Skjermen viser to personar. Ei kvinne, ein mann.
Dei sit ved sidan av kvarandre. Mannen snakkar. Kvinna framstår rusa. Ho viser fram kroppen sin, naken.
Så seier mannen at han skal valdta kvinna.
«LIVE», står det i ein raud firkant.
Det vesle symbolet oppe i hjørnet viser at det er direktesending.
Eit tal ved sidan av viser at mange ser på.
Mannen har fleire tusen følgjarar.
Ein av dei som ser på, ringer politiet. Meldaren seier folk sit og ser på og heiar fram det som skjer på skjermen.
Kva som hender med kvinna etterpå, er uklart.
Trusselen har uansett blitt sendt ut direkte på TikTok.
Dette er eit faktisk varsel som har blitt ringt inn til politiet. To ulike personar ringer politiet etter denne hendinga.
Det er ikkje den einaste gongen politiet får beskjed om mannen. Lista over varsel er lang:
«Melder har observert X på en livestream og syns han fremstår som ustabil og snakker om å ta livet sitt mens han sitter med en kniv og blod på kinnet.»
Ein time seinare:
«Samme oppdrag som ovenfor. Det blir gjennomført en samtale med X og legevakten.»
Loggen er lang og omfattande. I perioden mellom mars 2022 og april 2024 har politiet over heile landet blitt kontakta om personen.
På desse to åra har politiet registrert 20 straffesaker der han har vore mistenkt, sikta eller domfelt. I tillegg er det 70 loggføringar der han har vore involvert.
Korleis kan ein person sitje på sosiale medium og sende ut videoar med truslar om å valdta kvinna som sit ved sidan av, utan å bli stoppa?
Dette er forteljinga om varsla overgrep.
Men det kan like gjerne vere ei anna forteljing:
Nemleg historia om korfor det likevel nyttar å vere den eine som seier ifrå.
«Kjent psyk.-case»
I videoar sende ut i sosiale medium er det trugslar og rus. Det er dyremishandling og tablettar. Han vil drepe politiet, han vil drepe seg sjølv.
I enkelte av loggføringane står det oppført i parentes at det er ein «kjent psyk.-case». For deg som ikkje les politiloggar ofte, betyr det at personen er kjent for å vere ustabil.
Innimellom treffer politiet han for å sjekke korleis det står til.
«Melder sier X har historikk for å bedra psykisk utviklingshemmede og misbruke dem.»
Dommar han har på seg, viser at han gong på gong går målretta etter kvinner med funksjonsnedsetjing eller utviklingshemming.
Ved starten av 2026 ventar den mest alvorlege rettssaka til no.
Meldingar og menneskehandel
Januar byr på sprengkulde og tussmørke i Tromsø. Kvar morgon bit kuldegradene seg fast i kinna, og midt på dagen får ein hint om at sola snart kjem tilbake.
Det er vanskeleg å sjå korleis dagen endrar seg når ein sit i ein rettssal i tre veker. Fleire av dagane er gardinene dratt ned, for at ingen skal kunne sjå inn.
For på storskjerm skal ulike videoar spelast av. Videoar filma og lagt ut av ein tiltalt som har alvorlege skuldingar mot seg.
Prostitusjon. Tvang. Menneskehandel. Utnytting av kvinner rekna som «særleg sårbare».
Det blir spelt av tilrettelagde avhøyr av tre kvinner som er fornærma i saka.
Det er ikkje første runde i retten for tiltalte.
I ein dom frå 2017 står det at «tiltalte har utnyttet personalia til personar han har hatt en kjæresterelasjon til. Mange av disse har vært mindre ressurssterke kvinner som har hatt oppnemnt verge».
I ein dom frå 2025 kjem det fram at direktestrøyming ut på nett har vore ei stor belastning for den fornærma.
Og no er vi her, i Tromsø, der tre veker i mørket ventar.
Sola kjem snart tilbake, og det lyset treng ein å vende seg mot.
Forklaringane og videoane i Rettssal 8 i Nord-Troms og Senja tingrett skildrar eit menneskeleg mørke ein ikkje vil vere for lenge i.
Utnytta og manipulert
«Få deg kjæreste som har ledsagerbevis. Da kommer du gratis inn på tivoli!»
Det er tipset som kjem i ein video lagt ut i sosiale medium. Videoen blir vist i rettssaka i Tromsø.
Den tiltalte skal inn på tivoli med ei han omtalar som sin kjæraste. Ho er ei kvinne med utviklingshemming. Videoen er meint som eit «tips og triks».
Ikkje berre får du gå gratis inn: Du får også armband rundt handa som viser at du kan gå først i køen.
Og no skal dei ha ein herleg dag på tivoli!
Skuldingane i retten er alt anna enn herlege.
