Engelsk fotball står veldig sterkt i Noreg samanlikna med våre skandinaviske naboar, ifølge Bernt Hjørnevik, dagleg leiar i den norske supporterklubben for Manchester United.
– Det er ein eller anna forbindelse mellom nordmenn og engelsk fotball, og den har alltid vore der, seier Hjørnevik.
– Nordmenn er tru mot England og engelske lag, legg han til.
Britane kunne juble etter å ha slått Mexico ut av verdscupen.
Foto: Cody Froggatt / PA,NTBHistorisk kamp
Etter ein historisk siger mot Brasil, ventar no England for tur i kvartfinalen som finn stad i Miami i USA komande laurdag.
Hjørnevik synest at England er ein god oppfølgar til Brasil-kampen, spesielt sidan «fleire spelarar vil møte sitt andre heimland på fotballbanen».
For mange blir det ein kamp mellom Noreg og favorittspelarane frå dei engelske klubbane.
Det norske landslaget tok dei fiktive årene fatt etter sigeren mot Brasil.
Foto: MAURO PIMENTEL / AFP,NTBTore Hansen, dagleg leiar i den norske supporterklubben for Liverpool, er einig i at dei engelske fotballklubbane betyr mykje for nordmenn.
– Gjennomsnittsnordmannen har eit så spesielt forhold til eitt eller anna klubblag i England. Det er vanskeleg å forklare kvifor, men sånn er det, seier han.
Berre i dei norske supporterklubbane til Manchester United og Liverpool er det til saman om lag 100.000 aktive medlemmar.
– Mange har vakse opp med å ha eit spesielt forhold til fotball-England, samtidig er det stor forskjell på klubb og landslag.
Det seier Hansen, som er tydeleg på at han held med Noreg under VM.
Har Norge en sjanse mot England?
Absolutt, dette er helt åpent.
Vinnersjanse


Haaland mot Kane
I London er britane NRK møter godt nøgde med England sin siger mot Mexico. Fleire er sikre på at Noreg ikkje har ein sjanse mot England.
– England går sigrande ut, seier Leo Hartley.
Sjølv om Hartley er trygg på at England vil vinne, er han uroa over kva Erling Braut Haaland kan finne på under kampen.
– Den store faren er Haaland. Han var fantastisk i går. Eg var imponert over spelet til Noreg, seier han om kampen mellom Noreg og Brasil.
Britane Leo Hartley og Lachlan Murray trur at Noreg ryk ut etter laurdagens kamp.
Foto: Gry Blekastad Almås / NRKOgså Lachlan Murray er roleg før laurdagens kamp.
– Vi ser fram til å møte nordmennene i neste runde. Erling Haaland er ein stor spelar, men Harry Kane er ein enda større spelar, seier han.
Murray er sikker på at Noreg kjem til å tape kampen, og at England går sigrande ut av verdscupen.
Håpet om siger er stort blant britane:
Gry Blekastad Almås / NRK
Julia Plewniok
På ein bar i London er Julia Plewniok i godt humør etter gårsdagens kamp mellom England og Mexico.
No ser ho fram til kampen mot Noreg.
– Eg trur det blir ein veldig bra kamp. Eg håpar at begge laga får eit par mål, men eg heiar på England, seier ho.
Gry Blekastad Almås / NRK
George Dancel
Postbodet George Dancel fekk også med seg gårsdagens kamp, sjølv om han måtte tidleg opp for å gå på jobb.
Han er nøgd med England sin trenar, og er spent på den komande kampen.
– Haaland er veldig god. Eg kan ikkje spå kva som vil skje. Noreg er eit godt lag, seier han.
– Eg trur det blir avgjort med straffe, legg han til.
Gry Blekastad Almås / NRK
Louis Tonkin
Britiske Louis Tonkin er ikkje i tvil om at England vil gå sigrande ut av kampen og meisterskapen.
– Lett, ingen problem, seier han.
Han trur at England har overtaket på Noreg, så lenge dei har kontroll på Haaland.
– Den perfekte motstandaren
I Ålesund har fleire håp for det norske landslaget.
– Noreg slår England naturlegvis, så det blir ein draum. Den perfekte motstandaren for Noreg, seier Robert Valderhaug.
Også Ivar Sølberg er håpefull:
– Hjartet seier at vi slår England 2–0.
Britiske turistar i byen har andre spådommar enn nordmennene:
Mia Sofie Ytreberg / NRK
Trevor Griffin
Briten er spent i forkant av kampen mellom England og Noreg, og særleg ein spelar har utmerka seg for Griffin.
– Eg veit ikkje korleis verda kan handtere Haaland. Han er eit fenomen, seier Griffin.
Cruiseturisten er imponert over fotballspelaren sine mange mål under meisterskapen, men han har framleis håp om at England kan vinne.
Mia Sofie Ytreberg / NRK
Victor Yarnall
Også Yarnall er spent på korleis kampen til helga vil ende.
– Dei er to liknande lag, så det blir interessant å sjå kva som skjer, seier han.
Turisten trur England vil gå sigrande av banen, men at det blir ein kamp med få mål for begge laga.
Mia Sofie Ytreberg / NRK
Richard Thomson
– Begge laga har mykje å tape. Eg trur det blir ein kjempekamp, seier engelskmannen.
Thomson trur at dei norske spelarane vil vere tøffe motstandar for det engelske landslaget.
– Eg må vere positiv og seie at England kjem til å vinne, men eg er ikkje overbevist, seier han og ler.
Britane er ikkje aleine om å sjå fram til kampdagen.
– Sjølv om vi er store tilhengarar av engelsk fotball, og for vår del Manchester United, trur eg det blir ein kamp som i VM er ei storhending, seier Hjørnevik.
Det er Liverpool-supporteren også einig i:
– Det blir ekstremt spennande. Ja, det er Noreg mot England, men det er settingen ved at det er ein kvartfinale som gjer det så spesielt og så historisk, seier Hansen.
Høyr alt om meisterskapen i podkasten Bakrommet:
Publisert 06.07.2026, kl. 20.03












English (US)