Lege innrømmer skuld etter dødsfall

1 month ago 33



Onsdag møtte legen Mark Chavez i retten i Los Angeles, sikta i samband med dødsfallet til skodespelar Matthew Perry. Han døydde i oktober i fjor.

Tiltalepunktet han innrømmer skuld i dreier seg om ulovleg distribusjon av det narkotiske stoffet ketamin.

Totalt er det fem personar som er sikta i saka. To legar, ein tidlegare regissør, ein personleg assistent og kvinna Jasveen Sangha, også kalla «ketamin-dronninga» av Los Angeles.

No har begge legane innrømt skuld i saka.

Friends-skodespelaren Perry var open om rusmisbruk i åra før han døydde som følgje av overdose.

Funnen død heime

Det var 28. oktober i fjor at Perry vart funnen død i sin eigen heim i Los Angeles i USA. Han vart 54 år gammal.

Han er mest kjend for rolla si som Chandler Bing i TV-serien «Friends», eller «Venner for livet», ein amerikansk situasjonskomedie.

Få timar etter at dødsfallet vart kjend kom dei første minneorda.

– Vi er sønderknuste over at vår venn Matthew Perry er død, sa Warner Bros, produksjonsselskapet bak «Friends».

Maggie Wheeler minnes Matthew Perry på Instagram

Maggie Wheeler, som spelte Chandlers av-og-på-kjæraste Janice i «Friends», skreiv på Instagram at Perry vil bli sakna.

Foto: Skjermbilde / Instagram

Serien hadde ti sesongar i perioden 1994 til 2004, fordelt på 236 episodar.

 Det blir mye trivelig mimring når Matt LeBlanc, Matthew Perry, Jennifer Aniston, Courteney Cox, og Lisa Kudrow er samlet på gamle trakter.

FRIENDS: Matt LeBlanc, Matthew Perry, Jennifer Aniston, Courteney Cox og Lisa Kudrow spelte alle i den kjende TV-serien.

Foto: HBO Nordic

Publisert 02.10.2024, kl. 21.46 Oppdatert 02.10.2024, kl. 21.58

Read Entire Article