Kvar månad får Frida (34) sjølvmordstankar

12 hours ago 3



I ei fargerik leilegheit i Oslo fortel influensar Frida Grande om dagen for ni år sidan som starta sjukdomsmarerittet.

Heilt ut av det blå slo ein tanke ned i hovudet hennar.

Ho ville ikkje leve lengre.

Kvinne står sidelengs og ser ut av vindauget

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Dagen etterpå var tanken heilt borte.

– Eg enda opp med å ikkje fortelje nokon om det, fordi det kjentest litt skamfullt, seier ho.

Men etter som åra gjekk, kom sjølvmordstankane tilbake i syklus. No lever ho med dei kvar månad i opp mot to veker om gongen.

– På dei verste dagane klarer eg ikkje å gå ut av senga eingong. Eg har så massive sjølvmordstankar at eg berre må prøve å sove det bort.

Portrettbilde av ei kvinne med brunt, oppsett hår og rød og rosastripete genser.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Frida finn ut at ho lid av premenstruell dysforisk liding (PMDD), men lidinga er ikkje godkjent som diagnose i Noreg.

Dermed er det ikkje enkelt for Frida å få hjelp.

Kvinnesjukdom under radaren

Renate Nylund Derås i PMDD Noreg anslår at omtrent 65 tusen kvinner i Noreg har diagnosen PMDD, men talet er vanskeleg å fastslå.

– Utan norsk diagnosekode må vi berre støtte oss på tal frå USA og Sverige.

I motsetnad til dei landa, har ikkje Noreg gått over til det nye diagnosesystemet ICD-11, der PMDD er ein offisiell diagnose.

Det fører til manglande kunnskap.

Mange får heller ein depresjonsdiagnose, der behandlinga er antidepressiva og p-piller.

Stearinlys forma som kvinnekropp frå leilegheita til Frida grande

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Samstundes oppsøker mange private helsetenester og betalar frå eiga lommebok.

– Nytt system kan føre til at fleire får medisinar på blå resept og at kvinner blir møtt med kunnskap og forståing for at sjukdommen er alvorleg, seier Derås håpefullt.

Blei sett på som hysterisk

– Det har vore heilt forferdeleg tungt å kjempe for å få den hjelpa eg treng, seier Frida.

For ho fungerer ingen av behandlingane som blir tilbydd av den offentlege helsetenesta.

Kvinne les bok.Hender som held ei bok med markerte linjer.

Frida Grande har måtta gjort mykje research sjølv.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Ho har bytta fastlege mange gonger fordi ho ikkje har følt at dei har tatt ho på alvor.

– Det har kjentest ut som om dei ser på meg som ei hysterisk kvinne, noko som både er einsamt og skamfullt.

Etter mange år med rundar på DPS, privat psykolog og livsstilsendringar har ho begynt å miste håpet.

Frå ei leilegheit med mørk rosa dør, skjenk med bokstabek, plante og måleri.Etebord føre vindauge

Det har vore viktig for Frida å lyse opp tilværet ved å pynte leilegheita.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Ho ønsker seg at nokon faktisk forstår alvoret i sjukdommen, både for seg sjølv og andre.

– Det er så ubeskriveleg smertefullt å bli møtt med at det eg fortel ikkje er heilt sant og at det ikkje finst noka ordentleg hjelp for meg.

Frå psykolog til gynekolog

Men akkurat det kan ein diagnosekode hjelpe med.

Gynekolog og forskar Nora Johansen fortel at PMDD har blitt bagatellisert blant legane.

  • En portrett av en kvinne som smiler mot kameraet. Kvinnen har blondt hår som rekker henne til skuldrene. Hun har på seg en svart t-skjorte med en rosa cardigan over.

    Nora Johansen

    • Gynekolog og forskar 
    • Spesialist i fødselshjelp og kvinnesjukdommar

– Det har vore for dårleg kunnskap blant legar, rett og slett, seier ho.

I dag finst det tilnærma inga norsk forsking på lidinga.

– Men når diagnosen blir godkjent, kan vi søke i register og journalar, og det er lettare å få forskingsmidlar, seier overlege i gynekologi Nora Johansen.

Bokstabel om kvinnehelse.

I dag må mange kvinner finne informasjon om sjukdommar sjølv.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

I dag fell sjukdommen mellom to stolar i helsetenesta.

– Gynekologar har nok tenkt at det er psykisk, medan psykologar har tenkt at det er hormonelt.

I det nye systemet kjem diagnosen innunder gynekologi, og ikkje under psykiske plager.

Kampen for tilværet

– Eg kjenner verkeleg ikkje igjen meg sjølv, og det livet eg hadde, fortel Frida.

Det har gått fleire år sidan sjølvmordstankane dukka opp for første gong.

Kvinne med brunt, oppsett hår ser på seg sjølv i spegelen.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Det er vanskeleg for ho å beskrive korleis dei to vekene kjennest.

– Det å få folk til å forstå at det forskjell på å vere nedstemt og å tenke på ulike metodar for å ta livet sitt.

Før inneheldt livet hennar ein aktiv arbeidskvardag, sambuar, vennar, hund og teikning, men sjukdommen har stole mykje frå ho.

Kvinne med brunt, oppsett hår ser på ein kjole som heng på kleshengar.Pris frå Vixen awards.

Etter mange år med sjukdom har Frida mista inspirasjonen til å teikne.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

Medan dei rundt ho er på barn nummer to, står livet hennar stille.

– Eg prøver berre å overleve, og det er ekstra vondt når det er tydeleg at alle andre sine liv endrar seg.

Tida renn ut

No klamrar Frida seg fast i håpet på behandling.

Det gamle livet har ho gitt opp å få tilbake, og den energien ho har, brukar ho på å kjempe for kvinnehelse.

Bakhovudet til ei kvinne med brunt, oppsett hår som ser ut av vindauget.

Det som held Frida i live, er motivasjonen for å hjelpe andre kvinner med same liding.

Foto: Julianne Kyoo-Ree Eikrem / NRK

– Eg har skrike ut til heile Noreg at eg er så sjuk som eg er. Viss eg tar livet mitt, og nokon i mi gravferd våger å vere overraska over at eg døydde av PMDD, vil eg vri meg i grava.

Men ikkje alt er mørkt. Førre vinter var ho symptomfri i tre månader.

– Da fekk eg ein smakebit på korleis livet mitt kan vere, og da har eg jo ikkje lyst til å døy. Da vil eg berre leve.

NRK har vore i kontakt med Helsedirektoratet som seier at pasientar skal få god behandling uavhengig av sjukdom og nytt diagnosesystem skal kome innan 2030.

Publisert 21.05.2026, kl. 12.17 Oppdatert 21.05.2026, kl. 12.54

Read Entire Article