Louis (4) badar i elleve grader: Kaldare klima har ikkje skremt turistane

3 hours ago 1



Dersom du er ute etter elleve grader, grå skyer og tunge regndropar, då er det Noreg som er sjølve smørauget.

I Bergen kan hotellnæringa sjå tilbake på ein fantastisk junimånad.

– Folk vil ha eit klima der dei kan puste og det er behageleg å gå ut. Vi har sunne og trygge reiser, og tikkar av på veldig mange boksar for internasjonalt reisande, seier Yngve Hansen, direktør for Bergen Børs Hotel og Skostredet Hotel i Bergen.

Yngve Hansen, utanfor Bergen Børs Hotel

Hotellnæringa i Bergen kan sjå tilbake på ein strålande juni månad. Hotelldirektør for Bergen Børs Hotel og Skostredet Hotel, Yngve Hansen trur Bergen tener på å vere ein liten og kompakt by. – Og så er det jo vanskeleg å unngå verdas finaste by, seier han lurt.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Hotellsesongen i fjor var strålande, og no ser han ut til å gå like bra i år. Bergen toppar lista over norske hotellbyar i juni. Det syner ferske junital frå Benchmarking Alliance og Wiederstrøm.

I Oslo har det vore varmare, men også hovudstaden er godt besøkt. Dei håpar på ny turistrekord, etter rekordbesøk i 2025.

Hotellromma i dei største norske byane er like fulle som i fjor, der 75 prosent av romma er opptekne.

I Bergen fyller gjestene nær 83 prosent av hotellromma – ein auke på rundt 4 prosent frå i fjor.

Det skjer på same tid som sola for det meste var fråverande. Berre knappe 100 timar lyste ho opp over vestlandshovudstaden, ifølgje BT.

turistar på fisketorget i Bergen

Vestlandshovudstaden Bergen kan skilte med flest hotellovernattingar i heile landet i juni.

Foto: Kristianne Laurita Fure Briceno / NRK

Ser ut til å halde fram

– Vi har ikkje noko i mot kaldt vêr, eg synest det er kult. I Frankrike har vi over 40 grader og eit tropisk klima, seier Monika Quibeldey.

fiskestong i vatn Jølster

Uteaktivitetar tett på naturen er noko av det som lokkar turistar nordover og til eit (ofte) våtare, men også kaldare klima.

Foto: Nils Ole Refvik / NRK

70-åringen frå Frankrike er på sin første tur til Noreg. I to veker har ho og familien reist rundt på Vestlandet. Ho trur dei vil kome tilbake.

– Heime døyr folk av varme, men det er sjeldan ein døyr av kulde.

Særleg franske og engelske turistar skyr reisemål som er utsette for ekstremvêr, viser den nyaste oversikta frå Innovasjon Norge.

Men det er ikkje berre ein kjøligare sommar som lokkar. Fjordar, fjell og draumen om ein aktiv ferie trekkjer framleis turistar til landet.

Ei undersøking gjennomført i Sverige, Danmark, Tyskland, England, Nederland og Frankrike viser at 42 prosent vurderer noregsferie i løpet av dei tre neste åra.

Trafikk ved Låtefoss

Nær trolsk stemning ved Låtefoss i Hardanger er noko av det turistar på Vestlandet kan få oppleve.

Foto: Odd Arne Olderbakk / NRK

Merkar endring på turistane

På campingplassen Jølstraholmen i Jølster er det knappe elleve grader i lufta. Det ligg nysnø på dei høgste toppane i nærleiken. Det hindrar ikkje kanadiske Laura og Louis frå å teste den utandørs vassklia.

Franske turistar badar i ti plussgrader

Å kome til Noreg har stått på den kanadiske familien si ynskjeliste lenge. – Det er det vakraste landet, og folket er fine, så vi har elska det, seier Josiane Bigue.

Foto: NRK

– Ungane elskar det. Det er den beste ferien nokosinne. Det er grått, men vakkert. Og kaldare enn vi ønskte, men vi kryssar fingrane for at varmen kjem, seier mor Josiane Bigue.

Campingplassen dei har teke inn på har nettopp utvida tilbodet sitt. Dei satsar mellom anna på hytter, og har dermed overnattingsplass uansett vêr. Det trur eigaren er eit trekkplaster når vêret ikkje spelar på lag.

Talet på gjestedøgn har gått litt ned for dei i juni, men dei som kjem blir lengre.

Franske turistar badar i ti plussgrader

Kristine Hjelmbrekke ved Jølstraholmen i Sunnfjord har fått besøk av fleire turistar frå Frankrike, Spania og USA til no i sommar.

Foto: NRK

– Dei som kjem legg att meir pengar. Dei betalar kanskje litt meir for ei god overnatting kontra kva dei gjer når det er fint vêr, seier Kristine Hjelmbrekke, leiar for Jølstraholmen landskapshotell og camping.

I Bergen trur hotelldirektøren på vidare vekst. For fotball-VM og Noreg sin innsats der er noko som folk har lagt merke til.

– No gler vi oss til å ønske folk velkommen i år, og med fotball-VM så er det gode sjansar for fleire gode år.

Publisert 08.07.2026, kl. 21.09

Read Entire Article