Generasjonspartiets Gyda Oddekalv har gått hardt ut mot maktpersonar under valkampen. No er ho sjølv bak skjema på lovnadane.

Publisert 09.09.2025 09:53
Gyda Oddekalv og Generasjonspartiet gjekk til val på å «ta demokratiet tilbake», mellom anna ved å utvikle ein app som skal gi folket ein arena for å stemme direkte over enkeltsaker.
Partiet lova å lansere appen før valet.
No er valet overstått og appen er ingen stad å sjå.
Nettsida har riktignok fått eit nytt design, men det er framleis kun mogleg å melde seg på ei venteliste.
– Vi er litt forseinka. Eg er fokusert og ein optimist som ikkje gir meg, sier Gyda Oddekalv i Generasjonspartiet.

Skapa debatt
Måten appen skal fungere på, er at brukarar kan verifisere seg med BankID og på under eitt minutt stemme over kva ein meiner om enkeltsaker.
Ifølgje partiprogrammet, er appen partipolitisk nøytral og uavhengig av partiet.
«Det betyr at det ikke er vi som har definisjonsmakten på hvilke saker som tas opp, men folket» står det i partiprogrammet.
Appen har skapa debatt. Sjølv om Generasjonspartiet understrekar at appen er partipolitisk nøytral, blir appen utvikla av selskapet Okasi 1, som er Gyda Oddekalv sitt eige tech-selskap.
Dei har fått 200.000 kroner av Innovasjon Norge i etablerartilskot. Tidlegare var lanseringa satt til juni månad.
Unge Høgre-leiar Ola Svenneby, som i natt ikkje kom inn på Stortinget, har tidlegare stilt spørsmål ved om appen i det heile tatt finst.
Også Subjekt har omtala forseinkinga.
– Handlar om ansvar
At appen også no er forseinka, er ikkje noko problem, ifølgje partileiaren.
– Om dette blir forseinka nokre veker så gjer det ingenting, då slike endringar faktisk har innverknad i lang tid etter mi levetid, seier Oddekalv.
På spørsmål om kvifor appen ikkje er klar, seier ho at ho er ambisiøs og nokre gongar gjer feilvurderingar, og at utviklinga tok lenger tid enn ho først såg for seg.

Det første løftebrotet i valet?
– Demokratiet vårt fortener kvalitet, ikkje hastverk, seier ho.
Etter spørsmål frå TV 2 om dette tel som eit løftebrot, beklagar ho dersom nokon opplever det slik.
– For oss handlar det om ansvar. Appen skal ikkje konkurrere med valet, men vere eit tillegg til demokratiet som inkluderer fleire stemmer mellom vala.
Ho fortel at dei allereie har implementert BankID og testa dette i løysinga, og at ordninga fungerer fint. Dei testar ifølge henne framleis ein betaversjon og det skal vera fleire tusen på venteliste for å bruke appen.
– Vi vil ta ei veke etter valet og lande, deretter er det fullt fokus på lansering, seier Oddekalv.
