Over hundre politifolk leitar etter tjuvane som stal smykke verd meir enn éin milliard kroner frå Louvre-museet i Paris i helga.
Innanriksminister Laurent Nunez seier etterforskinga «går framover».
– Eg er hundre prosent sikker på at vi vil finne dei skuldige, sa han onsdag.
Museumsdirektør Laurence des Cars måtte same dag i ei høyring i senatet for å svare for korleis tjuveriet kunne skje.
– Trass i vår innsats, trass i arbeidet vi gjorde kvar dag har vi blitt overvunne, sa ho.
Diademet, smykket og den eine av desse dropeforma øyredobbane vart stolne. Settet tilhøyrde dronning Marie-Amélie.
Foto: LouvreDette perlediademet tilhøyrde keisarinne Eugénie. Det er dekka med 212 perler og 1998 diamantar, ifølge museet.
Foto: LouvreDette settet med smaragdsmykke fekk dronning Marie-Louise då ho gifta seg med keisar Napoléon Bonaparte i 1810.
Foto: LouvreDenne diamantdekka sløyfa tilhøyrde keisarinne Eugénie. Sløyfa var opphavleg del av eit belte som bestod av over 4000 edelsteinar.
Foto: LouvreKeisarinne Eugénie var òg eigar av denne brosja med sju store diamantar.
Foto: LouvreTjuvane prøvde òg å stela denne krona som tilhøyrde keisarinne Eugénie, men mista ho på vegen. Ifølge franske medium vart krona funnen like i nærleiken av Louvre, delvis øydelagd.
Foto: Louvre
Kamera peikte feil veg
Des Cars seier årsaka til at dei ikkje oppdaga tjuvane raskt nok var mangel på overvakingskamera på utsida av bygget.
Det var heller ikkje overvaking av balkongen kor gjerningsmennene, med hjelp av ei møbelkran og vinkelslipar, braut seg inn.
Museumsdirektør Laurence des Cars seier ho sjølv åtvara mot dårleg sikring da ho tiltredde i 2021.
Foto: BERTRAND GUAY / AFP / NTB– Kameraa dekker tydelegvis ikkje alle fasadane på Louvre, og dessverre er det einaste kameraet som er installert på sida av Apollo-galleriet retta mot vest og dekker derfor ikkje balkongen som blei brukt i innbrotet, seier ho ifølge AFP.
Under høyringa foreslo des Cars betre overvaking og ein politistasjon inne på museet, skriv Reuters.
Det blei også klart at politiet blei varsla først fem minutt etter at tjuvane klatra inn balkongen. Dei var ute igjen med juvelane etter åtte minutt, skriv BBC.
Kan fikse krona
Dei stolne smykka har ein estimert verdi på 88 millionar euro, drygt ein milliard kroner, ifølgje den franske påtalemakta.
Tjuvane fekk likevel ikkje med seg alt dei ville ha. Ei historisk krone med diamantar og smaragdar vart funnen gata etter innbrotet. Korna var skada, men er mogleg å fikse, opplyser museumsdirektøren.
– Innleiande vurderingar tyder på at ei forsiktig restaurering er mogleg, seier des Cars.
Ho forklarte at krona ikkje vart skadd av fallet, men av at ranarane prøvde å trekkje henne ut gjennom ein for lita opning i det spesielle smykkeskapet.
Onsdag opna museet dørene igjen for første gong etter innbrotet.
Publisert 22.10.2025, kl. 21.54