Kristine Uhlving Røreng (22) frå Mo i Rana skal på sin aller første backpackertur til Søraust-Asia.
Det siste året har ho budd i Trondheim og jobba hardt for å spare pengar til eigenkapital, men prioriteringane endra seg.
– Om eg kjøper bustad utan å ha opplevd meir av verda, føler eg at eg går glipp av noko. Eg har lyst til å oppleve meir først, så då brukar eg heller pengane på å reise no. Bustadkjøpet kan vente.
Det var berre eitt problem.
Ingen i venegjengen hadde moglegheit til å bli med.
Reisa Røreng har planlagt skal vare mellom 1,5 til 2 månader.
Foto: Privat– Sidan eg ikkje tør å reise heilt aleine, såg eg på dette som ei moglegheit til å få med meg nokon. Det kjennest litt tryggare.
Derfor la ho ut ein annonse på Facebook der ho jaktar etter ein eller fleire framande til å bli med.
– Det hadde jo vore veldig fint å sjå tilbake på dette saman med mine næraste vener. Men når dei ikkje kan, må eg gjere det for mi eiga skuld. Eg kan ikkje sitte og vente på at dei kanskje får moglegheit ein gong i framtida.
Gjer ein «bakgrunnssjekk» først
Nordlendingen har sett fleire som har lagt ut liknande innlegg på sosiale medium. Det gjorde at ho fekk ideen til å gjere det same.
– Det er noko nytt og spennande. Det blir kanskje litt skummelt i starten, men det er ein fin måte å utvikle seg på, og å gå litt ut av komfortsona, seier ho.
Innlegget har vore publisert i ei veke, og til no har ho fått god respons frå tre-fire personar, seier ho.
Røreng vil reise til blant anna Thailand, Laos og Vietnam.
– Eg har søkt dei opp for å forsikre meg om at dei verkar som ordentlege folk.
Røreng prøver å møte nokre av dei som bur i nærleiken for å bli betre kjend. Klaffar det ikkje – leitar ho vidare etter andre «kandidatar».
– Eg håpar vi blir gode vener. Om ein ikkje kjem overeins blir det kanskje litt utfordrande, men ein møter jo gjerne fleire folk på turen.
Del av ein trend
Reiselivsforskar Kjersti Ruud Walaas stadfestar at Røreng er del av ein trend.
Reiselivsforskar Kjersti Ruud Walaas trur nordmenn har endra kulturen sin mot å vere meir open mot framande, særleg når det gjeld turisme.
Foto: Privat– Det er ein aukande trend i reiselivet at folk reiser aleine og på gruppeturar med framande, så folk har blitt ganske tøffe synest eg.
Reiseselskapa Ticket, Apollo og Vitus Reiser merkar at det er ein auke i talet på personar som bestiller reiser aleine og gruppereiser.
– Der vi opplever størst auke blant soloreisande er på sportshotella våre og arrangerte treningsreiser, seier kommunikasjonssjef i Apollo, Beatriz Rivera.
Reiseselskapa melder om at det er ei overvekt av kvinner som reiser aleine. Det overraskar ikkje reiselivsforskar Walaas.
Ho trur det er fleire kvinner som reiser aleine, fordi dei ofte tek initiativ til ting når det gjeld å reise.
– Kvinner er ofte meir utforskande og søkande i turiståtferda si.
Ifølge Walaas har det blitt større aksept for å reise aleine og å søke reisepartnar på sosiale medium.
– Vår generasjon er meir skeptisk til det, men dei unge er ikkje det i like stor grad, og har vakse opp i ei sterkare digital verkelegheit.
– Dei som reiser aleine i grupper med framande er ofte trygge og opne menneske som er komfortable i sitt eige selskap, og med framande. Det er ein modenskap i å gjere det. Derfor trur eg dei har ei god vurderingsevne i høve til andre menneske.
Lågare terskel for å reise aleine
Også reiselivsekspert Odd Roar Lange, kjend som The Travel Inspector, peikar på at terskelen for å reise med framande har vorte lågare.
– Sosiale medium har senka terskelen betydeleg, seier Odd Roar Lange som blant anna er journalist for DinSide og Dagbladet.
Foto: Annabelle Kårvåg Sørensen / NRK– Tidlegare var ein gjerne tilvist til kontaktannonsar i aviser, organisasjonar eller kjende. No kan den som vil legge ut eit innlegg i ei Facebook-gruppe, og få kontakt med titals potensielle reisepartnarar i løpet av få timar.
– Mange ønsker å reise, men manglar vener eller familie som kan eller vil bli med.
Lange peikar på at økonomi, tryggleik og fleksibilitet er dei største drivarane.
Han trur vi kjem til å sjå meir av slike som Røreng framover.
– Sosiale medium gjer det enklare enn nokon gong å finne menneske med same interesser, budsjett og reiseplanar. Det gjer at terskelen for å reise med ein framand er langt lågare enn han var for berre ti år sidan.
Blei du inspirert?
Dersom du ønsker å gjere det same som Røreng, så kan det vere greitt å ha ei forventningsavklaring.
– Ein kan ha heilt ulike forventningar til budsjett, komfort, døgnrytme, alkoholbruk, aktivitetar og tempo. Det som fungerer godt i ein chat på Facebook, fungerer ikkje nødvendigvis når ein står saman på ein busstasjon i Thailand etter ti timar på reise.
Lange påpeikar at den største fella, er at man eigentleg ikkje kjenner personen ein skal reise med.
Råd frå reiseekspert Lange:
- Møt personen fysisk eller ha fleire videosamtalar før avreise.
- Start gjerne med ein kortare tur før du forpliktar deg til ei lang reise.
Råd frå reiselivsforskar Walaas:
- Stol på intuisjonen og lytt til magekjensla di undervegs.
- Gjer nødvendige bakgrunnssjekkar av personen før avreise.
Publisert 04.07.2026, kl. 17.38














English (US)