Lokføraren tok med krise­pakke på jobb: – Det er stans, etter stans, etter stans

1 week ago 14



I løpet av sommaren var det fleire store hendingar og forseinkingar på Bergensbanen.

Det skapte trøbbel for dei mange passasjerane som vart råka.

Men medan persontoga får kompensasjon, sit godstoga igjen med store underskot.

Kristine Shay Dufey har gått på jobb som lokførar i snart 20 år.

– Til slutt tenkte eg, kva kjem til å skje i natt? Kvar blir eg ståande? Så eg kjøpte meg luftmadrass og sovepose. For eg visste aldri kvar eg blei ståande eller om det var straum der.

Bilete av luftmadrass, sovepose m.m. på gulvet inne i toget

Då det var ti timar togstans på Bolstadøyri i sommar, var lokførar Dufey glad for at ho hadde «overlevingskitet» sitt.

Foto: Privat

Togselskapet ho køyrde gods for, BLS Rail AS, slo seg konkurs 28. juli i år. Dei to andre godstogselskapa på Bergensbanen går med millionar i underskot.

Norsk Lokomotivførerforbund ropar no varsku om dårlege rammevilkår for godstogselskapa i heile landet.

Vil ha meir gods på bane

Målet er at meir gods skal fraktast på jernbanen.

Om Noreg skal nå klimamåla må utsleppa kuttast, og jernbanen er det mest miljøvenlege transportalternativet.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård starta året med å vidareføre punktlegheitsløftet og seie at jernbana må fungere betre for godstransporten.

Men ifølge styreleiar Jørn Lindeberget var det nettopp dårleg infrastruktur og kostnadar ved stans på jernbanen som gjorde at BLS Rail AS slo seg konkurs i sommar.

Tok med krisepakke på jobb

Den siste tida lokførar Dufey køyrde gods for selskapet, tok ho alltid med seg ei krisepakke på jobb. I den var det sovepose, liggeunderlag, klede og mat.

– Til slutt så skjedde det eitt eller anna på nesten kvar einaste tur, seier Dufey.

  • Private bilete av utsikt og natur frå togreisene til lokførar Kristine Shay Dufey

    Kristine har hatt utsikt frå lokførarsetet i nesten 20 år.

    Foto: Privat
  • Private bilete av utsikt og natur frå togreisene til lokførar Kristine Shay Dufey

    Det har vore vakre landskap...

    Foto: Privat
  • Private bilete av utsikt og natur frå togreisene til lokførar Kristine Shay Dufey

    ..og snødekt idyll.

    Foto: Privat
  • Private bilete av utsikt og natur frå togreisene til lokførar Kristine Shay Dufey

    Men også eit par tyngre vinternetter.

    Foto: Privat

Lokføraren meiner det berre har gått nedover med jernbanene etter Solberg-regjeringa sin jernbanereform i 2017.

Dufey omtalar det som mange kokkar, mykje søl og utfordringar ingen vil ta ansvar for. Då blir resultatet deretter.

– Stans etter stans etter stans. Så begynner alle småfeila å melde seg. Dei småfeila blir større og større. Og no er det berre brannsløkking...

Samstundes melder godsnæringa om rammevilkår som tek knekken på togselskapa.

Når godset ikkje kjem fram stoppar inntektene

Det er ikkje lagt til rette for lønnsam godstransport på norske jernbaner, meiner både Norsk Lokomotivførerforbund og dei tre togselskapa som har køyrd gods på Bergensbanen.

– Det er ein alvorleg situasjon. Vi har ei pågåande infrastrukturkrise på jernbana, seier Henning Aandal, dagleg leiar i godstogselskapet OnRail.

Henning Aandal, gründer og dagleg leiar i togselskapet Onrail AS på godsterminalen på Alnabru i Oslo.

Dagleg leiar i OnRail fryktar at gjentatte problem på jernbanene gjer at kundane mister tillit til gods på bane.

Foto: A7III-ENG5

Når Bane Nor gir raudt lys på ei strekning kjem ikkje godset fram, og godstogselskapa mister inntektene.

– Godstog er viktig for samfunnet og ein del av den nasjonale forsyningskjeda. Vi fraktar mat, medisinar, post, pakkar, eksportlaks. Det er viktige ting å få fram.

Samstundes beheld dei majoriteten av kostnadane.

– Vi betalar framleis lønn. Vi betalar leige for lokomotiv, vogner og truckar. Og vi får framleis faktura frå Bane Nor på alt vi leiger av dei.

– Selskapa har kniven på strupen

Godstogselskapa får ingen kompensasjon dersom innstillinga er meld meir enn åtte veker i førevegen. Ved kortare varsel får selskapa utbetalt det dei omtalar som ein «symbolsk sum».

Frå september tilbyr Bane Nor inntil 8.400 kroner per innstilte avgang.

Men selskapa kan miste inntekter på over 100.000 kroner per tog som ikkje får køyre, ifølgje Aandal.

Ved lengre stengingar, slik som på Dovrebanen og Raumabenen i år, melder selskapa om tap på fleire titals millionar.

Norsk Lokomotivførerforbund meiner heile godstogbransjen slit økonomisk.

– Godstogselskapa har kniven på strupen. Ein veit ikkje om ein greier å oppretthalde gods på bane i det heile tatt, seier Grethe Thorsen, forbundssekretær i Norsk Lokomotivførerforbund.

Bane Nor: Dei fleste strekningane er overbelasta

Antal avgangar har auka på norske jernbaner. I 2024 var det 15 prosent fleire persontog på skjenene enn for to år sidan.

