staten være? Er det svært sannsynleg at denne staten vil skilje seg vesentleg frå dei andre arabiske statane i område. Disse statane er utan demokrati og grunnleggjande rettigheitar for innbyggjarane. I dag er ikkje prinsippet om den einskilde sin friheit og rettigheitar til stades. I staden kan det sjå ut som det palestinske leiarskapet som i dag styrer, er meir oppteken av seg sjølv og sin eigen velstand. Mye tyder på at den staten Espen Barth Eide ønskjer seg, er ein stat der innbyggjarane ikkje kan leve som frie menneske. Mye tyder på at ein palestinsk stat vil undertrykke sine eigne innbyggjarar og halde konflikten med Israel varm.

Ofte sit ein att med ei forståing om at Israel vart oppretta på eit anna folk sitt område. Faktumet er at Folkeforbundet gav i 1922 Storbritannia i oppdrag å opprette eit jødisk heimland i mandatområde sitt i Palestina. Palestina hadde vorte Britisk mandatområde etter at dei hadde knust det tyrkiske imperiet under første verdskrig. Til da hadde heile Midt Austen vore ein del av det Tyrkiske imperiet i over 400 år.

Tostatsløysninga har vore fremma første gang i 1947, da angrep Israels naboland den nye jødiske staten med mål om å utslette Israel. Hadde Israel sine nabostatar vunne frem, hadde den jødiske staten vorte utsletta.

President Bill Clinton tok på slutte av sin presidentperiode initiativ til å forhandle fram fred og ei tostatløysing. Resultatet av desse forhandlingane på Camp David i år 2000, vart avslegne av palestina sin leiar Yasser Arafat, men akseptert av Israel sin statsminister Ehud Barak.

I 2008 avviste Palestina sin president Mahmoud Abbas eit kompromissframlegg om ei tostatløysing. Da var Ehud Olmet statsminister i Israel.

Historia bør lære Espen Barth Eide at ei tostatløysing har gjennom alle tider vore avvist frå palestinsk side. Det palestinske slagordet «From the river to the sea palestina will be fri» ropast nå og i Europa og Noreg sine gater.

Det me sikkert veit er at regjeringa i Israel i dag, vil på eit tidspunkt verte byt ut med ei anna regjering. Slik fungerer eit demokrati. Det me og veit er at det var statsminister Menachem Begin som underteikna fredsavtalen med Egypt i 1978 og statsminister Ariel Sharon som organiserte tilbaketrekkinga frå Gaza i 2005. Begge tilhøyrande Likud, same partiet som Benjamin Netanyahu.

Det som er problemet med utanriksminister Espen Barth Eide og han sine partikameratar, er at dei har gløymt kva Hamas er. Hamas er ein terrororganisasjon som styrer i Gaza, og som ser seg tent med at menneska vert drepne. Denne strategien har Hamas lukkast med, ved at verda har vend seg mot Israel. Hadde ikkje USA stått ved Israel si side, ville Israel sine fiendar nådd sitt mål, om å utslette den jødiske staten. Etter Hamas sitt angrep 7. oktober har det vorte slik at Jøder i Noreg er den einaste folkegruppa som opplev at dei må skjule sin identitet, forstå det den som kan.

Det som gjer at Espen Barth Eide kjem i klassa for å ha antisemittiske haldningar er at han aksepterer regjeringa Stoltenberg si deltaking i NATO si vilkårlege bombing i Libya i 2011. Noreg var jo «best» i NATO klassen. Samstundes aksepterer han ikkje at Israel må kunne forsvare seg mot terrororganisasjonen Hamas som styrer Gaza.

Read Entire Article