Mannen skal ha tvunge ho han omtalar som kjærasten sin til å ligge med andre mannfolk. Spørsmål om trekant har blitt sendt ut frå telefonen hennar, til nærmare 50 ukjente menneske.
Både denne kvinna og dei to andre fornærma kvinnene skal ha blitt tvungne til sex, dei skal ha blitt utnytta økonomisk og dei skal ha blitt manipulerte.
Den eine av kvinnene skal har vore kjæraste med tiltalte over ein lengre periode, og dei har også vore på fleire reiser saman. Reiser det blir delt flittig frå i sosiale medium.
Det blir også sendt meldingar frå telefonen til kvinna, i fleire ulike sjekkeappar og sosiale medium. Både Grindr, som ofte har blitt brukt av homofile menn for tilfeldig sex, og Snapchat blir hyppig brukt.
Meldingane handlar ofte om sex. Menn dei ikkje kjenner, blir bedde med på trekant, eller om å ha sex med den fornærma.
Ho er ei kvinne med eit kognitivt nivå som tilsvarer barneskulealder, meiner fagfolk.
Ei avgjerande reise
På ei avgjerande reise gjennom landet rusar tiltalte seg så mykje at han må få helsehjelp.
Dei treffer også nokon dei har møtt før, ein mann i Tromsø, som også vitnar i rettssaka.
Førre gong han møtte paret stussa han ikkje på noko.
Men denne gongen får han ei dårleg magekjensle når den tiltalte fortel om reisa dei er på.
Vitnet forklarer at tiltalte skal ha vore veldig rusa, og inne på ei burgersjappe skal han ha vist fram nakenbilde av kvinna.
Han skal ha prøvd å vise videoar og bilde av sexpartnarane dei har treft til no. Det hadde ikkje vitnet lyst til å sjå på.
Han skal også ha sagt til vitnet at han sel kvinna og forklarer målet med reisa:
– No skal vi dra nordover og finne nokon ho kan ligge med.
Det er også eit mål at mannfolka dei treffer skal betale for hotellromma.
Vitnet ringer politiet og er uroleg.
Det endar med at politiet pågrip mannen i Finnmark. Da har paret reist heilt frå Østfold.
– Han var ein karakter
Korleis kan nokon gjere lovbrot retta mot særleg sårbare personar, gong på gong, utan å bli stoppa?
Politiet i Finnmark fekk ein stor jobb med å etterforske saka. Dei gjekk tilbake i tid for å gjere den grundig.
Politietterforskar Haakon Gabrielsen Kvandal seier denne saka har opna dører til rom han ikkje visste fanst. Han hadde ansvar for etterforskinga.
– Saka har gitt meg innblikk i ei samfunnssfære som eg ikkje såg for meg eksisterte. Ei sfære kor det er stort potensiale for utnytting av sårbare personar, seier Kvandal.
– Det handlar jo litt om korleis ein tenker om dei som har ei lettare psykisk utviklingshemming.
– Korleis da?
– Nokre av ofra i saka er vaksne kvinner som er samtykkekompetente, men har fungering på nivå med barn. Så da er det fort at ein tenker på eller behandlar dei som vaksne.
– Det er fort gjort å tenke at dei er frivillig med på noko, men om ein tenker på kor lett det er å manipulere og påverke barn, bør ein kanskje reagere når det skjer ting ein sjølv oppfattar som integritetskrenkande.
Haakon Gabrielsen Kvandal i Finnmark politidistrikt fekk jobben med å etterforske saka med personen som no er dømd til forvaring.
Foto: PolitietHan trur at det kan vere ei av årsakene til at folk ikkje har visst heilt korleis dei skal reagere på innhaldet som har blitt spreidd.
– Eg kan tenke meg at ein del av dei som har sett på, har tenkt at det har vore eit spel, seier han.
– Det var vitne i retten som sa at dei meiner han var ein karakter, for det var ikkje slik han var til vanleg. Og det kan vere sant, det også.
– Men når det i realiteten også skjer ting som ikkje er greie, da bør ein reagere.
Han meiner det er veldig tydeleg i det innhaldet som er delt, at det er snakk om særleg sårbare kvinner.
– Da bør ein varsle politiet. For det er ikkje sikkert at desse kvinnene forstår heilt utstrekninga av det dei er med på.
Han seier at han ikkje hadde høyrt om tiltalte da tipset kom inn. Så starta etterforskinga.
Stenger millionar
Er du over 18 år og har tusen følgjarar eller meir, kan du sende direkte med TikTok-appen. Da kan andre brukarar kommentere undervegs, og du kan sjølv svare.
I 2025 brukte 25 prosent i Noreg TikTok, og 83 prosent i aldersgruppa 16–19 år brukte appen dagleg.
Men ikkje all bruk er god bruk.