– Vi har begynt å sjå eit mettingspunkt på jernbana. Dei fleste strekningane våre er overbelasta.

Det seier Anne Kirkhusmo, presseansvarleg i Bane Nor, som omtalar jernbanen som eit offer for sin «eigne miljøvennlege suksess».

– Sterk trafikkvekst på ein gammal infrastruktur og over 90 prosent enkeltspor fører til fleire feil, og til at feila får konsekvensar for fleire tog.

Punktlegheita har peika nedover siste åra, infrastrukturen skrantar og vedlikehaldsetterslepet på jernbanene blir større og større.

Alle godstogselskapa på Bergensbanen går i minus

Norsk Lokomotivførerforbund er ikkje overraska over at eit av togselskapa på Bergensbanen no har gått konkurs.

– Det kunne vore kven som helst av dei tre, for dei er jo heilt skrapa alle saman, seier Thorsen.

  • Godstog frå selskapet BLS Rail AS køyrer på jernbanespor med skog og fjellskråning i bakgrunnen

    Jørn-Ole Steina / BLS Rail AS

    BLS Rail AS

    BLS Rail AS er eigd av svenske BLS Rail AB, og har køyrd gods på norske jernbaner sidan februar 2024.

    28. juli i år slo dei seg konkurs.

    Ekstra kostnadar ved stengde togstrekningar, små marginar og dårlege rammevilkår er årsakene, seier styreleiar Jørn Lindeberget.

    Han meiner også at det er urettferdige konkurransevilkår, og siktar til at statseigde CargoNet held fram drifta trass store underskot.

  • Dagleg leder Henning Aandal i Onrail føre et av selskapets godstog.

    Kjartan Rørslett

    OnRail AS

    OnRail AS har køyrd gods på norske jernbaner sidan 2021.

    I fjor gjekk selskapet 20 millionar kroner i underskot.

    Små marginar, utfordrande rammevilkår og høge kostnadar ved stengde togstrekningar er årsakene til underskotet, seier dagleg leiar Henning Aandal.

    I tillegg var OnRail utestengt frå statens verkstad i Oslo i to år. Statens jernbanetilsyn slo fast at CargoNet og Bane Nor braut lova.

  • et tog på jernbanesporene

    Kjartan Rørslett

    CargoNet AS

    CargoNet AS er eigd av Vygruppen og er den største godstransportøren på norske jernbaner.

    I fjor hadde selskapet eit underskot på 264 millionar kroner.

    Høge kostnadar ved stengde togstrekningar er hovudårsaka, seier kommersiell direktør Carl Fredrik Karlsen.

  • tog på jernbanesporene

    Ole Berg-Rusten / NTB

    Green Cargo

    Green Cargo køyrde gods på norske jernbaner frå 2016 til 2022.

    Då melde morselskapet Green Cargo AB at dei såg seg nøydde til å avvikle drifta i Noreg.

    – Vi ville helst halde fram med drifta i Noreg, men dei økonomiske rammene og situasjonen framover gjer at vi må agere bedriftsøkonomisk ansvarleg, sa administrerande direktør Bengt Fors i Green Cargo Norge AS den gong.

Ho meiner oppsplittinga av jernbanesektoren har ført til uheldig konkurranse.

– Det er jo ei enkeltspora jernbane som eigentleg er så desperat avhengig av samhandling. Og så skal ingen samarbeide. For vilkåra ligg ikkje til rette for det.

Meir statleg kontroll eller meir konkurranse?

Politikarane ser ut til å vere einige om fleire ting; vedlikehald på norske jernbaner har blitt forsømt over mange år, ein må legge meir pengar i vedlikehald og køyre meir gods på jernbanene.

Men korleis jernbana skal driftast er det rift om.

Marthe Hammer, førstekandidat for SV i Hordaland, meiner jernbanereforma frå Høgre-regjeringa må ta sin del av skulda for dagens situasjon.

Marthe Hammer i Vestland SV

Marthe Hammer (SV), førstekandidat for Hordaland.

Foto: Nikita Solenov/SV / Nikita Solenov

Vi er ikkje overraska over utviklinga. Vi har sett faresignala lenge. At det er fleire og fleire selskap som skal konkurrere om den same bana, og prise seg ned til konkurs.

SV meiner at jernbanen bør vere eigd og drifta av det offentlege.

Enda meir oppsplitting og konkurranseutsetting er ikkje det som er løysinga no.

Medan Høgre vil vidareutvikle jernbanereforma og stimulere til meir konkurranse.

Liv Kari Eskeland

Liv Kari Eskeland (H), førstekandidat for Hordaland.

Foto: Ksenia Novikova / NRK ENG2

Då får vi ned prisane, og får brukt meir pengar på drift og vedlikehald av jernbana, seier Liv Kari Eskeland, stortingsrepresentant for Høgre i Hordaland.

Samferdselsdepartementet seier seg einig i at det er ei infrastrukturkrise på jernbana, og meiner at planane til Arbeidarpartiet skal løyse den.

en person i svart skjorte

Abel Cecilie Knibe Kroglund (Ap), statssekretær i Samferdselsdepartementet.

Foto: Sunniva Linjord / NRK

– Vi må fikse den jernbana vi allereie har. For første gong er det sett av meir til drift, vedlikehald og fornying enn til nye prosjekt.

Det seier statssekretær Abel Cecilie Knibe Kroglund, som siktar til nasjonal transportplan 2025–2036.

Hei!

Har du tankar om saka du har lest eller tips til ei anna sak? Då vil eg gjerne høyre frå deg!

Publisert 02.09.2025, kl. 05.46

Read Entire Article