Kua fekk ein krok frå eit straumgjerde i auget: – Det såg brutalt ut

1 month ago 33



– Det såg brutalt ut, seier bonden Lage Ranheim.

Førre veke fekk han bilete av ei av kyrne hans som går på beite i eit fjellområde i Nord-Aurdal i Valdres.

På biletet kunne ein sjå at kua hadde fått ein krok i auget. Kroken kom frå ein isolator til eit straumgjerde.

– Den sat godt fast i augelokket på kua, fortel bonden.

– Ein blir forbanna, redd og frustrert. Ein forstår at dyret har hatt forferdelege smerter.

Ulovleg

Bonden trur kroken høyrde til eit straumgjerde som sto rundt ei hytte i beiteområdet.

– Det er veldig alvorleg. Det er ein grunn til at desse type gjerda er forbode å bruke på denne måten, seier Ranheim.

Straumgjerder krev ofte tilsyn, i tillegg skal det alltid vere kopla til straum, ifølgje Mattilsynet. Difor er det ikkje tillate å bruke slike gjerde rundt hytter.

– Eg tok ei runde i beiteområdet vårt og telte til ti-tolv hytter som var gjerda inn med straumgjerde. Det var berre ved ei av hyttene at straumen faktisk stod på, hevdar han.

Lage Ranheim

Lage Ranheim driv med mjølk- og kjøtproduksjon og er avhengig av å kunne ha dyra på utmarksbeite. Han meiner også at det er plass til alle i fjellet, men at ein må ta omsyn til kvarandre.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Årsaka til at straumgjerder skal vere kopla til straum, er mellom anna for at dyra ikkje skal miste respekt for gjerda.

– Dyra forstår når gjerda ikkje har straum. Då står dei gjerne der og tøyer seg, klatrar over, og kanskje hekter ein fot inn i tråden.

– Om ein strekk tråden langt nok, blir den nærast som ein strikk, fortel han.

Isolatoren som sat i auget på kua. Den har to store krokar på kvar side, og ein plastikkdel i midten.

Dette er isolatoren som festa seg i augeloket til kua. I den svarte plastdelen i midten, sit det vanlegvis ein skrue som har vore festa i ein stolpe, medan krokane på sidene held tråden på plass.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Til slutt kan isolatoren ryke, og den kan kome fort. Om ein har maks uflaks, kan kroken huke seg fast i dyret, forklarar Ranheim.

– Det er det som har skjedd her, trur han.

– Plass til alle

– Det er tragisk at slike ting skjer, seier Erik Helli i Noregs Hytteforbund.

Han forstår at hytteeigarar vil gjerde inn hytta si for å verne eigedomar og verdiar, men meiner det er viktig å ta omsyn til dyra.

– Hyttene har ein annan standard no enn for 20–30 år sidan. Mange ønsker å gjerde inn tomta si, men skal ein gjere det, er det viktig å gjere det etter forskrifta.

Erik Helli

– Vi har ingen problem med å forstå at dyra har godt av å gå i fjellet om sommaren, men hytteeigarane må også ha lov til å kunne gjerde inn arealet sitt, så lenge det er gjort på rett måte, meiner Erik Helli i Noregs hytteforbund.

Foto: Roar Berntsen / NRK

Helli meiner det er god plass til både folk, fe og hytter i fjellet, men at ein må ta omsyn til kvarandre.

– Det må vere mogleg å finne gode løysingar. Det bør vere plass til alle.

– Eg har ikkje snakka med mange hytteeigarar som ikkje ønsker husdyr i umiddelbar nærleik. Det har med kultur, men ikkje minst å pleie kulturlandskapet, å gjere.

Aukande problem

Ranheim, som har drive med mjølk- og kjøtproduksjon i over 30 år, seier utmarksbeite er svært viktig for å få drifta til å gå rundt.

I tre månader går dyra hans på fjellet. Denne sommaren slapp han 35 kyr.

Bonden Lage Ranheim saman med kua

Kua får godt med stell i fjøset heime på garden. Det ser ut til å ha gått bra med ho.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

Han fortel at konfliktnivået er lågt i området der han har dyr, men han meiner at særleg eitt problem har blitt større i løpet av dei tre tiåra han har hatt dyr på fjellet.

– Det med ulovlege gjerde blir det berre meir og meir av. I tillegg til piggtråd eller trådgjerde som ligg nede, seier han.

Det stadfestar også Astri Ham, avdelingsleiar i Mattilsynet.

– Bruken av mellombelse gjerde rundt hytter er eit aukande problem, seier ho.

Astri Ham, avdelingssjef i Mattilsynet, region Øst

Avdelingssjef i Mattilsynet, Astri Ham, seier dei får fleire meldingar og bilete av dyr som sit fast plastnetting eller straumgjerder rundt hytter. Om ein vil ha, og kan sette opp gjerde på hytta, meiner ho at ein bør sette opp eit permanent gjerde.

Foto: Tordis Gauteplass / NRK

Ifølgje Ham får Mattilsynet mange meldingar og bilete av mellom anna sau som sit fast i plastnetting eller straumgjerder rundt hytter.

Treng ettersyn og stell

Det er Mattilsynet som har ansvar for tilsyn med dyrevelferd og forvaltar lova om dyrevelferd.

Det er den som set opp eit gjerde som har ansvaret for at dyr ikkje skadar seg på dette, fortel Ham.

– Ein skal føre nødvendig, helst dagleg tilsyn med straumgjerder. Dette kan bli vanskeleg for hytteeigarar å følge opp, og vi tillèt difor ikkje slike gjerde rundt hytter, seier ho.

– Om ein ønsker gjerde rundt hytta, meiner vi at ein bør ein sette opp eit permanent gjerde. Det er viktig å hugse på at også desse treng ettersyn og stell, då alle gjerde utgjer ein mogleg fare for dyr.

NRK er ikkje kjend med kven som eig straumgjerdet som kua skada seg på.

Lykkeleg slutt

Trass i at det var millimeter frå å gå gale med kua, ser alt ut til å ha gått bra.

– Veterinæren fekk ut kroken og hadde god tru den natta vi henta kua. Det ser ut til at vi fekk berga ho, seier Ranheim.

Ku i fjøset

Kua, som ikkje har eit namn, men nummer 1900, stod einsam i fjøset og lengta til flokken på fjellet medan ho venta på å bli friskmeld.

Foto: Stine Bækkelien / NRK

– Vil du seie at ho hadde flaks?

– Ja visst er det flaks, seier bonden.

Kua vart ståande i fjøset i nokre dagar før ho vart friskmeldt og fekk kome tilbake til flokken på fjellet.

Hei!

Har du tankar om saka du har lese? Eller har du tips til andre saker eg bør sjå på? Send meg gjerne ein e-post!

For ordens skuld: Lage Ranheim er i slekt med ein tilsett i NRK Innlandet. Vedkommande har ikkje vore involvert i arbeidet med denne saka.

Publisert 16.08.2024, kl. 14.01

Read Entire Article