Magnus Laga­bøter og ’Mack the Knife’ forstod det

1 week ago 14



GJESTEKOMMENTAR: Me kan læra av landslova til Magnus Lagabøter (1238–1280) når me skal planlegga landbruket i Noreg dei neste hundreåra.

Magnus Lagabøter (t.v. i Stavanger domkyrkje), og ’Mack med kniven’ (spelt av Rudolph Foster i ein filmversjon av «Tolvskillingsoperaen» i 1931) forstod det same. Foto: Tommy Ellingsen og NTB
  • Aslak Sira Myhre

Publisert: Publisert:

For mindre enn 10 minutter siden

iconKommentar

Dette er en kommentar. Kommentarer skrives av Aftenbladets kommentatorer, redaktører og gjestekommentatorer, og gir uttrykk for deres egne meninger og analyser.

I det klassiske teaterstykket «Tolvskillingsoperaen» (1928) av Kurt Weill, med tekst av Bertolt Brecht, blir ein av de mest kjende linene sunge av ’Mack med kniven’ – om at fyrst kjem maten, så kjem moralen. Eller som det står i ei anna omsetjing: «Ein må eta før ein får moral.» I Brecht sitt stykke handlar denne innsikta om at ein ikkje kan fordøma dei fattige og dei som svelt for at dei stel eller lever utanfor lova, – men det kunne likeins godt vore overskrifta på landbruksforhandlingane i Noreg dei neste åra. Og for verda i møte med klimaendringar og befolkningseksplosjon.

Sjølv etter ein kald vinter i Noreg i år, ser det ut som temperaturane i verda kjem til å gjera 2024 til nok eit varmt og vêrhardt år. Om denne utviklinga fortset, vil det ramma matvareproduksjonen i dei områda som i dag er verdas spiskammers. Det skjer samstundes som krigen i Ukraina ikkje ser ut til å ta slutt, energiprisane kan stiga som fylgje av krig i Midtausten og draumen om verda som ei stor frihandelssone fell saman nærast dag for dag. Og om ikkje det er nok, så har verdas befolkning dobla seg på éin generasjon, og kjem til å vekse i mange år framover. Me pressar allereie naturen knallhardt i dei fruktbare områda for å produsera stadig meir, medan husdyr for lengst har vorte kjøtproduserande maskinar i dei store fjøsa i USA, Europa og andre stadar i verda. Til saman burde det vore nok til at så vel Storting som folk i Noreg burde vera klare for å ta radikale og store grep i norsk landbrukspolitikk.

Matvarekrisa

Diverre er det ikkje slik. I staden diskuterer ein framleis, i alle fall i Stortinget og i avisene, som om det å sikra matvareproduksjon i Noreg er eit slags støttetiltak for bønder og sær interessepolitikk for Senterpartiet. Sjølv om både miljø, klima og den sikkerheitspolitiske situasjonen skulle tilseia at me treng matvaresikkerheit enno meir enn militær sikkerheit dei neste tiåra. Putin lever ikkje evig, men matvarekrisa kan koma og vare lenge, og det må døy langt fleire enn ein og annan diktator for å endra på det. Me har både ei praktisk og moralsk plikt til å produsera så mykje av vår eigen mat som mogleg om me skal fø meir enn ti milliardar menneske på jorda. Men om me skal ta vår eigen geografi og naturressursane på alvor, må me produsera mat på ein annan måte her i landet enn dei gjer i USA, eller for den saks skuld Danmark eller England.

Noreg er eit land med store og rike ressursar, men er ikkje, og har aldri vore, eit land med mykje god landbruksjord. Berre tre prosent av jorda vår er dyrka i dag, og berre ein liten prosent kan nyttast til å dyrka korn. Til samanlikning er 66 prosent av jorda i Danmark dyrka opp. Dette har vore ein del av føresetnaden for livet i Noreg sidan dei fyrste menneska kom hit.

Magnus Lagabøter

I år feirar vi 750-årsjubileum for den fyrste norske landslova, Magnus Lagabøters landslov frå 1274. Om ein les dei nye omsetjingane av denne lova, som Nasjonalbiblioteket har gitt ut i år, vil ein sjå at kong Magnus og alle hans menn var meir enn litt opptekne av nettopp matvaresikkerheit og landbruksproduksjon. Lova kan lesast i parallell til Bertolt Brecht sine klassiske ord. For det fyrste fordi lova faktisk gjer klart at den som stel av naud og svolt, ikkje skal straffast. Også den gongen kom maten før moralen, det var til og med lovfesta. Men om du stal mat av andre grunnar, var straffa til gjengjeld knallhard.

Men det er noko som er enno meir slåande i denne lova frå mellomalderen. Kongen, som gjev lova, regulerer landbruket ned i minste detalj. Det er strenge bøter for den som tek med seg dyreskit frå garden når han flyttar. Gjødsla skal vera igjen på garden så neste man kan dyrka marka. Det er det som tel, ikkje kven som dyrkar ho. I lova er det er ei heil rekke forordningar for ulike vokster, utmarksbeite, fiske og allmenning som skal sikra at alt vert nytta på best tenkjelege vis. Men Magnus går lengre enn som så, han grip med lova si rett inn i den private eigedomsretten og drifta av gardane. I eit kapittel regulerer lova kva tid dei ulike gardane skal ta med buskapen frå heimebeite til stølar og utmarksbeite. Det er sett tid for kva tid dyra skal ut frå heimebeite, og ein frist for kva tid dei kan takast ned att. Det er rimeleg. Om dyra får beite på slåttemarka om sumaren, er det ikkje høy til slåttonna, og då har dei ikkje vinterfôr og må slakta buskap om vinteren. Og då får du mindre kjøt, mjølk og ull neste år. Det veit alle bønder. Men landslova går altså lenger. Den set ei bot til kongen om nokon bonde tek buskapen ned frå stølane for tidleg.

Dette er eit radikalt inngrep i den private eigedomsretten. Straffa for den type toskeskap er det jo bonden sjølv som må leva med. Det er han som må slakta dyr eller kjøpa fôr. Likevel kan ikkje kongen tillate det. Det ser ut til at Noreg i mellomalderen ikkje hadde råd til å ha dumme bønder. Kongeriket trong all den maten jorda kunne produsera.

Lærdomen

Me lever ikkje i mellomalderen lenger, og takk for det! Men me bør læra av den 750 år gamle lova no, og gjera radikale grep for å sikra det same som kong Magnus var oppteken av. At me sikrar at landet vårt produserer all den maten me kan, på den måten som geografien vår gjer mogleg.

Publisert:

Publisert: 27. april 2024 07:30

Read Entire Article