Kritiserer Danby Choi: – Inntar dryge meiningar for å få merksemd

3 hours ago 2



– Det har vore krevjande å stille kritiske spørsmål til Danby Choi, meiner Manifest-redaktør Magnus Marsdal.

– Det har vore ei negativ oppleving. Choi unngår fakta og held Subjekt-lesarane i mørket om heilt grunnleggande spørsmål som blir reiste i kritikken mot han, held Marsdal fram.

Med det held dei to redaktørane fram ordkrigen dei har hatt den siste veka, etter ein oppheta diskusjon i Politisk kvarter førre torsdag.

Marsdal: – Vanskeleg å få tak på kva Choi meiner

Marsdal meiner Choi ikkje er tydeleg på kva han eigentleg står for.

– Han verkar ikkje spesielt engasjert. Det er vanskeleg å få tak på kva han meiner.

Marsdal meiner Subjekt spelar ei aktiv rolle i å forsterke polariseringa i samfunnsdebatten.

en person som står på et podium

Manifest-redaktør Magnus Marsdal.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

– Subjekt ser ut som eit importagentur for kulturkrig. Han får fyr på polariseringsbålet. Når han ikkje kler seg ut som riddaren av nyansert debatt, er det som ein pyroman utkledd som brannkonstabel.

Subjekt-redaktør Danby Choi seier han er klar over at han sjølv tar stor plass i avisa han leier.

– Eg må innrømme at Subjekt er ei avis med litt vel mykje hovudperson. Men eg ser det som mi plikt å vere til stades og bruke dei plattformene eg får. I offentlegheita prøver eg å delta i debatten så godt eg kan, seier Choi.

en mann som står på et podium

Subjekt-redaktør Danby Choi.

Foto: Frida Wattne Lindland / NRK

Konflikten mellom dei to handlar om korleis ein skal omtale aktivisten Charlie Kirk.

Les meir om Kirk lenger ned i saka.

MDG-politikar Eivind Trædal er også deltakar i kveldens debatt.

Han meiner Choi sin debattstil handlar meir om å vekke oppsikt enn å bidra til opplyst samtale.

– Eg registrerer at han har eit mål om å vere med i debatten. Choi inntar dryge meiningar for å få merksemd, seier Trædal.

Kritiserer Subjekt for å bidra til hets

Kristine Jentoft fekk Kim Frieles minnepris saman med Luka Dalen Espeseth for arbeidet med å motverke desinformasjon om transpersonar.

– Milepælen det var å få den prisen for meg, det blei ekstremt forsura fordi det førte til ein ekstrem mengde hets og trakassering, sa Jentoft i Debatten.

Ho meiner Subjekt har bidratt til eit fiendtleg klima for transpersonar, og viser til at det er publisert fleire hundre saker om temaet.

Ho viser til at avisa har skrive rundt 40 saker om henne personleg.

Subjekt-redaktør Choi avviser at kritikken hans var retta mot prisvinnarane, og seier han reagerte på regjeringas bruk av ordet «desinformasjon» i ei politisk ladet sak.

– Som redaktør og kritikar må ein ofte bite tenna saman og tenkje at no er eg litt slem. Den jobben eg gjer, handlar ofte om å tråkke på nokre tær, sa Choi.

Han meiner det er problematisk dersom regjeringa hyllar éi side i ein pågåande debatt om kjønn.

Kven var Charlie Kirk og kvifor kranglar dei om han?

Charlie Kirk var ein konservativ aktivist og grunnleggar av Turning Point USA.

TPU er ein organisasjon som mobiliserte unge amerikanarar til støtte for høgresida og kristennasjonalistiske verdiar.

Kirk blei drepen i eit attentat under eit offentleg arrangement ved Utah Valley University i september i år.

En gruppe mennesker som går

Charlie Kirk, her under ein turné kalla You're Being Brainwashed» kasta han MAGA-capser til publikum då han tala ved University of Nevada i Reno 8. oktober 2025.

Foto: ANDRI TAMBUNAN / AFP / NTB

Konflikten mellom Choi og Marsdal handlar om korleis ein kan tolke og omtale den avdøde amerikanske kristennasjonalisten Charlie Kirk.

Choi har kalla han ein «forbilledlig» representant for ytringsfridomen, og viser til at Kirk reiste rundt på universitet og debatterte med studentar.

Marsdal meiner Kirk står for ekstreme og fascistiske haldningar.

Han skulda Choi for å «reinvaske antidemokratiske krefter» i eit innlegg i Morgenbladet.

Han viser også til at Kirk har sagt at Joe Biden, den amerikanske presidenten burde få dødsstraff for landsforræderi.

I tillegg viser Marsdal også til at Kirk skrytte av å sende 80 bussar med demonstrantar til Washington D.C. før storminga av Kongressen i 2021.

Etter debatten i NRK førre veke heldt dei fram med å krangle, både på Facebook og i avisspalter.

I eit intervju med Klassekampen la ikkje Marsdal ikkje skjul på kva han meiner om Choi.

– Han skriv som ein syttenåring, og han tenker som ein tolvåring.

To menn i dressjakke går

Magnus Marsdal og Danby Choi, bilete frå sist dei møtest i Politisk Kvarter.

Foto: Milana Knezevic / NRK

I etterkant la han ut ei unnskyldning på Facebook:

– Eg må ta sjølvkritikk for litt mykje Møllers Tran i intervjuet i Klassekampen i dag.

Nysgjerrig på kva som blei sagt i Politisk kvarter? Lytt her:

Publisert 28.10.2025, kl. 21.05 Oppdatert 28.10.2025, kl. 21.59

Read Entire Article