Lagvenninna fekk sjokk av bisarr Johaug-ulykke: – Hjartet i halsen

2 hours ago 3



– Du ser det litt her. Eg var hoven, men det går betre nå.

Therese Johaug peikar på ein mørbanka legg som er blå, rosa og raud. Ein annan stad på leggen er ei skorpe i ferd med å gro.

Men smilet er tilbake hos skidronninga ei veke etter ei treningsøkt ho seint vil gløyme.

Tysdag førre veke skulle landslaget ha rulleski-testrenn i Granåsen, der VM i Trondheim blir arrangert i februar og mars. Men på grunn av våt asfalt og ufyselege vêrforhold vart testen avlyst av omsyn til tryggleiken til utøvarane.

– Eg torde ikkje å gå testløp fordi det var så glatt, seier Johaug.

Men lite visste ho om at den alternative løysinga skulle utsette henne for enda større fare.

Johaugs legg

EI VEKE ETTER: Leggen har vore hoven, forslått og har kutt.

Redda av naudknapp: – Griseflaks

Reserveløysinga vart å ta ein tur på rullebandet for å unngå uhell på trøndersk asfalt fire månader før VM.

Men løping innomhus er risikabelt sjølv for ein rutinert 36-åring med tallause treningstimar på tredemølle.

– Gjett kven som snubla og datt av løpemølla i fart? Jau, det var meg, innleier Johaug til NRK.

Og det kunne ha enda så mykje verre.

Skiesset frå Dalsbygda forklarer med stor entusiasme når ho fortel om den bisarre treningsopplevinga:

– Eg hadde faktisk kjempeflaks. Eg datt på skrå, så skuldra trefte naudknappen på mølla, så den stoppa.

– Plutseleg låg eg på mølla som gjekk, men ho hadde nesten rokke å stoppe idet eg landa. Eg hadde griseflaks, seier Johaug, som understrekar at det kunne ha gått ille.

Pressetreff med langrenn elite

SÅG JOHAUG LIGGE PÅ MØLLA: Landslagsvenninne Margrethe Bergane måtte fleire gonger spørje om det gjekk bra med Johaug.

Foto: Terje Pedersen / NTB

Landslagsvenninne fekk sjokk: – Hjartet i halsen

På rullebandet ved sida av løp landslagskollega Margrethe Bergane.

– Margrethe var ved sida av meg og begge berre: «Wow, ok, kva skjedde her liksom?».

23 år gamle Bergane rykte før denne sesongen opp frå rekruttlandslaget. Økta med Johaug var blant deira første saman.

– Det skjedde veldig fort, så eg fekk ikkje med meg kva som skjedde, men plutseleg låg ho på mølla. Da fekk eg litt sjokk og tenkte «shit, gjekk det bra?», seier Bergane.

– Kor mykje rakk du å tenke?

– Eg rakk ikkje å tenke. Det skjedde så fort. Plutseleg såg eg meg til sida, så låg ho på mølla. Da tenkte eg «oi, shit». Det var hjartet i halsen der eit sekund, seier landslagsvenninna, som legg til at Johaug var rask til å kome seg på beina igjen.

– Eg måtte spørje nokre gonger: «Er du sikker på at det går bra?». For det såg ikkje noko godt ut. Det var bra det gjekk så bra som det gjorde, seier Bergane.

Det høyrer med til historia at alt enda godt for Johaug i Granåsen. 36-åringen vann det utsette testrennet, sjølv om det også der oppstod ein uvanleg situasjon som gjorde henne redd:

NB! Vi gjer merksame på at Therese Johaug var langrennsekspert for NRK dei to siste sesongane. Arbeidsforholdet stansa tidleg på våren 2024 da ho gjorde comeback som utøvar.

Publisert 23.10.2024, kl. 12.19

Read Entire Article