«Lagt for hat» av amerikanske fans: – Går veldig på person

6 hours ago 3



«Langt over streken»

«Latterleg»

«Ein vits»

Slik blir situasjonen beskriven som oppstod rundt den norske superstjerna Viktor Hovland (28) etter at Europa tok sigeren i Ryder Cup søndag.

Dette skjedde utan at det norske golfesset i det heile var i sving da det heile skulle avgjerast. Han måtte stå over på grunn av skade, noko som gav Europa eit «gratis» halvpoeng.

Det fekk ei mengde amerikanarar til å mistenke nordmannen for å overdrive skaden, og meine at han eigentleg burde ha spelt – og tapt.

– Sidan Viktor Hovland sovna med nakken i ein rar posisjon, så blei Europa foræra eit halvt gratispoeng som vann Ryder Cup for dei? For ein vits, skriv Dave Portnoy i Barstool Sports til sine over 3 millionar følgarar på X, tydeleg latterleggjerande.

– Eg treng at ein privatetterforskar fotfølger Hovland som om han hadde meldt inn ein yrkesskade, skriv Portnoy-kollega Dan Katz på X.

Også i kommentarfelta fekk Hovland gjennomgå, og for å strø ekstra salt i såra til amerikanarane, så var ikkje feiringa av det rolege slaget:

Får «Tutta»-støtte

Etter at Europa-sigeren var eit faktum, jubla laget saman og da det var 28-åringen sin tur til å løfte troféet, helte han ekstra bensin på bålet.

Rett før troféet skulle løftast, stoppa Hovland opp eit lite sekund, peika på nakken sin og gliste breitt til publikum.

Det fekk allereie illsinte amerikanarar til å reagere ytterlegare.

Suzann «Tutta» Pettersen har fått kjenne på vreiden til amerikanske golffans tidlegare. I 2015 blei det rabalder under Solheim Cup da ho påpeika eit regelbrot – det heile gjekk så langt at ho vurderte å legge golfkøllene på hylla.

Ho er tydeleg i si Hovland-støtte.

– Kva amerikanske fans er og ikkje er, skal eg ikkje legge meg så mykje oppi, men eg synest at dei gjekk langt over streken sånn generelt gjennom helga, seier «Tutta» til NRK.

– Det er sjølvsagt utruleg kjedeleg for hans eigen del å ikkje få lov til å spele den siste dagen. Det er noko aller drøymer om. Heldigvis har han elleve lagkameratar som nå plukkar han opp. Han står ikkje aleine i stormen, fortset ho.

– Latterleg

Viaplay-kommentator Joakim Mikkelsen er ikkje vidare imponert over det amerikanske golfpublikummet.

Eg synest heile greia blir litt latterleg, seier Mikkelsen, som omtalar den amerikanske fansen og pressa som knallhard.

Han har kommentert opp- og nedturane til nordmannen i fleire år og er éin av dei som trur at Hovlands ettermæle kan ha blitt skitna til.

Trur du det har nokon påverknad på renommeet hans i golfverda?

– Når eg ser korleis folk klarar å reagere, så veit vi jo aldri med amerikanarar. Det vil alltid vere nokon som vel å ta eit sånt parti og eigentleg ... vel å sjå etter noko å plukke på og hate på, seier Mikkelsen.

Går veldig på person

Kommentatorkollega Henrik Bjørnstad i Eurosport bruker same adjektiv om Hovland-stormen: Latterleg.

Det har vore mange hendingar tidlegare i Ryder Cup, men i år var det ekstra ille, synest eg. Publikum går veldig på person og ikkje på nokon saklege ting, seier Bjørnstad.

Begge kommentatorane er tydelege på at laga var klare over skaderegelen – og Bjørnstad minner også på at dette har skjedd tidlegare:

Det er ein heilt klar regel som har vore i Ryder Cup i mange, mange år. Det er vel fjerde gongen han blir nytta nå. Seinast i 1991 så var det USA som måtte ut med skadde spelarar. Da var det Steve Pate, og da enda Ryder Cup 14,5 -13,5 til fordel for USA, seier han.

Fekk bemerkelse frå konkurrent

Men det er ikkje berre kok blant fans og media, den amerikanske lagkapteinen var heller ikkje fornøgd.

– Han burde ikkje få lov til å berre sette seg ned og få eit halvt poeng, sa Keegan Bradley under pressekonferansen i natt.

Da kontra Hovland raskt:

– Ja vel, vi høyrde dei klaga over det. Eg vil seie at dei har eit poeng der, men berre eit halvt eit, svarte han med glimt i auget.

Men når alt kjem til alt: Europa hadde vunne sjølv om USA hadde fått eitt poeng da Hovland trekte seg.

Hovudpersonen sjølv omtalar skadefråværet slik til Viaplay:

– Det er heilt jævlig, det er det. Det er skikkeleg hjarteskjerande. Det er så bra folk her og eg har så lyst til å spele og vinne poeng for dei gutane her, publikum og dei som heiar på oss, seier Hovland.

Publisert 29.09.2025, kl. 16.50

Read Entire Article