– Han er verd absolutt alt, seier Linda Watten.
Ho er nybakt trebarnsmor til vesle Olai.
Men vegen fram til tredjemann i flokken har vore svært tøff.
Så tøff at både Linda og babyen hennar var i livsfare.
I alle tre graviditetane har 32-åringen nemleg vore råka av ekstrem svangerskapskvalme.
– Det er som å ha spysjuka, matforgifting og fyllesjuka og gonge det med hundre. Det er ei grufull liding som eg ikkje unner min verste fiende, seier ho.
Kvifor ho er blant dei 1–3 prosentane som får lidinga, veit ho ikkje.
Fersk forsking kan gi svar
Men no kan den største forskinga som nokon gong er gjort på temaet, gi svar – og truleg ein kur.
Data frå ein halv million kvinner frå store delar av verda er henta inn.
Frå før er det kjent at hormonet GDF15 har ei kopling til lidinga, noko forskarane tok med seg inn i studien.
Forskinga, som nyleg blei presentert i tidsskriftet «Nature Genetics», har funne genetiske bevis på årsaka til ekstrem svangerskapskvalme.
Det fortel professor Marc Vaudel frå Universitetet i Bergen som har bidrege i den internasjonale studien.
Den viser at årsaka til ekstrem svangerskapskvalme er eit hormon som blir produsert i morkaka.
Dette gjer det mogleg å finne ein kur for lidinga, forklarar Vaudel. Dersom den gravide kvinna får visse typar diabetesmedisin i forkant av svangerskapet, kan kvinna verte mindre følsam for hormonet.
– Det er mykje håp for pasientane og familiane deira, seier forskaren, som håpar og trur det kan kome effektive medisinar for desse.
Forskar: – Så ille at dei tenker på sjølvmord
Forskinga har også vore viktig fordi slår fast GDF15 si rolle, forklarar han.
Årsaka er at mange kvinner har blitt mistrudd.
– Vi ser at ein del kvinner opplever at symptoma deira ikkje blir tekne på alvor, stadfestar Hilde Erdal ved Universitetet i Bergen.
Ho har forska på ekstrem svangerskapskvalme og kva hjelp kvinnene får.
Sjølv om mykje har gått rett veg, er det likevel forbetringspotensial, slår ho fast. Mellom anna får ikkje alle kvinner tilbod om kvalmestillande medisin.
For Linda Watten sin del har ikkje noko av medisinen vore hjelp i og ho har måtte få næring intravenøst.
Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRKKvinner som lir av ekstrem svangerskapskvalme, blir svært dårleg fysisk, men også psykisk.
– Mange får depressive symptom, og ein del rapporterer om sjølvmordstankar. Nokre har oppgitt det som eit val: anten tek eg sjølvmord, elles så må eg ta abort, seier Erdal.
Internasjonal konferanse i Bergen
Opptil 10 prosent av kvinnene som blir råka av ekstrem svangerskapskvalme tek abort.
Det fortel Jone Trovik, overlege og professor ved kvinneklinikken på Haukeland universitetssjukehus.
Ho har forska på ekstrem svangerskapskvalme i mange år og har vore med å starte opp ein internasjonal konferanse om temaet.
18.–20. mai går den av stabelen i Bergen.
Her møte forskarar, klinikarar og pasientar kvarandre og deler kunnskap og erfaring.
Jone Trovik har forska på ekstrem svangerskapskvalme. Ho seier det er behov for meir forsking.
Foto: Sigrid Grøm Bakken / NRKDen mest lovande forskinga på temaet er den som syner genetiske faktorar som aukar risikoen for utvikling av ekstrem svangerskapskvalme, seier Trovik.
Testing av nye kvalmestillande medikament er også lovande, legg ho til.
– Eg trur vi kjem til å finne betre behandling og kome nærmare ei årsak, seier ho.
Frykta for livet sitt
Linda Watten håper det same.
Få veker ut i graviditeten sette kvalmen inn for fullt. Med oppkast 50 gonger i døgnet, rasa vekta nedover over.
Foto: PrivatSjølv kasta ho opp oppimot 40–50 gonger dagleg i svangerskapa med Olivia (3) og Odin (snart 5) og raste ned i vekt.
Håpet var at det tredje svangerskapet ville gå betre.
– Eg trudde det ikkje kunne bli verre, men det blei det, seier trebarnsmora.
I mars var ho blitt så underernært at legane frykta for livet hennar.
Ho kunne ikkje lenger vere heime med familien, men måtte leggast inn på Førde sentralsjukehus.
Fleire som blir råka av ekstrem svangerskapskvalme. Slike tankar kom også til Linda. Men ultralyden i veke sju der dei såg hjartet til den vesle slå, vekte kamplysta: – Eg forstod at her var det noko eg skulle kjempe for.
Foto: Privat– Eg fekk beskjed om at situasjon min var livstrugande. At både eg og barnet mitt kunne døy av dette er dei orda som sit sterkast att.
32-åringen fekk beskjed om at ho måtte vere på sjukehus i tilfelle hjartet hennar og hjartet til babyen stansa.
NRK møtte Linda på sjukehuset i mars. Dagane var svært tøffe og lange, med ein kvalme som aldri tok slutt.
På sjukehusrommet pryda bildet av dei komande storesøskena Olivia og Odin veggen. No er endeleg veslebroren ute og eit meir vanleg familieliv kan starte.
Foto: Astrid Solheim Korsvoll / NRKDå kjentest det langt fram mot 20. april, som var datoen fødselen skulle setjast i gang.
Kvalmen stoppa på sekundet
I mellomtida drøymde Linda om å møte den vesle babyen for første gong.
Men også om å drikke eit glas med raud saft utan å måtte kaste det opp.
20. april blei begge deler oppfylt.
Etter nær eit heilt svangerskap med oppkast og konstant kvalme, kunne Linda Watten ete og drikke igjen.
Foto: PrivatI dei to første graviditetane forsvann kvalmen i same sekund som det nyfødde barnet blei fødd.
Det gjorde det også denne gongen.
– Å føde og få barnet på brystet er ubeskriveleg. Men nesten like ubeskriveleg er det å kunne ete og drikke utan å verte kvalm og spy gjennom åtte månader.
Den nybakte trebarnsmora må no bygge opp krefter for å verte seg sjølv att.
– Om eg ikkje hadde blitt sjuk, så kunne eg nok ønskt meg fire born. Men dette tok nesten livet av meg, og eg fjerde ville nok aldri gått.
Vesle Olai kom til verda nokre veker for tidleg, men er ein frisk og fin kar.
Foto: Privat / PrivatLinda Watten håper forskarane greier å finne svar og at dei gravide får betre hjelp og forståing.
– Eg trur ikkje du kan skjønne det med mindre du har kjent det på kroppen sjølv. Det er så fysisk og psykisk belastande at eg ikkje finn ord for det.
Linda Watten er endeleg heime i Nordfjord med heile familien att. No håper ho forsking kan finne fleire svar og ein kur på dei som lir av ekstrem svangerskapskvalme.
Foto: PrivatPublisert 07.05.2026, kl. 06.19 Oppdatert 07.05.2026, kl. 07.20




















English (US)