Kvinne funnen medvits­laus i Alver

3 hours ago 1



Kvinna som blei funnen medvitslaus, er frakta til Haukeland sjukehus. Det er uklart korleis tilstanden hennar er.

Politiet fekk melding av AMK klokka 20.25, og var til stades både i Åsane og i Alver med fleire patruljar og drone.

I ei oppdatering kl. 03.23 skriv politiet at ei av hypotesane dei jobbar ut frå, er at kvinna er utsett for noko straffbart. Men dei er framleis usikre på kva dei står overfor.

en bil med en person som står foran

Politiet jobba på staden der kvinna blei funnen torsdag kveld.

Foto: Preben Nedreberg Holmøy / NRK

Det var personar som hadde kome til staden, som meldte frå til politiet om at kvinna var medvitslaus.

– Me har avhøyrt personar som har tilknyting til kvinna. Og også personar som har kome til staden i samband med at kvinna blei funnen medvitslaus, seier innsatsleiar på staden, Tom Johannessen.

Politiet forsøker også å koma i kontakt med ein namngitt person.

– Ingen er pågripne.

Publisert 17.10.2025, kl. 05.37 Oppdatert 17.10.2025, kl. 05.52

Read Entire Article