BOK: Er det ikkje godt å lesa ein roman som fyller deg med eit inderleg ønske om å gjera andre sitt liv litt betre?
Publisert: Publisert:
For mindre enn 20 minutter siden
Lars Saabye Christensen: Kjøkken. Roman. 474 sider. Cappelen Damm.
Eg heng meg ofte opp i titlar, og då eg såg overskrifta på Lars Saabye Christensens siste roman, tenkte eg: Noko så anonymt og unnseleg, til og med i bøyinga – ubestemt form. Noko så smått og stakkarsleg. Noko så kvinneleg. Eit kapittel og to seinare tenkte eg: Den tittelen er ganske presis og gjennomtenkt.
Med «Kjøkken» er Lars Saabye Christensen tilbake i litt av det same landskapet som i «Vrakeren» (2023), etter den heller mislykka og overdrive politisk korrekte satiren «Omagiu» (2024). Me følgjer denne gongen ekteparet Gerd og Gerhard Minde og sonen Kai frå hausten 1975 og eitt år framover i Munkedamsveien 21 i Oslo. Når Kai flyttar ut for å studera, oppstår ein tomt reir-situasjon for husmora Gerd. Ho byrjar å tenka over om det å leva på nåden til ein knusktørr og pedantisk hustyrann av ein forsikringsagent var det beste ho kunne håpa på i livet. Men kanskje kan det vidunderligste skje?
«Kjøkken» er ein feministisk roman. Det er ein feministisk roman som er skriven av ein mann i 70-åra, og som skriv romanen betre enn nokon feminist hadde klart. Det burde gjera dagens feministar glade, men det gjer dei nok i staden sure, kjenner eg dei rett. «Kjøkken» er ein roman om å vera redd for å døy.
«Kjøkken» er ein roman med eit elegant og intelligent omslagsdesign, utforma av Aud Gloppen. «Kjøkken» er ein roman som kan likna litt på Geir Gulliksens «Øvre port, nedre port», begge samlivsskildringar frå ei tid då folk hadde reelle problem. «Kjøkken» er ein roman om kjønn og klasse. «Kjøkken» er ein litt morosam og veldig trist roman. Den kan minna litt om «Jubel», men er mindre morosam og meir trist. «Kjøkken» er ein roman som hintar til husfruekeisemda i «Madame Bovary», til Kafkas klaustrofobiske overvakingskjensle og Mykles knugande konfliktar med det småborgarleg smålege.
«Kjøkken» er ein gammaldags roman, gammaldags skriven med allvitande, tredje persons synsvinkel og med gammaldagse haldningar; som å ta inn over seg andre sin situasjon med medkjensle. «Kjøkken» er ein så gammaldags roman at det er ein radikal roman. «Kjøkken» er ein roman om tid. «Kjøkken» er ein roman der det skjer noko uventa. «Kjøkken» er ein inderleg roman. «Kjøkken» er ein roman som gir meg tilbake litt av trua på romanen som kunstform, og den kjensla er det lenge sidan eg har hatt.
«Kjøkken» er ein roman som touchar det melodramatiske, der særleg Gerhard er ein figur som nærmar seg karikaturen. «Kjøkken» er ein roman om å skriva, om forfattargjerninga, om kunsten, praksisar som ikkje utan vidare blir sympatisk framstilt. «Kjøkken» er ein roman der poeten Lars Saabye Christensen får vist seg fram, gjennom formuleringar som «Hun er ikke glad. Hun er bare glad til». «Kjøkken» er ein roman der humoristen Lars Saabye Christensen får vist seg fram, gjennom scenar og situasjonar som er så subtile at det ikkje gir noko meining å referera til dei her.
«Kjøkken» er ein roman mor mi hadde likt.
«Kjøkken» er ein roman der dramaturgen Lars Saabye Christensen får vist seg fram, gjennom scenar, situasjonar og replikkar som er svært velsmurde og truverdige. «Kjøkken» er ein roman om å ikkje lida nokon fysisk naud, men samstundes ha den såre erkjenninga av å ikkje bli sett pris på av sine næraste, para med vemodet av at livet gjekk ein forbi, utan at ein forstår kva som skjedde. «Kjøkken» er ein roman om lotteri.
«Kjøkken» er ein roman som Lars Saabye Christensen har skrive med hjartet. «Kjøkken» er ein roman som når fram til lesaren sitt hjarte, og der lesaren får eit ønske om å endra sine medmenneske sitt liv, slik at det ikkje ender opp som Gerds. Om nokre få år ligg du under torva, uansett kor ung du måtte vera. Bruk tida fram til då på å gjera livet leveleg både for deg sjølv og dei rundt deg.
Publisert:
Publisert: 23. februar 2026 14:23

1 hour ago
1







English (US)