Magnus Lagabøte og Støre

1 month ago 17



Magnus Lagabøte innførte i 1274 ei felles lov for heile landet, Landslova. Denne lova feirar me i år.

Foto: Gorm K. Gaare / Nasjonalbiblioteket

Få land i Europa hadde ei liknande lov. Landslova gjorde ikkje skilnad på fattig eller rik, eller kvar i Noreg ein budde. Før hadde kvar landsdel si eiga lov.

I dag er straumnettet delt opp i landsdelar som nesten svarar til dei gamle lovområda. For Jonas Gahr Støre godtek at Noreg er delt opp i straumregionar. Me har ikkje ein felles straumpris i Noreg. Støre seier at det skuldast straumnettet. Men han seier ikkje noko om framdrifta for å samle Noreg til ein felles straumregion. Heller ikkje Erna Solberg seier noko om kva fart ho vil setje for å få bygd ut nettet.

Det ser ut til at både Høgre og AP bryr seg ingenting om at me i region Sør betalar mest for straumen. Det er utruleg at kong Magnus Lagabøte gjennomførte at heile landet skulle ha ei felles lov, men Støre og Solberg maktar ikkje, 750 år seinare, å få til lik straumpris i Noreg.

Read Entire Article