- I januar skreiv NRK om at ein person trua med å drepe ein eller fleire personar, og at truslane blei sendt ut via TikTok. Politiet i Ålesund sa da at dei hadde fått uromeldingar frå heile landet.
- I april i år blei ein mann i 30-åra pågripen for drap. Det valde han å sende direkte ut på TikTok, skreiv VG.
- I Danmark blei ein mann i 2023 dømt til forvaring etter overgrep mot 23 offer, jenter og kvinner mellom 12 og 28 år. I danske medium blei han omtala som «TikTok-mannen», fordi det var der han fekk kontakt med offera sine.
I rettssaka i Tromsø fortel politiet at det har kome fleire titals telefonar frå uroa folk som har sett dryge videoar lagt ut i sosiale medium.
Likevel har mannen kunna halde fram med å legge ut video etter video, køyre på med livesending etter livesending.
Mange av dei vekker spørsmålet:
Kva faen såg eg no?
Lukasz Lindell er kommunikasjonssjef for TikTok i Norden.
Foto: TikTokLukasz Lindell er kommunikasjonssjef for TikTok i Norden. Han er gjort kjent med brukaren det her er snakk om, men svarar på generelt grunnlag.
– TikTok LIVE er ein plass der skaparar og fellesskap kan møtast i stunda, oppdage nye perspektiv og bygge meiningsfulle relasjonar i realtid, skriv han i ein e-post til NRK.
Dei brukar både teknikk og utdanna moderatorar for å identifisere og ta vekk innhald som bryt mot reglane til appen. Dette inkluderer innhald som er skadeleg eller ulovleg, forklarar han.
Lindell påpeiker at dei som ser på, også kan rapportere live-sendingane om dei ser noko som bryt mot retningslinjene til TikTok.
– Det siste kvartalet i 2025 stengde vi ned over 42 millionar livesendingar frå plattforma fordi dei braut med våre retningslinjer, opplyser Lindell.
Brutalt
Alle dei «vaksne» har prøvd å lære oss at det vi ser i sosiale medium, ikkje er ekte, det er glansbilde, det er ikkje verkeleg.
Men kva om vi snur på det, om så berre for eit lite sekund?
Kva om alt du ser i sosiale medium er sant?
Alt innhaldet som ropar på merksemda vår, kva om vi følgjer med og seier ifrå?
– Det vi veit, er at det alltid er to typar internett. Det er glansbildet som vi viser fram i sosiale nettverk, og så er det dei stygge maskene vi kan ta på oss, som tidlegare har vore reservert anonyme nettverk, seier Steffen Krüger.
Han er forskar ved Universitetet i Oslo og har skrive mykje om internettkultur og sosiale medium.
Steffen Krüger er medieforskar ved Universitetet i Oslo, og meiner internett har gjort oss vant til å vise mykje mørkt materiale til kvarandre.
Foto: Jonas Ørbeck Sire / NRKHan meiner at det for mange som tar på seg dei stygge maskene handlar om å skape ei «framferd» som er eigna til å provosere.
– Kva skjer med oss da, når vi får så mykje mørkt innhald presentert?
– Det er eit deprimerande spørsmål, sukkar forskaren.
– Unnskyld.
– Jo, men du har jo rett. Vi må prøve å stå i mot. Eg trur vi har klart å pushe dei gamle standardane og normene for verdiane eit menneskeliv skal ha. Vi har klart å vise så mykje drit til kvarandre at vi ikkje lenger har dei same verdiane. Det er verkeleg ein fare.
Krüger har fått gjenfortalt hendinga du las om i starten. Om direktesendinga der ein mann trugar med å valdta den rusa kvinna som sit ved sidan av han i ein sofa.
– Det er så ufatteleg brutalt, så mykje «disrespekt». Vi kan ikkje berre droppe det. Vi må prøve å appellere til det som er det gode i ein slik person. Vi må seie «du kan ikkje meine dette». Vi må prøve å vere litt betre.
Overvaking
Kven er det som kan halde på med utnytting av kvinner som har ei utviklingshemming?
Og kven er det som skryt av det, ope og sendt direkte ut til alle som har lyst til å sjå?
Tiltalte i saka peika på at han sjølv trudde han hadde ei form for utviklingshemming. Dei sakkunnige i saka har avvist dette.
I retten fortel psykiater Erlend Bugge at dei har stilt diagnosen «dyssosial personlegdomsforstyrring».
Da kjenner ein seg som ein heil person, som fungerer akkurat som ein skal.
– Dei er ikkje plaga, det gjer ikkje vondt, det er ikkje noko ein kan jobbe med, forklarer Bugge.
Om vi samanliknar med fysiologisk sjukdom, kan du peike på kor du har vondt og korfor du har vondt. Truleg kan du også vite kva du skal gjere med det og vere klar over korleis du skal unngå det i framtida.
