Krisemøte i Eurovison – skal stemme over om israelsk deltaking i Eurovison

4 days ago 13



I eit brev frå arrangøren European Broadcasting Union (EBU) blir TV-kanalene kalla inn til eit ekstraordinært møte. Der skal dei etter planen stemme over om Israel skal få delta i konkurransen i 2026.

– Vi har mottatt brevet, seier NRKs underhaldningsredaktør Charlo Halvorsen til NRK.

Det var VG som først omtala saka.

The New York Times skriv at møtet skal bli halde i byrjinga av november.

Fleire europeiske kringkastarar har sagt at dei vil boikotte arrangementet i Wien i Austerrike i mai neste år.

Torsdag hadde fleire demonstrantar møtt opp utanfor NRK for å krevje at NRK også trekker seg.

Read Entire Article