Adi Abu Shab er ein av dei som har måtta amputert beinet som følge av krigen.
21-åringen har berre ein draum – å få beinet sitt tilbake.
– Eg har lyst til å gå. Eg ber til Gud om at eg får beinet mitt tilbake.
Adi Abu Shab har fått beinet sitt amputert. Her får 21-åringen hjelp av Norwac-legar.
Foto: Ahmad Abu Kmeil / NRKMedan diskusjonar om anerkjenning av Palestina går føre seg i New York, held krigen i Gaza by fram.
Israel si krigføring får no store konsekvensar for sjukehus lengre sør i Gaza.
Fleire skadde pasientar må gjennomgå amputasjonar, ettersom materiell og medisinar ikkje strekk til.
– Ulidelege smerter
Eit norsk team med legar jobbar ved sjukehuset i Khan Younis sør på Gazastripa.
Fleire palestinarar er drepne eller skadde etter bombeangrep mot nabolag – mange av dei er born.
Dei norske legane opplever eit aukande trykk på sjukehusa.
Norwac-lege Geir Stray Andreassen.
Foto: Ahmad Abu Kmeil / NRKFolk er på flukt, og mange palestinarar oppsøker sjukehuset i sør.
– Mange har brotskadar. Dei har blitt transportert heilt ned hit i eselkjerrer, trehjulingar eller anna transportmiddel i ulidelege smerter.
Det seier Norwac-lege Geir Stray Andreassen til NRK.
– Palestina er vårt
Samstundes som sjukehusa jobbar på spreng, tala Palestina sin president Mahmoud Abbas til FN si forsamling i New York.
– Uansett kor mykje såra våre blør og uansett kor lenge lidingane varer, vil det ikkje bryte viljen vår til å leve og overleve, seier Abbas.
– Palestina er vårt, legg han til.
Palestina sin president Mahmoud Abbas tala i FN.
Foto: Angelina Katsanis / AP / NTBAbbas takka «alle folk og organisasjonar i verda som har protestert til støtte for det palestinske folket sin rett til fridom og sjølvstende»
Presidenten omtala Israel sitt angrep for «krigsbrotsverk og brotsverk mot menneskeslekta».
Abbas tok også avstand frå Hamas og deira handlingar.
– Trass i alt folket vårt har lidd, avviser vi det Hamas gjennomførte 7. oktober. Hamas må levere sine våpen til palestinske styresmakter.
Manglar antibiotika
Samstundes som talen gjekk føre seg i New York, jobba legane i Gaza for fullt.
Noreg har nyleg finansiert medisinsk utstyr til sjukehuset sør på Gazastripa.
Men behovet er stort og utstyret strekk ikkje til.
– Det er mangel på visse antibiotika. Det kan gjere at vi ikkje får kontroll med infeksjonane og igjen fører til at det må amputerast.
Dei norske legane fryktar at helsevesenet vil bryte saman dersom krigen eskalerer.
– Situasjonen i Gaza er katastrofal. Helsevesenet har nærmast heilt kollapsa, seier Stray Andreassen.
– Ingen veit korleis dette vil gå viss vi no får hundretusen av pasientar frå nord, legg Norwac-legen til.
Publisert 25.09.2025, kl. 18.27