Slik er det ikkje om du har ei dyssosial personlegdomsforstyrring. Du kjenner ikkje sjølv at noko er gale.
Studiar viser at det er høgare førekomst av psykiske lidingar hos innsette i fengsel enn i befolkninga elles.
Ei undersøking viser at 50 til 80 prosent av innsette har ei eller fleire personlegdomslidingar. Av desse er dyssosial personlegdomsforstyrring den vanlegaste.
Det er også fagleg usemje om behandling funkar.
– Samtaleterapi kan nærmast virke mot si hensikt. Om du forsøker å lære ein med denne forstyrringa kva som ligg i «empati», vil hen lære korleis andre tenker og føler. Den kunnskapen kan ein utnytte til sin fordel, på den dyssosiale måten, seier Erlend Bugge.
Kva kan hjelpe?
Bugge peiker på eit alternativ:
Monitorering.
Eller overvaking, som ein også kan kalle det.
Eventuelt forvaring.
– Han er farleg
– Det ein gjer i det verkelege liv, får verkelege konsekvensar. For verkelege menneske, sa aktor Kirsti Jullum Jensen da ho la ned påstand om forvaring.
– Denne saka handlar ikkje om skodespel. Dei fornærma er ikkje statistar eller rekvisittar. Dette er tvert i mot og i aller høgaste grad verkeleg. Verkeleg utnytting av andre menneske.
Kirsti Jullum Jensen (til høgre) var aktor under rettssaka i Tromsø.
Foto: Kari Anne Skoglund / NRKHo meiner tiltalte har kynisk utnytta tre unge damer med ulike diagnosar for å vinne på det sjølv. Dei har til felles at dei er særleg sårbare.
– Desse jentene har ikkje hatt noko dei skulle ha sagt, seier aktor etter at rettsforhandlingane er over.
Ho er ikkje i tvil om kva som er rett i denne saka.
– Dei sakkunnige er klokkeklare på at han er farleg. Han er farleg for svakarestilte. Nettopp fordi han så målretta går etter dei.
Du kan stoppe
– Det er ikkje alltid lett å varsle, men det kan ha stor betydning og i nokre tilfelle vere heilt avgjerande for å hindre alvorleg kriminalitet og beskytte liv og helse.
Det seier Camilla Shalchian-Tabrizi i Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress (NKVTS).
Alle her til lands har den same plikta: Avverjingsplikta. Ser du noko alvorleg eller har mistanke om at det skjer vald eller overgrep, har du ansvar for å reagere. Både på jobb og privat.
Camilla Shalchian-Tabrizi i Nasjonalt kunnskapssenter om vold og traumatisk stress vil at alle skal vere klar over avverjingsplikta.
Foto: www.gudim.no / Bård GudimMannen i burgersjappa i Tromsø som sa ifrå til politiet, gjorde alt rett, meiner ho.
– Gjeld avverjingsplikta også for innhald ein ser i sosiale medium?
– Det avgjerande er ikkje kor du ser det, men om du får kunnskap eller ein konkret mistanke om at eit alvorleg lovbrot kan skje, seier Shalchian-Tabrizi.
– Så lenge du melder frå på bakgrunn av ei reell bekymring, vil du ikkje få negative konsekvensar, sjølv om det seinare viser seg at situasjonen ikkje var så alvorleg som du trudde.
Ein må varsle, meiner ho.
– Vi har alle eit ansvar for å bry oss. Det var nettopp det som skjedde i denne saka. Når nokon seier ifrå, kan det vere akkurat det som gjer at alvorleg vald eller overgrep blir stansa i tide.
Ring!
I februar i år blei den tiltalte i saka om grov menneskehandel og prostitusjon dømd til forvaring. Ein dom på nesten hundre sider slår fast at samfunnet må skjermast frå denne personen.
Den tiltalte anka dommen til lagmannsretten, og bytta forsvarar etter behandlinga i Nord-Troms og Senja tingrett. I juni blei det klart at lagmannsretten nekta å behandle saka på nytt.
Forsvarar Gunhild Lærum sa følgjande til NRK da avgjerda var klar:
– Min klient er veldig skuffa. Med ei såpass alvorleg sak hadde vi trudd det skulle bli ein ny runde.
Politietterforskar Haakon Gabrielsen Kvandal seier saka har fått han til å tenke mykje.
– Viss ingen hadde sagt noko, hadde vi aldri fått vite om det, antakeleg. For vi sit jo ikkje og monitorerer alle kasus på TikTok.
Politiet er takksame for tipset som kom inn, seier han.
– Det er veldig viktig at folk ringer.
Hei!
Denne saka har fått meg til å tenke mykje i dei månadane eg har jobba med ho. Kanskje du også har nokre tankar etter å ha lese? Da må du gjerne skrive til meg.
Publisert 21.06.2026, kl. 20.33















English (US)