Partileiar Dag Inge Ulstein har hatt livvaktar den siste perioden. Det stadfestar Kristeleg Folkeparti til NRK.
Avisa Dagen omtala saka først. Avisa skriv at det mellom anna skjer på grunn av ekstra trykk rundt konflikten om Israel og Gaza.
NRK får opplyst det same.
Fysiske konfrontasjonar
Det skal ha vore trykk mot partileiaren frå palestinaaktivistar sidan 7. oktober 2023, på grunn av Israel-linja til partiet.
I valkampen skal det ha tatt seg veldig opp og eskalert til fleire konfrontasjonar.
Aktivistar skal mellom anna ha oppsøkt fleire interne, men opne KrF-arrangement fleire stader i landet den siste tida, ifølge arrangørane.
Vil ikkje kommentere sikkerheit
Politiets sikkerheitsteneste skriv i ein e-post til Dagen at dei ikkje kan kommentere sikkerheita og tiltak rundt enkeltpersonar.
Ulstein skriv følgande i ein sms til NRK:
– Vi har ikkje høve til å uttale oss om nivå på sikkerheitstiltak, men sikkerheita er auka no inn mot sluttfasen av valet.
Venta hets og truslar
PST har i mange år vore involvert for å trygge politikarar i valkampar. I 2021 hjalp dei ungdomspolitikarar, og i 2017 var det frykt for terror i valkampen.
I 2022 såg dei ein auke i hets og sjikane mot politikarar, og politikarar slutta som følge av dette.
– Vi ventar også hets og truslar mot myndigheitspersonar når kontroversielle saker får mykje mediemerksemd, særleg i samband med stortings- og sametingsvalet til hausten, skriv PST-sjef Beate Gangås i trusselvurderinga for 2025.
Publisert 03.09.2025, kl. 12.09 Oppdatert 03.09.2025, kl. 12.57