Langt fleire kommunar stod på kriselista for 20 år sidan: – Men krisa er verre nå

3 hours ago 3



Det siste året har det blitt nesten dobbelt så mange kommunar med alvorleg økonomisk ubalanse her i landet.

23 kommunar står nå på den såkalla Robek-lista (sjå nedst). Det betyr at økonomien deira er så dårleg at staten tar ekstra kontroll over pengebruken. I fjor haust var talet 12.

Nå fryktar kommunanes interesseorganisasjon KS at det blir ei ny dobling, til rundt 50 «Robek-kommunar» det kommande året.

Færre enn før

Men dette er likevel langt færre enn for tjue år sidan, slik grafen under viser.

Status ved utgangen av året var verst i 2004. Då stod 118 på lista. Men det toppa seg eigentleg året etter.

Blant dåtidas 433 kommunar, stod heile 137 på Robek-lista i heile eller delar av 2005.

32 prosent av norske kommunar hadde i 2005 altså stor ubalanse mellom inntekter og utgifter.

Til samanlikning: Dei 23 «Robek-kommunane» i 2024 utgjer berre 6,4 prosent av dagens 357 kommunar.

Figuren viser antal kommunar i ROBEK i perioden januar 2001 til desember 2023.

Langt over 100 kommunar stod på Robek-lista for 20 år sidan. I desember 2024 er det «berre» 23. Likevel er krisa i Kommune-Noreg verre nå, ifølge kommunane og departementet.

Grafikk: Regjeringen.no

Likevel ropar kommunane no høgt om krise og krisehjelp.

– Det er ein gjengangar, det. Det er liksom aldri godt nok, seier Kjetil Lie.

Seniorforskaren ved Telemarksforsking har inntrykk av at kommunane eigentleg alltid klagar på staten. No som for tjue år sidan.

– Det var ein kjent herremann som i si tid sa at når ein kommune først ser lys i enden av tunnelen, så ropar kommunen på meir tunnel, ler Lie.

Kjetil Lie ved Telemarksforsking

Er situasjonen no eigentleg verre eller betre enn i 2005? Svaret er «både-og», seier seniorforskar Kjetil Lie ved Telemarksforsking.

Foto: Kjell Aulie / Varden

Svar 1: «Verre no»

Avdelingsdirektør Rune Bye i Kommuneorganisasjonen KS slår fast at Kommune-Noreg har det verre i dag.

– Situasjonen er ikkje langt betre enn den var for 20 år sidan. Det er endå fleire kommunar som slit med presset i økonomien sin i dag, enn det var då.

Seniorforskar Kjetil Lie ved Telemarksforsking stemmer i.

– Det er opplagt at mange kommunar kjem til å oppleva eit veldig dårleg netto driftsresultat i år, seier han.

Også kommunalminister Erling Sande (Sp) skriv under på dette.

– For mange kommunar er det tøft no. Det er dyrtid med auka kostnader og auka rentekostnader, og samstundes aktivitetsvekst i kommunane, seier han.

Hartvig Magnus Sverdrup la frem forslaget om å slå Moskenes "konkurs".

Moskenes kommune har vore på Robek-lista i 12 år. Lokalpolitikarane var litt matte i blikket då dei i februar slo kommunen «konkurs».

Foto: Vilde Bratland Erikstad / NRK

Svar 2: «Betre no»

Men kvifor er det likevel «berre» 23 kommunar som har så stor ubalanse mellom inntekter og utgifter at dei står på Robek-lista?

Hovudforklaringa er ikkje at regjeringa 1. november gav 5 milliardar kroner ekstra til kommunane og fylkeskommunane.

Hovudårsaka er heller ikkje at kommunane vart større og meir økonomisk robuste på grunn av kommunereforma rundt 2018: Kommunesamanslåingar medførte at antal kommunar gjekk ned frå 428 til 356.

Rett nok vart det 30 færre Robek-kommunar mellom 2016 og 2018. Men allereie mellom 2004 og 2006 hadde det blitt 80 færre Robek-kommunar.

Den viktigaste årsaka til at Robek-lista har blitt svært mykje kortare dei siste tjue åra, er denne:

Kommunane har i fleire år blitt overraska med gode skatteinntekter når det nærmar seg nyttår.

Baktus, fra Torbjørn Egners "Karius og Baktus"

Etter å ha spist «så mykje søtmat at vi nesten sprekk», kravde Karius og Baktus loff med sirup. Etter fleire år med gode ekstra skatteinntekter ropar norske kommunar nå på meir frå staten.

Foto: Håkon Mosvold Larsen / SCANPIX

– Vi har hatt veldig høge inntekter på slutten av året, seier Bye.

Dermed har mange kommunar bygd opp ganske store fondsreservar på grunn av gode skatteår.

– I den forstand er situasjonen betre enn rundt 2005. Kommunane har på ein måte blitt bortskjemde, seier Lie.

Det negative er at dei kortvarige eingongsinntektene frå skatt har gitt ein økonomisk «buffer» som på ein måte har skjult kor dårleg det eigentleg stod til (sjå faktaboks).

Netto driftsresultat i kommunesektoren med og utan eitt-årig meirskattevekst (2015-2023). Det underliggande presset i økonomien har blitt skjult av eingongsinntekter frå skatt.

«Overraskande» ekstra skatteinntekter (raud farge) gjorde at Kommune-Noreg heldt seg over den tilrådde driftsbalansen (grøn linje) også i dårlege år som 2018, 2019 og 2022, men i 2023 og 2024 kjem problema tydeleg fram.

Foto: KS

Buffer mot Robek

Det gode er sjølvsagt at kommunane kunne leva på bufferen. Dei gode åra med disponible fond gjer at ein ikkje har fått like dramatiske utslag som ein fekk etter tusenårsskiftet.

– Når dei no har hatt underskot i drifta si, har dei tært på bufferane. Derfor er det ikkje fleire kommunar som er komne inn på Robek-lista. For tjue år sidan hadde ikkje kommunane så store bufferar. Det er nok hovudgrunnen til at det var langt fleire kommunar på tidleg 2000-tal som var i Robek.

Men Bye avviser at kommunane dermed eigentleg har det lettare no enn i 2005.

– Vi var ikkje i nærleiken av like svake driftsresultat tidleg på 2000-talet.

Rune Bye, avdelingsdirektør for kommuneøkonomi i KS. Offisielt pressefoto.

Rune Bye i KS seier at gode ekstra skatteinntekter har redda mange kommunar som har dårlege driftsresultat, men fleire manglar nå buffer.

Foto: KS

50 kommunar i faresona

Men no er mange kommunar i ferd med å bruka opp bufferen sin.

– Veldig mange av kommunane har bufferar. Men dei som ikkje har bufferar, kan ende på Robek-lista, seier han.

Både Bye og Lie anslår at doblinga vi har sett det siste året, blir etterfølgd av ei ny dobling til kanskje 50 kommunar neste år.

– Det er 40–50 kommunar som har veldig lite pengar på disposisjonsfond, seier Bye.

– Vi ønsker jo ikkje ei utvikling der stadig fleire kommunar kjem på Robek-lista, seier kommunalminister Sande.

– Det er viktig at vi frå regjeringas side prøver å hjelpa dei i den krevjande situasjonen dei står i.

Erling Sande

Kommunalminister Erling Sande (Sp) gav i november kommunane 5 milliardar kroner ekstra, men seier dei må rekna med harde økonomiske tider også neste år.

Foto: William Jobling / NRK

Publisert 23.12.2024, kl. 17.25

Read Entire Article