Louvre-museet stengt etter tjuveri

4 hours ago 4



Sundag morgon blei Louvre-museet i Paris rana.

Ifølge kjelder til AFP og Le Parisien skal minst éin person ha tatt seg inn i museet ved opningstid.

Gjerningspersonane skal ha brukt motorsag og frakteheis for å komme seg inn i utstillingsområdet, der dei stal ni historiske smykke frå Napoléon-samlinga.

Det skal vere snakk om mellom anna eit halskjede, ei brosje og ein tiara.

Ingen personar er skadde.

Museet kjem til å halde stengt resten av dagen.

Det var Frankrikes kulturminister Rachida Dati som meldte om hendinga på X.

Read Entire Article