– Dette må EBU rydda opp i med ein gong

2 hours ago 4



Moldovske fans var ikkje fornøgde då juryen i landet ikkje gav meir enn tre poeng til det rumenske bidraget.

Tysdag gjekk Vlad Turcanu av som generaldirektør for Teleradio-Moldova etter kraftige reaksjonar i sosiale medium.

– Me distanserte oss frå juryen si stemmegiving, men det er framleis mitt ansvar som sjef for denne institusjonen, seier Turcanu i ein uttale.

Poengtavle frå ESC-finalen på den eine sida. Talsperson og programleiarar på den andre sida.

Rita Englești presenterte dei moldovske jurypoenga under årets ESC-finale.

Faksimile: NRK

Reaksjonane gjekk ut på at fansen var skuffa over at juryen ikkje hadde gitt bidraget frå nabolandet fleire poeng.

Dei gjæve 12 poenga frå den moldovske juryen gjekk til det polske bidraget.

Det moldovske folk gav derimot sine 12 poeng til Romania.

Eksperten reagerer

Juryane i ESC skal opptre uavhengig og skal ikkje bli påverka av politikk eller andre forhold ut over det reint kunstnariske.

– Viss det får så stor påverknad kven som sit i den juryen og kva poeng dei gir så synest eg det er eit teikn på politisk styring, og det er noko EBU må rydda opp i med ein gong.

Det seier NRK sin ESC-ekspert Jim Ødegård Pedersen.

Jim Ødegård Pedersen, eurovision-ekspert, ESC-kommentator

Jim Ødegård Pedersen håper EBU set ned foten for det han meiner er eit teikn på politisk styring av ESC-juryane.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Han synest det er eit viktig prinsipp at juryane skal vera frie frå politisk styring.

– Det er jo sjølvstende me vil ha. Når TV-sjefen vel å trekka seg på grunnlag av dei poenga som blir gitt av det som skal vera ein uavhengig jury, så meiner eg at politikken er så djupt inne i biletet at ein bør endra reglementet.

Kjent fenomen

Dette med å gje poeng til nabolanda sine er eit kjent fenomen i ESC-samanheng.

– Ein ser det jo alltid så og seia med Kypros og Hellas. Det er klart folk irriterer seg over det.

ESC-eksperten er likevel usikker på om det er noko å gjera med saka.

En mann står med hendene opp i været, ved siden av ham står en gammel dame og en statue

Akylas representerte Hellas i årets konkurranse med låta «Ferto». Han fekk som vanleg tolv poeng frå den kypriotiske juryen.

Foto: AFP

– Det er jo nesten umogleg å knekka, for då må ein jo gå inn og overstyra det. Det vil jo òg vera politisk kontrollering.

– Dei har gjort akkurat det dei er bedne om

EBU har i år innført fleire endringar i juryordninga, med den hensikt at juryarbeidet skal bli grundigare og fagleg forankra

– Då er det jo eigentleg positivt å sjå at juryen faktisk gjer eigne vurderingar, òg når resultatet ikkje nødvendigvis samsvarer med politiske forventningar eller naboforhold.

Mads Tørklep

Mads Tørklep er fornøgd (og litt skuffa) over at dei nordiske juryane tydelegvis ikkje lar seg påverka av naboforhold.

Foto: Kjetil Solhøi / NRK

Delegasjonsleiar for Noreg i ESC, Mads Tørklep, er tydeleg på at EBU må på ballen for å minna om at juryane skal vera uavhengige.

– Dei har jo gjort akkurat det dei er bedne om å gjera.

– Så er det både fint og dumt å sjå at det ikkje skjer i nabolanda våre iallfall, avsluttar Tørklep med eit smil.

Noreg fekk 0 poeng av dei danske, svenske og finske juryane i årets ESC-finale.

– Systemet fungerte slik det var meint

I ein e-post til NRK skriv EBU følgande:

– Dette er ei intern sak for Teleradio-Moldova, og me er ikkje i ein posisjon der me kan kommentere dei personlege avgjerdene til leiinga. Det me kan seia, er at juryprosessen fungerte som tilsikta, uavhengig og utan eksternt press, noko som er akkurat det reglane krev.

Vidare skriv dei:

– Reglane for Eurovision Song Contest er utarbeidde nettopp for å garantera at dei nasjonale juryane er uavhengige av kringkastarane. Det at juryen i dette tilfellet kom fram til sin eigen konklusjon, uavhengig av kva kringkastaren føretrekte, viser at systemet fungerte slik det var meint.

Publisert 21.05.2026, kl. 21.27

Read Entire Article